Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Løyvinga dekker staten sine utgifter knytt til drift av Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) og staten sine plikter som følge av utbygging og drift av Nødnett. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 60 mill. kroner. Som ein del av regjeringa sitt samla budsjettforslag, blir det foreslått å redusere løyvinga med 1 mill. kroner. Samla blir det foreslått å redusere løyvinga med 61 mill. kroner.
Grunna endring av betalingsmilestolpar er det behov for å auke løyvinga. Auken skuldast vidare behov for tilleggskjøp frå etatar og andre Nødnettbrukarar gjennom DNK sine kontraktar med leverandør. Dette medfører også auke av løyvinga på kap. 3456 post 2. Det blir foreslått å auke løyvinga med 160 mill. kroner.
Løyvinga dekker brukarbetaling knytt til utgifter til drift av Nødnett. Det er venta lågare inntekter frå abonnementsordninga enn tidlegare vurdert. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 7 mill. kroner.
Løyvinga dekker refusjonar frå brukarane av Nødnett i forbindelse med at DNK har variable drifts- og utbyggingsutgifter som blir initiert av brukarane. Det blir foreslått å auke løyvinga med 95 mill. kroner.
Det blir forventa reduksjon i refusjonar frå Nødnett sine brukarar i trinn 2-området knytt til løpande driftsutgifter for Nødnett-utstyr, jf. også omtalen knytt til nedjusteringar på kap. 456 post 1. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 6 mill. kroner.