Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Over jordbruksavtala blir det løyvd særskilde midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket. Innovasjon Norge si kundeeffektundersøking frå 2010 syner at ein stor del av dei som har motteke etablerartilskot innanfor landbruket vurderer at tilskotet har stor verdi for overleving, lønnsemdsutvikling og auka omsetnad. 95 pst. av dei spurde sa at prosjektet ikkje hadde blitt gjennomført utan støtte frå Innovasjon Norge. 93 pst. sa at Innovasjon Norge i stor grad hadde medverka til auka samarbeid.
Gründerar får ofte god hjelp i starten, men har behov for støtte og hjelp også i fasen etter etablering. Nettverk eller mentorar kan vere viktige tiltak her. Innovasjon Norge har ei eiga mentorteneste for gründerar. Tenesta vart evaluert av Oxford Research i 2014. Evalueringa viste at tenesta fungerte relativt godt, med nokre behov for tiltak for å vidareutvikle ordninga. I jordbruksoppgjeret i 2014 vart det avsett 4 mill. kroner til ei fleirårleg satsing på rekruttering og gründerskap. Målsetjinga var auka rekruttering og å lyfte fram fleire gode gründerar gjennom «beste praksis». Departementet ynskjer å bruke denne satsinga til å prøve ut ei mentorordning i landbruket. Mandatet skal utarbeidast i samarbeid med avtalepartane i jordbruket, og arbeidet skal setjast i gong i 2015.
SIVA sitt program for inkubatorar skal hjelpe til med å identifisere, vidareutvikle og kommersialisere gode idear til nye vekstbedrifter, og gje vekst i etablerte verksemder. Fire av inkubatorane rettar seg mot utvikling av vekstbedrifter innan landbruksbaserte næringar. I 2015 er i alt 39 bedrifter knytt til desse inkubatorane. Kvalifisert rettleiing i etableringsprosessen er ofte avgjerande for om nyetableringar lukkast, og gjennom inkubatorane får bedriftene tett oppfølging frå personar med lang røynsle frå etablerarverksemd.