Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
«1. Stortinget ber regjeringa sjå til at det igangsette arbeidet i Vegdirektoratet om å kartleggje økonomiske og administrative konsekvensar ved ei eventuell nasjonal regulering vedkomande alkolås, blir koordinert godt med norsk deltaking i det pågåande grunnlagsarbeidet for eit eventuelt EU-direktiv knytt til alkolås. Det vert forventa at svaret på det igangsette arbeidet i Vegdirektoratet føreligg innan hausten 2015. 2. Stortinget ber regjeringa, når svaret på arbeidet da føreligg, å fremje forslag om innføring av alkolås og korleis dette best kan innfasast i køyretøy på veg som driv persontransport mot vederlag. 3. Stortinget ber regjeringa også vurdere behovet for overgangsordningar eller statlege insentivordningar for å sikre rask og smidig innfasing av alkolås i dei køyretøya som vil bli omfatta av ei regelendring knytt til alkolås.»
Samferdselsdepartementet uttaler i brev 18. januar 2016:
«Oppfølging av vedtaket er omtalt i del III i Prop. 1 S (2015–2016) for Samferdselsdepartementet. Det blir opplyst at departementet vil som i dag følgje rettsutviklinga i EU på området nøye. Vegdirektoratet er bedt om å utgreie og utarbeide forslag i tråd med vedtaket frå Stortinget, om å innføre alkolås i køyretøy på veg som driv persontransport mot vederlag.
I Innst. 13 S (2015–2016) siterer transport- og kommunikasjonskomiteen oppmodingsvedtaket, men kjem ikkje med ytterlegare kommentarar.
Utgreiinga frå Vegdirektoratet let seg ikkje gjennomføre innan hausten 2015 slik Stortinget har forventa. Arbeidet er omfattande i omfang og kompleksitet, og har vidtrekkande konsekvensar særleg for transportbransjen. Samferdselsdepartementet har derfor sett det som nødvendig å gi Vegdirektoratet utsett frist til august 2016 for å levere eit samla grunnlagsmateriale til departementet. Etter at Vegdirektoratet har kome med si utgreiing vil departementet leggje opp til ein grundig og open prosess og sende forslaga på høyring. Departementet vil på egna måte kome tilbake til Stortinget med saken.»
Komiteen viser til at Samferdselsdepartementet opplyser at det vil komme tilbake til Stortinget med saken. Komiteen avventer dette før vedtaket kvitteres ut.