Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Årsmelding 2015 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Dette dokument

  • Innst. 292 S (2015–2016)
  • Kildedok: Meld. St. 26 (2015–2016)
  • Dato: 19.05.2016
  • Utgiver: arbeids- og sosialkomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Lov 16. desember 2011 nr. 60 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter og regjeringsmedlemmer (stortings- og regjeringspensjonsloven) blei sett i kraft 1. januar 2012. Frå same tidspunkt blei lov 14. desember 1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder og lov 12. juni 1981 nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter oppheva.

I samsvar med lovens § 8-1 blir det her lagt fram ei melding om utviklinga i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer i 2015. Meldinga inneheld ei oversikt over dei viktigaste ytingane i pensjonsordninga etter nye og gamle oppteningsreglar og ei oversikt over utviklinga i ordninga i 2015.

I kapittel 2 i meldinga er det gjort greie for pensjonsordninga.

1.2 Utviklinga i 2015 for pensjonar opptente som stortingsrepresentantar

Totalt 391 personar fekk ved utgangen av 2015 pensjon frå stortingspensjonsordninga (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon). Det er i kapittel 3 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn, samt gjennomsnittleg pensjonssalder.

Alderspensjon

Ved inngangen til 2015 var det 262 alderspensjonistar i ordninga mot 272 personar per 31. desember 2015. Det har vore ein avgang på sju personar og ein tilgang på 17 personar. I føregåande stortingsmelding blei det rapportert at talet på alderspensjonistar per 31. desember 2014 utgjorde 257 personar. Avviket skuldast at enkelte pensjonar er innvilga med verknad tilbake i tid. Tala i årsmeldinga for 2015 kan derfor ikkje direkte jamnførast med tilsvarande tal i årsmeldinga for 2014.

Uførepensjon

Ved inngangen til 2015 var det fire uførepensjonistar i ordninga mot ein per 31. desember 2015. Det har vore ein avgang på tre personar.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2015.

Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2015 var det 122 ektefellepensjonistar i ordninga mot 115 personar per 31. desember 2015. Det har vore ein avgang på ti personar og tilgang på tre personar.

Ved inngangen til 2015 tok tre personar imot barnepensjon. Det har ikkje vore nokon tilgang eller avgang av personar med barnepensjon i 2015.

Rekneskap for 2015

Pensjonane blir dekte over kapittel 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 69 932 458 kroner til pensjonar og 1 577 460 kroner til administrasjonskostnader.

1.3 Utviklinga i 2015 for pensjonar opptente som regjeringsmedlemer

Ved utgangen av 2015 fekk totalt 102 personar ein pensjon frå pensjonsordninga (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

Det er i kapittel 4 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn, samt gjennomsnittleg pensjonsalder.

Alderspensjon

Ved inngangen til 2015 var det 71 alderspensjonistar i ordninga mot 72 personar per 31. desember 2015. Det har vore ein avgang på ein person og ein tilgang på to personar. I føregåande stortingsmelding blei det rapportert at talet på alderspensjonistar per 31. desember 2014 utgjorde 70 personar. Avviket skuldast forseinka registrering av eit medlem som skulle vore med i talet for 2014. Tala i årsmeldinga for 2015 kan derfor ikkje direkte jamnførast med tilsvarande tal i årsmeldinga for 2014.

Uførepensjon

Ved inngangen til 2015 var det to uførepensjonistar i ordninga. Det har ikkje vore nokon tilgang eller avgang av uførepensjonistar i 2015.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2015.

Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2015 var det 25 ektefellepensjonistar i ordninga mot 24 personar per 31. desember 2015. Det har vore ein avgang på to personar og ein tilgang på ein person. I føregåande stortingsmelding blei det rapportert at talet på ektefellepensjonistar per 31. desember 2014 var 24 personar. Avviket kjem av at ein pensjon er innvilga med verknad tilbake i tid. Tala i årsmeldinga for 2015 kan derfor ikkje direkte jamnførast med tilsvarande tal i årsmeldinga for 2014.

Ved inngangen til 2015 tok tre personar imot barnepensjon mot fire personar per 31. desember 2015. Det har vore ein tilgang på ein barnepensjon i 2015.

Rekneskap for 2015

Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir løyvd under kap. 612 Tilskudd til Statens pensjonskasse. I statsrekneskapen blei det utgiftsført 13 392 999 kroner til pensjonar og 315 266 kroner til administrasjonskostnader.

1.4 Sentrale hendingar i 2015

Ved lov 7. mars 2014 nr. 5 blei reglane om uførepensjon for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer endra med verknad frå 1. januar 2015 og tilpassa nye reglar som samstundes blei vedtekne for Statens pensjonskasse. Det er i kapittel 5 i meldinga gjort nærare greie for desse endringane.

Det er utført inntektskontroll på alle som tek imot pensjon etter 75-årsregelen. Denne regelen gir stortingsrepresentantar som har oppteningstid i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar, moglegheit til å ta ut pensjon før 65 år. Breva om dette blei sende ut i byrjinga av 2015, og gjaldt kontroll for inntektsåret 2013. Alle som blei kontrollerte, var innanfor gjeldande inntektsgrense.

Dei som er fødde i 1950, og som kan ha opparbeidd seg ein oppsett rett til pensjon frå pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer, fekk brev med informasjon om mogleg pensjonsrett i løpet av 2015.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Dag Terje Andersen, Fredric Holen Bjørdal, Lise Christoffersen og Rigmor Aasrud, fra Høyre, Stefan Heggelund, lederen Arve Kambe, Bente Stein Mathisen og Bengt Morten Wenstøb, fra Fremskrittspartiet, Ingebjørg Amanda Godskesen og Erlend Wiborg, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Venstre, Sveinung Rotevatn, og fra Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Bergstø, viser til årsmeldinga for 2015 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer og har ingen merknader.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og ber Stortinget gjøre slikt

vedtak:

Meld. St. 26 (2015–2016) – om Årsmelding 2015 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer – vedlegges protokollen.

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 19. mai 2016

Arve Kambe

leder og ordfører