Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Pensjonar frå statskassa

Dette dokument

  • Innst. 293 S (2015–2016)
  • Kildedok: Prop. 109 S (2015–2016)
  • Dato: 19.05.2016
  • Utgiver: arbeids- og sosialkomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

I samsvar med Grunnlova § 75 bokstav i, vert det lagt fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.

Det blei i 2015 utbetalt kr 18 031 000. I statsbudsjettet for 2016 er det løyvt kr 18 500 000 på kap. 611 Pensjoner av statskassen.

1.2 Omtale av ordninga

Pensjon frå statskassa er ei særordning som gjev Stortinget høve til å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte.

Pensjonen byggjer ikkje på rettskrav, lov eller forskrift, og blir gjerne omtala som gåvepensjon («billighetspensjon»).

Proposisjonen no gjeld lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Dei er i hovudsak sjølv borgarar i landet der dei arbeider. Nokre av dei lokalt tilsette er norske borgarar, og nokre av desse har òg vanleg tenestetid i Statens pensjonskasse frå 1. januar 1996 gjennom å ha medlemskap i norsk folketrygd.

Lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar skal som ein hovudregel sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar, jf. Utanriksinstruksen.

Utanriksstasjonane skal sjølv syte for at det blir oppretta lokale trygde- og forsikringsordningar, og dei aller fleste er i dag omfatta av slike lokale ordningar. Unnataksvis kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa. Sjølv om pensjonsrettane til dei lokalt tilsette er teke inn i arbeidskontrakten etter utanriksinstruksen, kan tilhøve i tenestelandet, til dømes politisk uro, høg inflasjon og stor uvisse med omsyn til bank- og forsikringsordningar, føre til at vedkomande ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidt seg rett til ved alderdom, uførleik eller tap av forsørgjar.

Utanriksdepartementet har i seinare tid lagt stor vekt på å sørgje for at stasjonane følgjer opp instruksen så langt råd er, og sikre at dei lokalt tilsette ved utanriksstasjonane er med i lokale ordningar.

Det blir gjort klart at pensjon frå statskassa berre blir gitt i særskilde høve. Utanriksdepartementet arbeider vidare med ei breiare kartlegging av arbeidsvilkåra til lokalt tilsette, inkludert pensjonsordningar.

Yting frå lokale pensjonsordningar skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa. Dette gjeld anten utbetalinga er månadleg eller, som i visse tilfelle, som eit eingongsbeløp.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Dag Terje Andersen, Fredric Holen Bjørdal, Lise Christoffersen og Rigmor Aasrud, fra Høyre, Stefan Heggelund, lederen Arve Kambe, Bente Stein Mathisen og Bengt Morten Wenstøb, fra Fremskrittspartiet, Ingebjørg Amanda Godskesen og Erlend Wiborg, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Venstre, Sveinung Rotevatn, og fra Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Bergstø, viser til Prop. 109 S (2015–2016) Pensjonar frå statskassa, som gjelder der lokalt ansatte ved norske utenriksstasjoner ikke har, eller ikke er sikret, de ytelsene de har krav på ved alderdom, uførhet eller tap av forsørger, gjennom lokale ordninger.

Komiteen viser til Stortingets behandling av Prop. 74 S (2013–2014), jf. Innst. 250 S (2013–2014) og Prop. 129 S (2014–2015), jf. Innst. 365 S (2014–2015) som begge omhandler Pensjonar fra Statskassa, der en samlet komité viste til den pågående kartleggingen av arbeidsvilkårene til lokalt ansatte ved norske utenriksstasjoner, inkludert pensjonsordninger. Komiteen understreket da viktigheten av at lokalt ansatte ivaretas på en god måte og uttrykte tilfredshet med at det ble gjort et arbeid for å sikre dette.

Komiteen viser til Prop. 109 S (2015–2016) og ser det som positivt at Utenriksdepartementet følger opp Stortingets signaler i sin kontakt med utenriksstasjonene. Komiteen merker seg at Utenriksdepartementet også arbeider videre med en bredere kartlegging av arbeidsvilkårene til lokalt ansatte, inkludert pensjonsordninger og viser i den forbindelse til komiteens felles merknad i nevnte innstillinger om Norges særlige ansvar for å gå foran med et godt eksempel når det gjelder arbeidsforhold, også når det gjelder lokalt ansatte ved norske utenriksstasjoner.

Komiteen viser for øvrig til regjeringens forslag til vedtak om pensjoner fra statskassa og slutter seg til dette.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Opplysningar om søkjaren

Pensjon

Nr.

Namn

Alder ved avskjeden (for etterlatne, noverande alder)

Tenestestad

Vedteke

Pr. mnd

Gitt frå

Merknad

Utanriksdepartementet

1

Renu Wadehra

60

New Delhi

1.7.2015

7401

1.7.2016

2

Ghulam Mustafa

62

Islamabad

1.7.2015

368

1.1.2011

3

Kjerstin Erdt

67

Genève

1.10.2015

SPK

1.8.2015

Tilleggstid

4

Odd Bjørkvik

67

London

1.10.2015

SPK

1.12.2015

Tilleggstid

5

Silvia Ochoa

62

Guatemala

6.11.2015

1752

1.8.2017

6

Astri Endresen

67

Genève

10.11.2015

SPK

1.2.2016

Tilleggstid

7

Jayantha Daswatte

60

Colombo

17.12.2015

976

1.5.2017

8

Jerzy Kaminski

65

Ottawa

11.3.2016

4143

1.1.2015

9

Vibeke Underhill

67

Genève

14.3.2016

16110

1.4.2016

10

Aleksandr Loktev

55

Murmansk

14.3.2016

1813

1.3.2016

11

Petter Morten Ree

67

London

14.3.2016

SPK

1.4.2016

Tilleggstid

12

Deiv Portnoj

67

Tel Aviv

14.3.2016

18187

1.6.2017

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 19. mai 2016

Arve Kambe

Kirsti Bergstø

leder

ordfører