Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og råder Stortinget til
å gjøre slike vedtak:
A.
vedtak til lov
om endringar i opplæringslova (friare skoleval over fylkesgrenser,
praksisbrevordning m.m.)
I
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande
opplæringa blir det gjort følgjande endringar:
§ 1-3 første ledd skal lyde:
Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå
den enkelte eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og
lærekandidaten.
§ 2-1 andre ledd skal lyde:
Retten til grunnskoleopplæring gjeld når det er sannsynleg
at barnet skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Plikta til grunnskoleopplæring
byrjar når opphaldet har vart i tre månader. Plikta fell
bort dersom eit opphald utanfor Noreg varer i meir enn tre månader. Departementet
kan i særlege tilfelle frita elevar frå denne plikta.
§ 3-1 andre ledd skal lyde:
Elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og
lærekandidatar har rett til opplæring i samsvar med denne lova og
tilhøyrande forskrifter.
§ 3-1 tredje ledd andre punktum skal lyde:
Fylkeskommunen kan etter søknad gi eleven, lærlingen,
praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten løyve til utsetjing
eller avbrot i opplæringa utan at retten tek slutt.
§ 3-1 sjuande ledd skal lyde:
Fylkeskommunen skal tilby anna opplæring dersom ein elev,
ein lærling, ein praksisbrevkandidat eller ein
lærekandidat har særlege vanskar med å følgje den opplæringa som
er vald.
§ 3-1 niande ledd fjerde punktum skal lyde:
Fylkeskommunen kan påleggje elevane, lærlingane,
praksisbrevkandidatane og lærekandidatane å halde seg
med anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig
å ha.
§ 3-2 første ledd skal lyde:
Departementet gir forskrifter om samla tid til opplæring
i den vidaregåande opplæringa, også om samla læretid for lærlingar,
praksisbrevkandidatar og lærekandidatar.
§ 3-3 femte og sjette ledd skal lyde:
Dersom fylkeskommunen ikkje kan formidle opplæring i bedrift
til dei som ønskjer slik opplæring, må også bedriftsdelen av opplæringa
skje i skole. Praksisbrevkandidatar skal få bedriftsdelen
av opplæringa i bedrift.
Fylkeskommunen skal gi tilbod om opplæring som lærlingar,
praksisbrevkandidatar og lærekandidatar ikkje kan få i
lærebedrifta.
§ 3-4 skal lyde:
§ 3-4 Innhald og vurdering i
den vidaregåande opplæringa
Departementet gir forskrifter om trinn og programområde,
om fag, om mål for opplæringa, om omfanget av opplæringa i faga
og om gjennomføringa av opplæringa. Departementet gir forskrifter
om opplæring i fellesfag og programfag for praksisbrevkandidatar. Departementet
gir forskrifter om vurdering av elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar,
privatistar og praksiskandidatar, om klage på vurderinga, om eksamen,
om fag- og sveineprøve, om praksisbrevprøve og
om dokumentasjon. Departementet gir forskrifter om godskriving av
tidlegare gjennomgådd opplæring eller praksis og restopplæring
for praksisbrevkandidatar.
Elevane, lærlingane, praksisbrevkandidatane og lærekandidatane
skal vere aktivt med i opplæringa. Undervisningspersonalet skal
tilretteleggje og gjennomføre opplæringa i samsvar med læreplanar
gitt etter lova her. Rektor skal organisere skolen i samsvar med
forskrifter etter første leddet og i samsvar med §§ 1-1 og 3-3 og
forskrifter etter § 1-5.
Departementet kan etter søknad frå fylkeskommunen gi ein
skole løyve til avvik frå forskrifter om læreplanar. Før slikt løyve
blir gitt, må det liggje føre fråsegn frå skoleutvalet.
Ny § 3-4 a skal lyde:
§ 3-4 a Godkjenning av utanlandsk
fagopplæring
Departementet avgjer etter søknad frå enkeltpersonar om
utanlandsk fag- eller yrkesopplæring skal godkjennast som sidestilt
med norsk fag- eller sveinebrev eller vitnemål. Opplæringa er sidestilt
når ho har same nivå og omfang som den norske vidaregåande opplæringa,
og inneheld mange av dei vesentlege elementa i det aktuelle faget.
Departementet kan gi forskrift om vilkår for godkjenning,
sakshandsaming, klage og avgrensing i klageretten.
§ 3-13 skal lyde:
§ 3-13 Opplæring av elevar,
lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med behov for
alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
Elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og
lærekandidatar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale,
og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få
nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i
opplæringa.
Når ein elev eller lærekandidat ikkje har eller kan få
tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har
eleven eller lærekandidaten rett til spesialundervisning etter reglane
i kapittel 5. Dette inkluderer nødvendig opplæring i bruk av alternativ og
supplerande kommunikasjon.
§ 4-1 skal lyde:
§ 4-1 Kven som er lærling, praksisbrevkandidat
og lærekandidat
Lærling er etter denne lova den som har skrive ein lærekontrakt
med sikte på fagprøve eller sveineprøve i fag som har læretid etter
forskrifter gitt med heimel i § 3-4. Praksisbrevkandidat
er etter denne lova den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte
på praksisbrevprøve. Lærekandidat er etter denne lova
den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre
omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve.
Når lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar
får opplæring i skole, gjeld reglane for elevar.
§ 4-2 skal lyde:
§ 4-2 Særlege rettar og plikter
for lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten
Lærlingen, praksisbrevkandidaten og
lærekandidaten har rett til opplæring i samsvar med lærekontrakten
og opplæringskontrakten.
Lærlingen, praksisbrevkandidaten og
lærekandidaten er arbeidstakarar i den bedrifta dei har teikna arbeidsavtale
med og er plasserte i, med dei rettane og pliktene som følgjer av
lover og tariffavtalar. Der lærlingar, praksisbrevkandidater og
lærekandidatar har teikna både arbeidsavtale og lærekontrakt eller opplæringskontrakt
med same part, kan arbeidsavtalen likevel ikkje hevast utan at lærekontrakten
eller opplæringskontrakten kan hevast etter § 4-5 tredje leddet
og § 4-6 siste leddet.
Når læretida etter kontrakten er over, eller når kontrakten
blir heva etter § 4-6, fell også arbeidsavtalen bort. Dersom lærlingen,
praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten skal halde
fram i bedrifta, må ein ny arbeidsavtale inngåast.
Lærlingar, praksisbrevkandidatar og
lærekandidatar skal ha same tilgang på pedagogisk-psykologisk teneste
som elevar i vidaregåande skole.
Lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande
utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning
etter kapittel 5. For slik opplæring gjeld § 5-1, bortsett frå andre leddet
siste setning, §§ 5-3, 5-4, 5-5 og 5-6 tilsvarande.
§ 4-3 første ledd første punktum skal lyde:
Bedrifter som tek på seg opplæring av ein eller fleire
lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar,
må vere godkjende av fylkeskommunen.
§ 4-3 tredje ledd sjuande punktum skal lyde:
Kvar enkelt bedrift skal ha ein eller fleire instruktørar
som står føre opplæringa av lærlingane, praksisbrevkandidatane og
lærekandidatane.
§ 4-4 skal lyde:
§ 4-4 Rettane og pliktene til
lærebedrifta m.m.
Lærebedrifta pliktar å leggje til rette produksjonen og
opplæringa slik at lærlingen, praksisbrevkandidaten og
lærekandidaten kan nå måla i den fastsette læreplanen. Dersom lærekandidaten
har krav på spesialundervisning etter kapittel 5, skal det utarbeidast individuell
opplæringsplan, jf. § 5-5 første leddet. Lærebedrifta skal utvikle
ein intern plan for opplæringa, for å sikre at lærlingen,
praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten får ei opplæring
som tilfredsstiller krava i læreplanen, eventuelt den individuelle opplæringsplanen.
I fall delar av opplæringa skal givast av andre enn lærebedrifta,
skal lærebedrifta leggje til rette for dette.
Lærebedrifta skal skape eit godt arbeids- og læremiljø.
Arbeids- og opplæringstida til lærlingen, praksisbrevkandidaten og
lærekandidaten skal til saman ikkje vere lengre enn den arbeidstida
som gjeld for andre arbeidstakarar i faget.
Lærebedrifta melder lærlingen til den fagprøva eller sveineprøva
som blir halde nærmast den tida da læretida er
ute. Lærebedrifta melder praksisbrevkandidaten til den
praksisbrevprøva som blir halde nærmast den tida da læretida er
ute. Lærebedrifta melder lærekandidaten til kompetanseprøva. Lærebedrifta stiller
nødvendig arbeidsplass, materiale, reiskapar og assistenthjelp til
rådvelde under prøva. Lærebedrifta får eigedomsretten til produktet.
Dersom fagprøva, sveineprøva, praksisbrevprøva eller
kompetanseprøva blir teken på ein skole og skolen dekkjer materialutgiftene,
får skolen eigedomsretten til produktet av prøva.
Dersom lærebedrifta stansar eller utviklar seg på ein slik
måte at ho ikkje lenger finn det mogleg å gi lærlingen,
praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten tilfredsstillande
opplæring, skal ho melde frå til fylkeskommunen.
Lærebedrifter får tilskot til opplæringa frå fylkeskommunen
etter forskrifter gitt av departementet.
§ 4-5 skal lyde:
§ 4-5 Lærekontrakt og opplæringskontrakt
Det skal opprettast skriftleg lærekontrakt mellom lærebedrifta
og lærlingen når læreforholdet tek til. Det skal opprettast skriftleg
opplæringskontrakt mellom lærebedrifta og praksisbrevkandidateneller lærekandidaten
når læreforholdet tek til. Det skal gå fram av kontrakten kven som
har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa etter den fastsette
læreplanen.
For å bli gyldig må kontrakten godkjennast av fylkeskommunen,
og han får da verknad frå den tida arbeidsforholdet tek til. Kontrakten
skal vise til den eller dei arbeidsavtalane som lærlingen,
praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten har. Departementet kan
gi nærmare forskrifter om innhaldet i og forma på kontrakten.
Lærlingar og praksisbrevkandidatar som
har fylt 21 år og som inngår lærekontrakt eller opplæringskontrakt med
full opplæring i bedrift, jf. § 3-3 sjette leddet, skal ha ei prøvetid
på seks månader. I prøvetida kan både lærebedrifta og lærlingen eller
praksisbrevkandidaten seie opp læreforholdet utan omsyn
til § 4-6. Reglane i arbeidsmiljøloven §§ 15-3 og 15-6 gjeld også
når lærlingen eller praksisbrevkandidaten ikkje
er skriftleg tilsett på ei bestemt prøvetid.
Det er ikkje nødvendig med samtykke frå verje når det blir
skrive kontrakt.
§ 4-6 skal lyde:
§ 4-6 Endring og heving av lærekontrakt
og opplæringskontrakt
Etter samtykke frå fylkeskommunen kan opplæringskontrakten
mellom lærekandidaten og lærebedrifta endrast i løpet av kontrakttida
til ordinær lærekontrakt med fagbrev eller sveinebrev som mål,
eller til opplæringskontrakt med praksisbrevprøve som mål.
Etter samtykke frå fylkeskommunen kan lærekontrakten mellom lærlingen
og lærebedrifta i løpet av kontrakttida endrast til opplæringskontrakt
med kompetanseprøve eller praksisbrevprøve som
mål. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan opplæringskontrakten
mellom praksisbrevkandidaten og lærebedrifta i løpet av kontrakttida
endrast til opplæringskontrakt med kompetanseprøve som mål, eller til
lærekontrakt med fagbrev eller sveinebrev som mål.
Lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan hevast av
partane dersom dei er samde om det og etter at lærebedrifta har
orientert fylkeskommunen skriftleg om det.
Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakten hevast
av både lærebedrifta og av lærlingen, praksisbrevkandidaten eller
lærekandidaten dersom
a) den andre parten gjer seg skyldig i vesentlege brott
på pliktene sine i arbeidsforholdet
b) lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten
eller lærebedrifta viser seg ute av stand til å halde fram i læreforholdet,
eller
c) Lærlingen, praksisbrevkandidaten eller
lærekandidaten skriftleg seier frå at det er ei urimeleg ulempe
for han eller ho å halde fram ut kontrakttida
Fylkeskommunen avgjer i tilfelle når læreforholdet skal
ta slutt. Lærebedrifta skal skrive ut ein attest for den delen av
kontrakttida som er gjennomført med ei fråsegn om denne delen av
opplæringa.
Når lærlingen, praksisbrevkandidaten eller
lærekandidaten frivillig hevar kontrakten, fell retten til vidaregåande
opplæring etter § 3-1 bort dersom fylkeskommunen ikkje vedtek noko
anna. Når det blir gjort vedtak om å heve ein kontrakt etter krav
frå lærebedrifta, beheld lærlingen, praksisbrevkandidaten eller
lærekandidaten retten til vidaregåande opplæring med mindre vedtaket
fastset at retten fell bort.
Før det blir gjort vedtak om heving etter krav frå lærebedrifta
eller før det blir gjort vedtak om tap av rettar, skal lærlingen,
praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten kunne forklare
seg munnleg for den som skal gjere vedtaket.
Etter samtykke frå fylkeskommunen kan læretida avbrytast
i samband med permisjon.
Dersom lærebedrifta stansar eller ikkje lenger fyller vilkåra
for godkjenning etter § 4-3, eller dersom fylkeskommunen finn at
opplæringa ikkje er tilfredsstillande, skal fylkeskommunen søkje
å skaffe lærlingane, praksisbrevkandidatane eller
lærekandidatane ny læreplass for resten av kontrakttida. Den nye
lærebedrifta går inn i kontrakten i staden for den tidlegare lærebedrifta.
Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakttida i den nye lærebedrifta
gjerast inntil eitt år lengre dersom opplæringa har vore mangelfull.
Lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan ikkje endrast
eller hevast på annan måte enn etter denne paragrafen. Unntak gjeld
for lærlingar og praksisbrevkandidatar som har
prøvetid etter § 4-5 tredje leddet.
§ 4-7 skal lyde:
§ 4-7 Internkontroll i den enkelte
lærebedrifta
Lærebedrifta skal ha intern kvalitetssikring, slik at lærlingen,
praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten får opplæring
i samsvar med lova her og forskrifta til denne. Ein eller fleire
representantar for arbeidstakarane skal saman med den eller dei
faglege leiarane jamleg sjå til at lærebedrifta følgjer pliktene etter
opplæringslova med forskrift.
Lærebedrifta skal årleg rapportere til fylkeskommunen om
opplæringa av lærlingar, praksisbrevkandidatar og
lærekandidatar. Departementet kan gi nærmare forskrifter om rapporteringsplikta
til lærebedrifta.
§ 4-8 tredje ledd skal lyde:
Fylkeskommunen skriv ut fagbrev, sveinebrev og
praksisbrev på grunnlag av greidd prøve, og kompetansebevis
for opplæring som er gjennomført.
§ 4A-1 nytt andre ledd skal lyde:
Kommunar og fylkeskommunar kan òg tilby grunnskoleopplæring
etter første ledd til dei som har rett til vidaregåande opplæring
etter § 3-1, men som har behov for meir grunnskoleopplæring for
å kunne fullføre vidaregåande opplæring.
§ 4A-1 noverande andre og tredje ledd blir tredje
og fjerde ledd.
§ 4A-4 første ledd skal lyde slik:
For opplæring etter dette kapitlet gjeld § 13-1 med
unntak av andre ledd, §§ 13-2 til 13-3a og § 13-10.
§ 9-5 andre ledd blir oppheva. Noverande tredje ledd blir
andre ledd.
§ 13-3 skal lyde:
§ 13-3 Plikt for fylkeskommunen
til å sørgje for vidaregåande opplæring
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til vidaregåande opplæring
etter denne lova for alle som er busette i fylkeskommunen.
Fylkeskommunar som har ledig kapasitet, har plikt
til å gi tilbod til søkjarar frå andre fylke. Heimfylket skal refundere
utgiftene til vertsfylket for dei som får skoleplass i eit anna
fylke enn der dei bur. Departementet gir forskrift om slik refusjon.
Fylkeskommunen skal gi tilbod til søkjarar utan rett etter
§ 3-1 eller § 4A-3.
Departementet gir forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle
om kven som skal reknast som busett i fylkeskommunen. Departementet kan
påleggje fylkeskommunen å setje i gang vidaregåande opplæringstilbod
som omfattar søkjarar frå andre fylke.
Fylkeskommunen skal planleggje og byggje ut det vidaregåande
opplæringstilbodet under omsyn til blant anna nasjonale mål, ønska
til søkjarane og det behovet samfunnet har for vidaregåande opplæring
i alle utdanningsretningar og for ulike aldersgrupper, og under
omsyn til ansvaret sitt for opplæring i fengsel og i sosiale og
medisinske institusjonar og behovet for spesialundervisning. Fylkeskommunen
skal gi tilbod om praksisbrev.
Offentlege vidaregåande skolar skal vere fylkeskommunale.
I særlege tilfelle kan staten eller ein kommune drive vidaregåande
skolar. Kommunen må ha godkjenning frå departementet.
§ 15-2 tredje ledd skal lyde:
I samband med klage på inntak til vidaregåande opplæring
kan departementet ikkje overprøve eit vedtak i fylkeskommunen om
kva for utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller programområde på
vidaregåande trinn 2 og 3, eller kva for skole ein søkjar skal takast
inn på. For slike vedtak og for vedtak om inntak av gjesteelevar gjeld
reglane om klageinstans i § 28 i forvaltningslova. Departementet
er klageinstans for enkeltvedtak om inntak til eit særskilt utdanningsprogram
på vidaregåande trinn 1 på grunnlag av sakkunnig vurdering.
II
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
B.
Stortinget ber regjeringen sikre elever en sterkere
rett til å søke skoleplass over fylkesgrensene kun i de klart definerte
tilfellene som er nærmere omtalt i merknader i Innst. 336 L (2015–2016) om
endringar i opplæringslova.