Tidlegare blei skog med ein årleg tilvekst ned
til 3–5 m3 å rekne som verksemd («skogbruk»)
i samband med skatt. Frå 2016 er dette endra. Om skog blir å rekne
som verksemd, skal no vurderast ut ifrå dei elles gjeldande reglane
for klassifisering av verksemd i skatteretten.
Inntekt frå skog som ikkje er verksemd, skal
ikkje gjennomsnittsliknast. For skog som frå 2016 ikkje lenger blir
å rekne som verksemd, er det gjeve overgangsreglar. Etter desse
overgangsreglane vil skogeigar som er skattlagt for høgare inntekt
frå dei fire siste åra gjennom gjennomsnittslikninga enn det som
er reell inntekt frå den same perioden («inntektsoverheng») eller
for lågare inntekt («inntektsunderheng»), få inntektsoverheng til
frådrag eller inntektsunderheng til inntekt i året etter siste året med
gjennomsnittslikning.
Departementet gjer framlegg om å endre overgangsordninga
for skog som frå 2016 ikkje lenger blir å rekne for skogbruk, slik
at skogeigar kan velje å føre gjennomsnittsunderheng på vinst- og tapskonto.
Framlegget inneber ein ny regel i skattelova § 14-81
sjette ledd nytt femte punktum. Departementet legg til grunn at
framlegget ikkje vil ha nemneverdige økonomiske eller administrative følgjer.
Departementet foreslår at endringa i skattelova tek
til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2016.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.