Med verknad frå 7. oktober 2015 blir lån frå
aksjeselskap til personleg aksjonær skattlagt som utbytte. Bakgrunnen
for dette er omtalt i Prop. 1 LS Skatter, avgifter og toll 2016
kapittel 5.1.
Reglane gjeld ikkje lån frå ansvarleg selskap, kommandittselskap
eller anna deltakarlikna selskap til personleg deltakar i selskapet.
Lån frå deltakarlikna selskap til personleg deltakar er antakeleg
lite utbredt i praksis, men kan ikkje utelukkast. Omsynet til lik
handsaming av ulike selskap talar for at slike lån blir skattlagt
tilsvarande som utbytte (dvs. som skattepliktig utdeling frå selskapet).
Det same gjer omsynet til å unngå at reglane om skattlegging av
utbytte blir omgått.
På denne bakgrunn foreslår departementet at reglane
om skattlegging av lån frå aksjeselskap til personleg aksjonær i
skattelova § 10-11 fjerde til sjette ledd skal gjelde tilsvarande
for lån frå deltakarlikna selskap til personleg deltakar i slike
selskap.
Det kan tenkjast tilfelle der ein personleg
deltakar i eit ansvarleg selskap får lån frå eit selskap det ansvarlege
selskapet eig aksjar i. Tilfelle der ansvarlege selskap eig aksjar
eller andelar i andre selskap, er ikkje omfatta av konserndefinisjonen
i aksjelova eller allmennaksjelova. Slike tilfelle vil derfor ikkje
bli omfatta av skattelova § 10-11 fjerde ledd slik denne regelen
er utforma i dag. Departementet foreslår derfor at dette leddet
blir endra slik at reglane omfattar lån til personlege skattytarar
frå selskap dei direkte eller indirekte eig aksjar eller andelar
i. Det inneber at reglane òg gjeld i tilfelle der ein personleg
låntakar indirekte gjennom eit deltakarlikna selskap eig aksjar
eller andelar i selskapet som gir lån.
Departementet antar at endringa ikkje får nemneverdige
provenymessige konsekvensar.
Departementet viser til forslag til endring
i skattelova §§ 10-11 fjerde ledd og 10-42 ellevte og tolvte ledd.
Departementet foreslår at endringa skal tre
i kraft straks med verknad frå og med 11. mai 2016. Det vil seie
at endringane gjeld for lån som blir tekne opp frå dette tidspunktet.
Departementet legg til grunn at endringa òg gjeld for auking av
saldo på lån som var teke opp før endringa.
Med verknad frå 7. oktober 2015 blei det innført reglar
om skattlegging av aksjonærlån. Det følgjer av skattelova § 10-11
fjerde ledd første punktum at:
«[k]reditt eller sikkerhetsstillelse som ytes direkte
eller indirekte fra selskap som omfattes av § 10-1, samt tilsvarende
utenlandsk selskap, til personlig aksjonær skal regnes som utbytte
for aksjonæren.»
I andre og tredje punktum er det reglar om lån gitt
frå andre selskap i same konsern og lån gitt til aksjonærens nærståande.
I fjerde punktum går det fram at departementet ved forskrift kan bestemme
at enkelte typar kreditt ikkje skal reknast som utbytte.
Etter ordlyden omfattar desse punktuma berre «kreditt»,
mens første punktum omfattar «kreditt eller sikkerhetsstillelse».
Etter departementet sitt syn bør reglane i andre til fjerde punktum
òg gjelde både «kreditt og sikkerhetsstillelse». Departementet foreslår
derfor at ordlyden i andre til fjerde ledd blir endra slik at dei
reglane omfattar «kreditt eller sikkerhetsstillelse».
I femte ledd er «aksjonæren» i første del av
setninga stava feil. For å rette på dette foreslår departementet
å stryke «for aksjonære» i første del av setninga. Dette forenklar
ordlyden en del.
Departementet antar at endringane ikkje får nemneverdige
provenymessige konsekvensar.
Departementet viser til forslag til endringar
i skattelova § 10-11 fjerde ledd og § 10-11 femte ledd.
Departementet foreslår at endringane trer i
kraft straks med verknad frå og med 11. mai 2016.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.