Justis- og beredskapsdepartementet foreslår
i proposisjonen endringar i lov 15. mai 2008 nr. 35 om utlendingers
adgang til riket og deres opphold her (utlendingslova).
Departementet foreslår å innføre eit nytt grunnlag
for pågriping og fengsling i utlendingslova § 106. Forslaget inneber
at det vil vere høve til å vurdere pågriping og eventuelt fengsling
av ein utlending som har levert ein asylsøknad som presumptivt er
openbert grunnlaus og difor vert handsama i særskilt hurtigprosedyre
(48-timarprosedyren).
Departementet foreslår ei i hovudsak tilsvarande endring
i utlendingslova § 105, slik at ein også vil kunne vurdere pålegg
om meldeplikt eller bestemt opphaldsstad overfor personar i 48-timarprosedyren.
Vidare foreslår departementet ei endring i utlendingslova
§ 106 a første ledd. Her er det lista opp moment det skal leggjast
vekt på i vurderinga av om det er fare for at ein utlending vil unndra
seg effektuering av eit negativt vedtak, noko som er eit sjølvstendig
fengslingsgrunnlag etter § 106 første ledd bokstav b. Departementet foreslår
at det faktum at utlendingen har fått ein søknad om opphaldsløyve
avslått som openbert grunnlaus, skal vere eitt av desse momenta.
I proposisjonen skisserer også departementet særskilte
rutinar og reglar om rettshjelp for dei aktuelle sakene.
Forslaget til lovendringar har vore på høyring.
Pågriping og fengsling på utlendingsrettsleg grunnlag
er regulert i utlendingslova kapittel 12. Dei nærare grunnlaga er
lista opp i § 106 (i tillegg opnar § 130 andre ledd for fengsling
av utlending som utgjer ein trugsel mot grunnleggande nasjonale
interesser, på nærare vilkår).
Sjå proposisjonens pkt. 2.1 for nærmare omtale av
grunnlaga og øvrige vilkår.
Etter utlendingslova § 105 første ledd kan ein
utlending påleggast meldeplikt eller bestemt opphaldsstad i tilfelle
listet i føresegnene (i tillegg opnar § 130 første ledd for pålegg
om meldeplikt eller bestemt opphaldsstad overfor utlending som utgjer
ein trugsel mot grunnleggande nasjonale interesser, på nærare vilkår).
Sjå proposisjonen pkt. 2.2 for nærmare omtale av
grunnlaga og øvrige vilkår.
I kortheit inneber 48-timarprosedyren at personar
frå land UDI etter gjeldande rutinar i utgangspunktet legg til grunn
etterlever dei internasjonale menneskerettane på eit akseptabelt
nivå, får søknaden hurtighandsama. Desse søkjarane vil normalt ikkje
fylle vilkåra for vern etter utlendingslova § 28. Søknader vert
tekne ut av prosedyren dersom dei syner seg å ha ein substans som
tilseier det. I saker som vert handsama etter 48-timarprosedyren,
skal UDI treffe vedtak og ta stilling til eventuell oppmoding om
utsett iverksetting innan 48 timar etter at søknaden vart registrert.
Dei nærare retningslinjene for 48-timarprosedyren
følgjer av UDI sitt rundskriv RS 2011-030.
Sjå pkt. 2.3 i proposisjonen for nærmare omtale.
I 2015 fekk 537 asylsøkjarar sakene sine handsama
etter 48-timarprosedyren (ytterlegare om lag 130 søknader vart registrerte
i prosedyren, men trekte før vedtak). Dei fleste kom frå Albania (273),
Kosovo (88), Bosnia-Hercegovina (40), Serbia (36) og Makedonia (35).
Om lag 440 av desse vart uttransportert i 2015 eller tidleg i 2016.
Talet på forsvinningar i 2015 var 90, om lag 17 pst. av alle 48-timarsakene.
Av asylsøkjarane med 48-timarsak i 2015, er
om lag 90 personar ikkje uttransportert. Av dei som ikkje er uttransportert,
er over 90 pst. registrert som forsvunne eller utan kjend adresse.
Av dei 674 som vart uttransportert i perioden 2013 t.o.m. 2014,
var 3 pst. registrert som straffedømte i Noreg. Somme nasjonalitetar
var sterkt overrepresenterte i denne statistikken.
Utlendingslova § 92 (rettshjelp) andre ledd
første punktum slår fast at «[e]n utlending som søker oppholdstillatelse
etter § 28, eller påberoper seg vernet mot utsendelse etter § 73,
har rett til fritt rettsråd uten behovsprøving ved negativt vedtak
fattet av Utlendingsdirektoratet.» Omfanget av fritt rettsråd er
regulert i forskrift 12. desember 2012 nr. 1442 om salær fra det
offentlige til advokater m.fl. etter faste satser (stykkprissatser)
ved fri rettshjelp og i straffesaker (stykkprisforskrifta).
I dei fleste 48-timarsakene gjennomfører politiet ordinær
registrering av asylsøkjaren, før UDI utfører asylintervju. I somme
saker vert intervjuet i UDI erstatta av såkalla utvida registrering
hjå politiet. Rettleiing og advokatbistand når politiet gjennomfører
utvida registrering, er nærare omtalt i rundskriv 2010-081 om «bruk
av ankomstregistreringsskjema ved søknad om beskyttelse» punkt 5.4.4.
UDI har også gjeve eit særskilt rundskriv (RS 2015-006)
om utvida registrering ved søknad om vern på grunn av sosioøkonomiske
forhold og arbeidsløyse.
Sjå proposisjonen i proposisjonen pkt. 3.4 for nærare
omtale.
EMK har regler som set skrankar for pågriping og
fengsling. Den sentrale regelen i utlendingsrettsleg samanheng er
EMK artikkel 5 nr. 1 bokstav f, som lyder:
«Enhver har rett til personlig frihet og sikkerhet. Ingen
må bli berøvet sin frihet unntatt i følgende tilfeller og i samsvar
med en framgangsmåte foreskrevet ved lov:
(...)
f.
lovlig pågripelse eller fengsling av en person for å hindre at han
kommer inn i landet uten tillatelse, eller av en person som det
treffes tiltak mot med sikte på utsendelse eller utlevering.»
Framgangsmåten for fengsling må vere «foreskrevet
ved lov», dvs. at inngrepet må ha heimel i lov og «ikkje vere vilkårleg».
Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har gjennom sin rettspraksis
utdjupa kva som ligg i dette kravet.
I proposisjonen kapittel 4.1 går departementet gjennom
rettspraksis frå EMD.
Også andre konvensjonar mv. har reglar og føringar
av relevans for fengsling på utlendingsrettsleg grunnlag.
Verdas menneskerettserklæring art. 14; FNs konvensjon
om sivile og politiske rettar (SP) art. 9 nr. 1 og SP art. 12 nr.
1; FNs konvensjon om flyktningers stilling – flyktningkonvensjonen; og
FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) sine retningslinjer om
bruk av fengsling («Guidelines on the Applicable Criteria and Standards
relating to the Detention of Asylum-Seekers and Alternatives to
Detention», 2012) – blir omtalt i proposisjonen.
Departementet viser i proposisjonen til at EU
sitt returdirektiv (2008/115/EC) har reglar om fengsling for å gjennomføre
retur, og at dei såleis ikkje er direkte relevante.
EU sitt mottaksdirektiv (2013/33/EU) er ikkje bindande
for Noreg. Departementet nemner likevel at artikkel 8 opnar for
fengsling mellom anna for å verifisere identitet og «in order to
decide, in the context of a procedure, on the applicant’s right
to enter the territory».
Etter den danske utlendingslova (udlændingeloven)
kan ein utlending bli fengsla mellom anna dersom ein asylsøknad
vert eller ventast å bli handsama etter ein hurtigprosedyre for
openbert grunnlause saker (§ 36 første ledd siste setning, jf. hurtigprosedyren
etter § 53 b).
Den svenske utlendingslova (utlänningslagen) opnar
ikkje for fengsling spesifikt på grunnlag av hurtigprosedyrar, men
har reglar for fengsling tidleg i ein søknadsprosedyre.
Den finske utlendingslova (utlänningslagen)
har ingen fengslingsreglar som spesifikt gjeld hurtigprosedyrar.
Departementet foreslår i proposisjonen å opprette
ein heimel i utlendingslova § 106 første ledd for pågriping og fengsling
av personar som har levert ein presumptivt openbert grunnlaus asylsøknad
som vert handsama i 48-timarprosedyre. Det var delte meiningar om
forslaget blant høyringsinstansene.
Det vert i proposisjonen vist til at ein slik
heimel vil styrke utlendingskontrollen og effektivisere arbeidet
med sakshandsaming og eventuell snarleg retur. Heimelen vil bidra
til å sikre at utlendingen er tilgjengeleg under 48-timarprosedyren
og ikkje forsvinn før søknaden er avgjort, eventuelt i samband med
at søknaden vert trekt. Dei aktuelle personane kjem i stor grad
frå europeiske land det er mogleg å gjennomføre raske returar til.
I 2015 fekk om lag 540 personar sakene sine handsama
i 48-timarprosedyren. Det er svært uheldig at utlendingsstyremaktene
må bruke ressursar på relativt mange grunnlause søknader, særleg
i ein situasjon der det kjem mange asylsøkjarar. Departementet meiner
det er svært viktig å motverke at utlendingar som openbert ikkje
har behov for vern, søkjer asyl i Noreg. Departementet vil difor
leggje til rette for at utlendingsstyremaktene har dei verktøya
som trengst for å handheve ein effektiv utlendingskontroll, der
målet er rask sakshandsaming og rask retur.
Politiet erfarer også at det blant søkjarane
i 48-timarprosedyren finst einskilde personar som misbruker asylsystemet
for å drive kriminalitet eller svart arbeid. Sjølv om det er tale
om eit mindretal, er dette svært skadeleg for asylinstituttet. Departementet
finn det sannsynleg at lovforslaget vil ha ein viss kriminalitetsdempande
verknad.
UNHCR uttaler i sitt høyringsbrev at fengsling for
å gjennomføre hurtigprosedyrar er i tråd med føremålet «public order»,
men at fengsling med føremålet «administrative expediency» ikkje
er akseptabelt. Departementet finn dette skiljet uklart og kunstig.
Omsynet til effektivitet og rask sakshandtering er openbert eit
legitimt og sentralt føremål med hurtigprosedyrar, og har klar samanheng
med «public order».
Departementet er usamd med dei høyringsinstansane
som tek til orde for at det gjeldande regelverket er tilstrekkeleg,
som Advokatforeningen og UNHCR. Ein del av dei aktuelle personane
vil rett nok kunne bli pågripne også etter dei eksisterande grunnlaga
i utlendingslova § 106, men meldeplikt eller bestemt opphaldsstad
overfor personar i 48-timarprosedyren vil heller ikkje i tilstrekkeleg
grad ivareta kontrollbehovet i alle saker.
Departementet foreslår i proposisjonen ei særskilt
72-timargrense for pågriping og fengsling i samband med hurtigprosedyre.
Den føreslegne heimelen vil ikkje vere aktuell for
saker som gjeld mindreårige, inkludert saker der ein vaksen søkjar
har mindreårige barn som også har søkt om asyl.
Personar som får sakene sine handsama i andre hurtigprosedyrar
enn 48-timarprosedyra, vil ikkje kunne bli pågripne eller fengsla
på dette grunnlaget. Det vil heller ikkje personar som får sakene
sine handsama i medhald av Dublin-forordninga. Regelen vil heller
ikkje vere aktuell overfor EØS-borgarar, som – sjølv om dei set fram
ein asylsøknad – normalt har opphaldsrett i minst tre månader.
I tillegg til at vilkåra for pågriping og fengsling må
vere til stades, må politiet vurdere i kva for saker det er føremålstenleg
å nytte den foreslegne heimelen. Blant anna av omsyn til kapasitet
og ressursbruk, vil det ikkje vere tenleg å pågripe i alle 48-timarsaker.
Departementet legg til grunn at heimelen er særskilt praktisk i
saker der det er gode utsikter til snarleg uttransportering, behov
for å ha utlendingen tilgjengeleg, fare for at utlendingen vil forsvinne
eller haldepunkt for at utlendingen har til intensjon å drive kriminalitet.
Politiet sine erfaringar med visse søkjargrupper, til dømes søkjarar
frå eit særskilt land, vil vere sentrale i denne vurderinga.
Departementet understrekar at ein person som har
vore pågripen og eventuelt fengsla i medhald av den foreslegne heimelen
for hurtigprosedyresaker, også etter utløpet av 72-timarfristen
kan haldast fengsla i medhald av dei øvrige grunnlaga i § 106 dersom
vilkåra er til stades.
Det går fram av proposisjonen at departementet finn
det klart at lovforslaget ikkje er i strid med Grunnlova § 94 første
ledd andre punktum, som slår fast at eit kvart fridomstap «må vere naudsynt
og ikkje utgjere eit mishøveleg inngrep». Utlendingslova § 99, som
slår fast at tvangsmiddel berre kan nyttast når det er tilstrekkeleg
grunn til det og det ikkje vil vere eit uforholdsmessig inngrep,
vil gjelde for pågriping og fengsling i 48-timarsaker som for alle
andre saker etter utlendingslova § 106. Departementet viser også
til at den foreslegne fengslingsheimelen har ei maksimalgrense på
72 timar og gjer eksplisitt unntak for mindreårige. Føremålet med lovendringa
er også i tråd med kva som må reknast som «naudsynt» i Grunnlova
sin forstand.
Departementet finn det klart at den foreslegne heimelen
også er innanfor rammene av internasjonal rett, jf. framstillinga
i kapittel 4. EMD har slått fast at kortvarig fengsling med det
føremål å gjennomføre hurtigprosedyrar, ikkje er i strid med retten
til fridom etter EMK art. 5, inkludert kravet om «good faith» som
er innarbeidd i domstolen sin praksis. Departementet viser særleg
til at EMD godtok sju dagar fengsling i «Saadi mot Storbritannia»
(og indikerte heller ikkje at dette vil vere ei maksimalgrense).
Departementet foreslår ei maksimalgrense på 72 timar for pågriping
og fengsling (til saman) på grunnlag av hurtigprosedyre, og meiner
dette er trygt innanfor rammene av internasjonal rett.
Departementet er kjent med at britiske styremakter
mellombels suspenderte sin hurtigprosedyre, som det var tale om
i Saadi-dommen, i juli 2015.
Departementet vil for det første understreke
at det er EMD sine fråsegner i Saadi-dommen departementet har lagt
vekt på ved utarbeidinga av lovforslaget, ikkje den britiske hurtigprosedyren i
seg sjølv. At britiske styremakter har suspendert sin prosedyre
er dermed ikkje umiddelbart relevant.
Departementet nemner også at den norske prosedyren
skil seg markant frå kva som var omstenda i EMD-saka «I.M. mot Frankrike».
Artikkel 9 i FNs konvensjon om sivile og politiske
rettar (SP) slår mellom anna fast at fengsling ikkje skal vere vilkårleg.
Kravet er nærare utpensla i praksisen til FNs Menneskerettighetskomité.
Komiteen har mellom anna slått fast at fengsling kan bli rekna som
vilkårleg «if it is not necessary in all the circumstances of the case,
for example to prevent flight or interference with evidence: the
element of proportionality becomes relevant in this context» (A
mot Australia, sak 5602 1993). Etter departementet si vurdering
kan dette ikkje innebere eit strengare nødvendigheitskrav enn kva
som følgjer av Grunnlova § 94 og utlendingslova § 99.
UNHCR har i sine retningslinjer opna for fengsling
i samband med hurtigprosedyrar. UNHCR Stockholm uttaler også i høyringssvaret
at slik fengsling er legitimt, så sant vilkåra om mellom anna nødvendigheit
og forholdsmessigheit vert respektert. UNHCR uttaler i denne samanheng
at det er «not clear in the Proposal how the necessity test will
be applied in practice and notes in this respect that other provisions
in the Immigration Act require a necessity and proportionality assessment
in all cases». Departementet understrekar igjen at kravet om «tilstrekkelig
grunn» og forholdsmessigheit etter § 99 vil gjelde for alle saker
også etter den nye fengslingsheimelen.
Departementet meiner at grunnvilkåret i lovforslaget
– «utlendingens søknad om beskyttelse antas å være åpenbart grunnløs
og skal behandles i løpet av 48 timer» – utan tvil er tydeleg nok til
å ivareta krava etter legalitetsprinsippet og lovskravet i mellom
anna EMK art. 5 og Grunnlova § 94. Det er klart at vilkåret siktar
til 48-timarprosedyren, som er særskilt regulert i UDI sitt rundskriv
RS 2011-030. Vilkåret «åpenbart grunnløs» er såleis velkjent i utlendingsretten generelt
og i samband med 48-timarprosedyren spesielt.
I Ot.prp. nr. 75 (2006–2007) punkt 17.3.2.4
gav departementet nokre døme på kva slags søknader som vil vere
openbert grunnlause, men uttalte at det ut over dette ikkje er hensiktsmessig
å definere omgrepet meir eksakt.
Nokre høyringsinstansar meiner lovforslaget kan
innebere diskriminering på grunnlag av nasjonalitet. Det går fram
av proposisjonen at departementet finn det klart at forslaget ikkje
inneber diskriminering. Nasjonalitet er eit openbert sakleg grunnlag
for å skilje ut asylsøknader som presumptivt er openbert grunnlause
og bør handsamast i hurtigprosedyre, når dette er basert på ei vurdering
av tilhøva i det einskilde landet. At saka vert handsama i hurtigprosedyre
vil i sin tur vere grunnlag for pågriping og fengsling. Dette kan
vanskeleg seiast å vere forskjellsbehandling på grunnlag av nasjonalitet
i det heile, men vil i så fall vere både sakleg, naudsynt og rimeleg,
jf. krava til lovleg forskjellsbehandling etter diskrimineringslova
§ 7.
Departementet understrekar i proposisjonen avslutningsvis
at alle søknader om asyl, også dei som i utgangspunktet er omfatta
av hurtigprosedyren, skal bli vurdert konkret og individuelt. Dette
gjeld også når søkjaren blir (vurdert) pågripen. Dersom asylsøknaden
vert teken ut av hurtigprosedyren fordi han syner seg å ha ein substans
som tilseier det, vil det ikkje lenger vere mogleg å halde vedkomande
fengsla på dette grunnlaget. At utlendingen på eige initiativ trekk ein
søknad som vert handsama i hurtigprosedyre, har derimot ingen konsekvens
for fengslingsgrunnlaget.
Departementet foreslår i proposisjonen at pågriping
og fengsling på grunnlag av hurtigprosedyre ikkje skal kunne overstige
72 timar. PU tek i sitt høyringssvar til orde for at denne fristen
bør utvidast til for eksempel ei veke.
Departementet viser i proposisjonen til at fridomsrøving
på grunnlag av ein 48-timarprosedyre ikkje vesentleg bør overskride
den tida sjølve prosedyren skal ta. Ei grense på 72 timar gjev politiet
eitt døgn ut over sjølve prosedyren til å gjennomføre uttransportering. Departementet
meiner dette gjev ein rimeleg regel og balanse mot utlendingen sine
interesser.
Departementet vil vidare understreke at politiet uansett
vil måtte gå til retten og be om fengsling etter om lag 72 timar,
ettersom framstillingsfristen er «snarest mulig, og senest den tredje
dagen etter pågripelsen».
Etter departementet sitt syn er det rimeleg
at fengsling ut over 72 timar må skje på grunnlag av til dømes manglande
samarbeid om identitetsfastsetjing eller unndragingsfare. Forslaget om
ei endring i § 106 a vil leggje til rette for at politiet vil få
medhald i fengsling når dette er naudsynt pga. unndragingsfare.
Etter departementet sitt syn vil den foreslegne heimelen i § 106
og endringa i § 106 a samla sett gje politiet eit godt verktøy i
utøvinga av utlendingskontrollen overfor personar i 48-timarprosedyren.
Departementet foreslår i proposisjonen å lovfeste
at heimelen for pågriping og fengsling i samband med hurtigprosedyre
ikkje skal omfatte personar som «er mindreårig eller har mindreårige
barn som også har søkt beskyttelse».
Politiets utlendingsenhet (PU) er kritisk til forslaget,
og viser for det første til at søknader frå einslige mindreårige
aldri vert handsama i 48-timarprosedyren. Når det gjeld mindreårige
i følgje med vaksne, meiner PU at det «i visse saker vil kunne være
nødvendig å pågripe/fengsle disse familiene».
Etter departementet sitt syn ville det, også
utan eit eksplisitt unntak, svært sjeldan vere høve til å pågripe
mindreårige på grunn av ein openbert grunnlaus asylsøknad åleine.
Departementet viser til at pågriping av mindreårige – i tillegg
til å måtte vere naudsynt og forholdsmessig etter utlendingslova
§ 99 – må vere «særlig påkrevd» etter straffeprosesslova § 174 (jf.
utlendingslova § 106 tredje ledd). I lys av dette finn departementet
det rimeleg og ryddig å gjere eksplisitt unntak for mindreårige.
Departementet understrekar for ordens skuld
at barn og barnefamiliar kan bli pågripne og eventuelt fengsla på
andre grunnlag, typisk unndragingsfare, når vilkåra om forholdsmessigheit
mv. er til stades.
I høyringa tok Bergen tingrett og Den norske dommerforening
opp eit generelt spørsmål om forholdet mellom framstillingsfristen
i høvesvis utlendingslova og straffeprosesslova. Spørsmålet er om
framstillingsfristen i utlendingslova i praksis er den same som
i straffeprosesslova.
Den gjeldande framstillingsfristen i utlendingslova
§ 106 tredje ledd tredde i kraft 1. januar 2015. Ordlyden er den
same som i straffeprosesslova § 183 («snarest mulig og senest den
tredje dagen etter pågripelsen»).
Straffeprosesslova § 183 må tolkast i lys av
mellom anna SP artikkel 9 nr. 3, som gjev den som er fridomsrøva
i ei straffesak krav på å bli «promptly» framstilt for retten. FNs
menneskerettskomité har gjeve uttrykk for at SP artikkel 9 nr. 3
skal tolkast slik at framstilling for retten som hovudregel må skje
innan 48 timar etter pågriping. Unntak frå dette «must remain absolutely
exceptional and be justified under the circumstances».
Framstilling etter straffeprosesslova § 183
skal skje «snarest mulig», men regelen opnar for ei meir fleksibel
tilnærming enn Menneskerettskomiteen legg opp til. Fråsegner frå
FNs menneskerettskomité er ikkje bindande, og kva for vekt dei vil
ha ved tolkinga av konvensjonen, vil måtte bli vurdert konkret,
jf. Rt. 2015 s. 1 388 avsnitt 151–152.
Departementet finn det ikkje i denne samanheng naudsynt
å gå nærare inn på problemstillinga, då det er klart at SP artikkel
9 nr. 3 ikkje legg føringar for kva for framstillingsfrist som gjeld
etter utlendingslova.
Etter departementet sitt syn har den gjeldande framstillingsfristen
i utlendingslova uansett dei beste grunnar for seg. Framstillingsfristen
vart vedteken så seint som i desember 2014. Det går fram av forarbeida
at føremålet med å utvide framstillingsfristen var å leggje til
rette for meir effektive prosessar for gjennomføring av tvangsreturar,
altså eit føremål som spesifikt gjeld utlendingssaker. Vidare er
det understreka i forarbeida at sjølv om det vart foreslege ein
ordlyd som svarer til den i straffeprosesslova, er det viktige skilnader
mellom fridomsrøving på høvesvis utlendingsrettsleg og straffeprosessuelt grunnlag
(jf. Prop. 112 L (2013–2014) avsnitt 7.1).
I lys av dette meiner departementet at framstillingsfristen
i utlendingslova ikkje bør endrast.
Politiets utlendingsenhet (PU) oppmoda i sitt høyringssvar
departementet om å uttale seg om utlendingen sin eventuelle adgang
til å krevje lauslating innan utløpet av den tredje dagen etter pågriping.
At spørsmålet har blitt brakt inn for retten fleire gongar, taler
etter PU sitt syn for at det bør vere regulert i lov.
Dette spørsmålet vil departementet kommentere i
ein annan samanheng.
Departementet foreslår at politiet i same tilfelle som
i den foreslegne fengslingsheimelen i utlendingslova § 106, skal
kunne pålegge meldeplikt eller bestemt opphaldsstad etter § 105.
Det var delte meiningar om forslaget blant høyringsinstansane.
Departementet peikar på at ein heimel er naudsynt
for at mindre inngripande verkemiddel enn fridomsrøving skal vere
tilgjengelege, jf. kravet i § 106 andre ledd om å vurdere slike
tiltak før eventuell pågriping.
Departementet finn det klart at lovforslaget
ikkje er i strid med Grunnlova og menneskerettane. Det kan ikkje
gjelde strengare vilkår for pålegg om meldeplikt mv. i hurtigprosedyresaker
enn kva som gjeld for fridomsrøving.
Departementet finn det sannsynleg at ein heimel for
pålegg om meldeplikt eller bestemt opphaldsstad i hurtigprosedyresaker
ikkje vil ha stor praktisk tyding.
Departementet har merkt seg at PU er negative til
forslaget i høyringsbrevet om at heimelen ikkje skal omfatte mindreårige
og deira foreldre. Departementet har kome til at det ikkje bør gjelde
eit unntak for mindreårige og barnefamiliar i § 105, og går difor
bort frå forslaget i høyringsbrevet på dette punktet. Departementet
viser til at pålegg etter § 105 er vesentleg mindre inngripande
enn fridomsrøving. Slike pålegg kan til dømes innebere at ein barnefamilie
må bu på eit bestemt mottak, samt meldeplikt, men at dei ikkje er
innesperra på mottaket. Departementet understrekar at politiet og
domstolane i slike saker må vurdere og leggje vekt på omsynet til
barnets beste i tillegg til dei andre vilkåra i §§ 105 og 99 første
ledd.
Departementet foreslår i proposisjonen ei endring
i utlendingslova § 106 a, som i første ledd listar opp ei rekkje
moment som kan tale for at det ligg føre unndragingsfare. Unndragingsfare er
eit sjølvstendig fengslingsgrunnlag, jf. § 106 første ledd bokstav
b. Forslaget innebærer at det at «utlendingens søknad om oppholdstillatelse
er avslått som åpenbart grunnløs» skal telje som eit slikt moment.
Det var delte meiningar om forslaget blant høyringsinstansane.
Departementet nemner innleiingsvis at ein openbert
grunnlaus asylsøknad indirekte vil kunne innverke på vurderinga
av unndragingsfare også i dag. Avslag på ein grunnlaus søknad skal
etter gjeldande rett medføre utvising, jf. utlendingslova § 66 andre
ledd bokstav b. Det følgjer av § 106 a første ledd bokstav c at
eit vedtak om utvising i sin tur vil vere eit moment som taler for unndragingsfare.
Departementet meiner likevel at det er riktig
og tenleg å inkludere openbert grunnlause søknader i momentlista
i § 106 a. Som fleire høyringsinstansar peikar på, er det ikkje
slik at alle som leverer ein grunnlaus søknad har intensjonar om
å unndra seg retur. Dette gjeld imidlertid også for dei andre momenta
i § 106 a. Det er difor understreka i første ledd at unndragingsfare
«skal vurderes konkret i det enkelte tilfelle» og at det skal finne
stad ei totalvurdering der det «blant annet» kan leggjast vekt på
dei opplista momenta.
Departementet viser vidare at det går fram av statistikken
at relativt mange av dei som får avslag gjennom 48-timarprosedyren,
vert registrert som forsvunne eller utan registrert adresse.
Departementet finn det klart at lovforslaget
vil vere eit nyttig verkemiddel i politiet sitt arbeid. Den foreslegne
regelen vil gjere det enklare å få avgjerd frå retten om fengsling
også etter utløpet av 72-timarfristen, i dei tilfella dette er naudsynt og
forholdsmessig. PU uttalte i sitt høyringssvar at, gitt 72-timarfristen,
«vil en endring i § 106 a være av stor betydning for å få effektuert
vedtak i disse sakene».
Departementet foreslår ikkje særskilt lovregulering
av den administrative framgangsmåten i saker der ein utlending vert
pågripen i samband med hurtigprosedyre. Som det går fram nedanfor,
vil framgangsmåten med såkalla «utvida registrering» eventuelt bli
nedfelt i retningslinjer. Det er likevel viktig å synleggjere i
proposisjonen korleis den foreslegne fengslingsheimelen er tenkt praktisert.
Tilsvarande finn departementet det ikkje naudsynt
med lovendringar for å gjennomføre dei rettshjelpsordningane som
skal gjelde. Dette vil bli regulert i forskrift, dersom Stortinget
vedtek den foreslegne fengslingsheimelen i utlendingslova § 106.
I punkt 7.4.4 nedanfor skisserer departementet endringar i utlendingsforskrifta.
Føremålet med 48-timarprosedyren generelt, og med
den foreslegne fengslingsregelen spesielt, er å sikre rask sakshandsaming
og rask retur. Det er difor sentralt at sakene vert handtert så
effektivt som råd, samstundes som rettstryggleiken vert ivareteken.
I tilfelle der ein utlending vert fengsla etter den foreslegne heimelen
i § 106, bør ikkje prosessen vere slik at vedkomande må bli transportert
til og frå Trandum utlendingsinternat i samband med sakshandsaminga,
for eksempel for å gjennomføre intervju hjå UDI. Det ville vere
ineffektivt og ressurskrevjande.
I dei fleste 48-timarsaker gjennomfører politiet ordinær
registrering, som inkluderer orientering om utlendingen sine rettar
og plikter. Deretter, normalt dagen etter, gjennomfører UDI intervju med
søkjaren. I forkant av intervjuet får utlendingen rettleiing frå
Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS).
I somme saker vert intervjuet i UDI erstatta
av såkalla utvida registrering hjå politiet. Utvida registrering
inneber kort sagt at politiet skal foreta eit kort intervju der
ein innhentar opplysningar som er naudsynte for å avgjere søknaden
om vern (asyl). Politiet skal i det korte intervjuet klarlegge kva
som er grunnen til at vedkomande søkjer asyl i Norge, kva vedkomande
fryktar ved ein eventuell retur til heimlandet og korleis helsetilstanden
til søkjaren er.
Utvida registrering er regulert i rundskriv
RS 2010-081 om «bruk av ankomstregistreringsskjema ved søknad om
beskyttelse». I proposisjonen vert det omtalt i kva for tilfelle
ein skal nytte utvida registrering.
Departementet foreslår at saker der politiet
vurderer å pågripe i medhald av den foreslegne heimelen i § 106,
skal følgje framgangsmåten med utvida registrering.
UDI stilte seg i høyringa positiv til dette
forslaget. UNHCR stilte seg kritisk.
Departementet kan ikkje sjå at bruk av utvida registrering
er problematisk i desse sakene. UNHCR sine innvendingar gjeld i
røynda bruk av utvida registrering i ei kvar asylsak, også dei sakskategoriane
som i dag er gjenstand for utvida registrering. Departementet meiner
at rettstryggleiken er ivareteken for det første ved at den utvida
registreringa skal halde god kvalitet, og for det andre ved at UDI
kan gjennomføre ordinært intervju ved behov. Når det gjeld kompetanse
i intervjuteknikk m.m., som UNHCR understrekar behovet for i sitt
høyringssvar, vil departementet framheve at PU kontinuerleg arbeider
for at registreringane skal halde eit godt nivå. Undervising for
nye tilsette skal mellom anna innehalde opplæring i generell intervjuteknikk.
Når politiet gjennomfører utvida registrering, kan
utlendingen bli pågripen og plassert på Trandum utan at det er naudsynt
å transportere vedkomande tilbake til UDI for gjennomføring av intervju
(med mindre UDI finn dette naudsynt i einskilde saker). Som det
går fram ovanfor, meiner UDI at dette vil vere mogleg og hensiktsmessig.
Etter departementet si vurdering er dette effektiviserande tiltaket
svært viktig for å oppnå dei primære føremåla med den foreslegne
fengslingsheimelen, dvs. rask sakshandsaming og retur.
Utvida registrering i fleire saker vil innebere noko
meir ressursbruk for politiet, men ein klar reduksjon for UDI.
Departementet vil gjennomføre forslaget om å bruke
utvida registrering i aktuelle saker.
I saker som blir handsama gjennom utvida registrering
hjå PU, vil retten til rettleiing og advokatbistand bli ivareteken
slik:
I samband med utvida
registrering skal politiet informere om utlendingen sine rettar
og plikter, jf. utlendingsforskrifta § 17-17 første ledd.
Utlendingen får tilbod om rettleiing av
ein rettshjelpsorganisasjon (denne oppgåva er i dag lagt til NOAS)
– venteleg ved utdeling av skriftleg materiale eller per telefon,
jf. forskrifta § 17-17 andre ledd og rundskriv RS 2010-081 punkt 5.3.4.
Retten til advokat trer inn
når det ligg
føre negativt vedtak frå UDI (jf. utlendingslova § 92 andre ledd
første punktum),
når det vert oppretta sak om utvising (jf.
§ 92 første ledd), eller
når retten til prosessfullmektig trer inn
som følgje av at vedkomande er pågripen (dvs. «så vidt mulig […]
straks det er klart at en pågrepet utlending ikke vil bli løslatt,
uttransportert eller fremstilt for fengsling etter § 106 innen utløpet av
den andre dagen etter pågripelsen») jf. § 92 fjerde ledd.
I høyringsnotatet uttalte departementet at denne prosessen
vil ivareta rettstryggleiken på ein god måte. UNHCR er som nemnt
kritisk til bruk av utvida registrering, men har ikkje gjeve uttrykk for
at rettshjelpsytingane i seg sjølve vil vere utilstrekkelege. Det
har heller ikkje andre høyringsinstansar. Departementet står fast
ved at den rettleiinga og advokathjelpa som er samanfatta i punktlista
ovanfor, vernar om utlendingen sin rettstryggleik og samstundes
representerer ein hensiktsmessig prosess.
I høyringsnotatet uttalte departementet at det
er «nærliggande at ein og same advokat skal handtere både utlendingssaka
(asylsaka og eventuelt utvisingssak) og fengslingsspørsmålet i dei
tilfella ein utlending vert pågripen i medhald av den foreslegne
heimelen i § 106». Departementet viste til at dette til dels følgjer
av utlendingslova § 92 fjerde ledd tredje punktum om oppnemning
av advokat i samband med fengsling. Departementet ville likevel
vurdere å regulere eksplisitt at det berre skal oppnemnast éin advokat
i aktuelle saker. Departementet uttalte at det «i så fall [er] nærliggande
å velje advokat blant dei advokatane som primært handterer fengslingssaker»,
og viste til at asylsaka er presumptivt grunnlaus og at spørsmålet
i den samanheng i første rekkje vil vere om saka eventuelt skal
ut av hurtigprosedyren. I så fall vil det kunne vere aktuelt med
byte av advokat.
Departementet bad særskilt om høyringsinstansane
si vurdering av kva for advokatar som bør nyttast i dei aktuelle
48-timarsakene. UDI meiner at det i utgangspunktet kan vere ein
fordel å bruke berre éin advokat i aktuelle saker, men tek til orde
for at advokaten først og fremt bør ha utlendingsrettsleg kompetanse.
Advokatforeningen meiner også at det ikkje bør nyttast advokatar
med primært strafferettsleg bakgrunn. PU er positive til forslaget
om at éin advokat skal handtere både asylsaka og fengslingssaka,
men kommenterer ikkje val av advokat.
Departementet meiner framleis at éin advokat bør
handtere både asylsaka og fengslingssaka. I lys av innspela frå
høyringsinstansane går departementet derimot bort frå forslaget
om primært å bruke advokatar som i hovudsak arbeider med fengslingssaker.
Departementet seier seg også samd i Domstoladministrasjonen sitt
forslag om ein meir fleksibel ordlyd, jf. nærare omtale i punkt
6.5 ovanfor. I staden for at det «skal» oppnemnast éin advokat,
foreslår departementet at det skal skje «som hovedregel».
Dersom Stortinget vedtek forslaget om ein ny fengslingsheimel,
vil departementet vurdere ein regel i utlendingsforskrifta som tentativtkan sjå slik ut:
Ǥ 17-20 a. Valg av advokat i sak som nevnt i lovens
§ 106 første ledd bokstav h
I tilfeller hvor en
utlending pågripes fordi søknaden om beskyttelse antas å være åpenbart grunnløs
og skal behandles i løpet av 48 timer, jf. lovens § 106 første ledd
bokstav h, og utlendingen har rett til prosessfullmektig eller fritt rettsråd
etter lovens § 92, skal det som hovedregel oppnevnes samme advokat
i forbindelse med
a) pågripelse og eventuell fengsling,
b) søknaden om beskyttelse og
c)
en eventuell sak om utvisning.»
Dersom det skal regelfestast at éin og same
advokat skal handtere både fengslingssaka og utlendingssaka, må
det vurderast kva for godtgjersle advokaten skal få.
I høyringsbrevet foreslo departementet å ta
utgangspunkt i stykkprisforskrifta § 9 om godtgjersle for fengslingsoppdrag,
og leggje til to gongar den offentlege salærsatsen for handtering av
utlendingssaka. Det vert normalt gjeve tre gongar salærsatsen i
openbert grunnlause asylsaker, jf. § 5 andre ledd nr. 1 bokstav
c nr. 2. Ettersom advokaten også handterer fengslingssaka til same
person, og difor er kjent med klienten og saksforholda, meinte departementet
at det var rimeleg å redusere bistanden til to gongar salærsatsen.
Departementet bad særskilt om høyringsinstansane
si vurdering av forslaget om godtgjersle.
Departementet har kome til at det ikkje er tenleg å
leggje opp til ei slik avkorting som foreslått i høyringsbrevet.
I lys av at særleg UDI og Advokatforeningen er kritiske til den
materielle konsekvensen av forslaget, og at den skisserte regelendringa
utløyser ei rekkje komplikasjonar det vil vere krevjande å handtere
i praksis, vil departementet ikkje gå vidare med ein forskriftsregel
om avkorting. Godtgjersla til advokaten vil dermed følgje dei ordinære
reglane om rettshjelp.
Det går fram av proposisjonen at bruk av pågriping
og fengsling i ein del hurtigprosedyresaker vil kunne føre til meir
effektiv sakshandsaming og etterfølgjande uttransportering, som
igjen vil kunne bidra til at det vert levert færre openbert grunnlause
søknader i Noreg.
På den andre sida krev pågriping og eventuelt fengsling
ein viss ressursbruk, først og fremst av politiet. Departementet
legg til grunn at det på grunn av 72-timarfristen vil vere få fengslingssaker
og at forslaget dermed i liten grad vil påverke domstolane. Også
pågripingssaker vil likevel kunne innebere utgifter til rettshjelp
i tillegg til politiet sin ressursbruk. Politiet må fortløpande
vurdere kva som er hensiktsmessig bruk av kapasiteten på Trandum
utlendingsinternat. Det er vanskeleg å vurdere kor mange nye pågripingssaker
den nye heimelen vil innebere. Bruken av heimelen må vurderast innanfor
dei til ei kvar tid gjeldande budsjettrammer.
Utvida registrering i staden for ordinært asylintervju
vil innebere redusert ressursbruk for politiet og UDI sett under
eitt.
Departementet viser vidare til at det i høyringsnotatet
«Innstramninger II» (29. desember 2015) er foreslått at pågripingssaker
skal godtgjerast med tre gongar salærsatsen, ikkje medgått tid.
Dersom dette vert vedteke, vil dei fleste hurtigprosedyresaker der
utlendingen vert pågripen (men ikkje framstilt for fengsling) innebere
ei advokatgodtgjersle på totalt seks gongar salærsatsen (tre for
pågripingssaka pluss tre for asylsaka). Dersom utlendingen vert
framstilt for fengsling, noko departementet legg til grunn vil skje
i mindretalet av sakene, vil den samla godtgjersla bli åtte gongar
salærsatsen (fem for fengslingssaka pluss tre for asylsaka).
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen
og Eirin Sund, fra Høyre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn
Lødemel og Ingjerd Schou, fra Fremskrittspartiet, Mazyar Keshvari og
lederen Helge André Njåstad, fra Kristelig Folkeparti, Geir Sigbjørn Toskedal,
fra Senterpartiet, Heidi Greni, fra Venstre, André N. Skjelstad,
og fra Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, viser
til Prop. 91 L (2015–2016) hvor regjeringen foreslår endringer i
utlendingsloven.
Komiteen viser til at departementet
foreslår å innføre et nytt grunnlag for pågripelse og fengsling
i utlendingsloven § 106. Forslaget innebærer at det vil være mulighet
til å vurdere pågriping og eventuelt fengsling av en utlending som
har levert en asylsøknad som presumptivt er åpenbart grunnløs og
derfor blir behandlet i 48-timersprosedyren. Komiteen viser
til at departementets forslag gir hjemmel til at pågriping og fengsling
av en utlending på grunnlag av behandling av asylsøknaden i hurtigprosedyren
maksimalt skal kunne vare i 72 timer.
Komiteen viser til at formålet
med å innføre et nytt grunnlag for pågriping og fengsling i forbindelse
med saksbehandling i hurtigprosedyren er å sikre at utlendingen
ikke forsvinner før saken er avgjort av utlendingsmyndighetene.
Videre viser komiteens flertall,
medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig
Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, til at det er viktig
at utlendingen er i politiets forvaring fram til søknaden er avgjort
for å legge til rette for rask retur ved et eventuelt avslag på asylsøknaden. Flertallet er
kjent med at 90 personer av de som fikk avslag gjennom 48-timersprosedyren
i 2015, ikke er uttransportert, og at over 90 pst. av disse er registrert
som forsvunnet eller uten kjent adresse. Flertallet ser
med bekymring på politiets erfaringer knyttet til at enkelte personer
i gruppa som har forsvunnet i forbindelse med hurtigprosedyren,
forlater mottaket for å begå kriminelle handlinger. Flertallet mener
det er avgjørende at asylinstituttet har respekt i folket, og politikerne
har et ansvar for å hjelpe politiet og utlendingsmyndighetene med
å begrense misbruket av asylinstituttet.
Flertallet er positive til at
generelle vilkår for fengsling og andre tvangsmidler vil gjelde
også i denne typen saker. Herunder gjelder for eksempel kravet om
forholdsmessighet og «tilstrekkelig grunn», jf. utlendingsloven
§ 99.
Flertallet peker på at hjemmelen
for pågriping og fengsling vil gjøre unntak for mindreårige og barnefamilier
og er positive til det. Flertallet viser til at departementet
foreslår en tilsvarende endring i utlendingsloven § 105 slik at
man vil kunne vurdere pålegg om meldeplikt eller bestemt oppholdssted
i forbindelse med 48-timersprosedyren, som kan være aktuelt også
overfor mindreårige og barnefamilier. Flertallet mener
dette er et vesentlig mildere inngrep enn pågriping og fengsling,
og støtter forslaget om en endring i loven § 105.
Flertallet viser til gjeldende
lovverk og utlendingsloven § 106 a, som i første ledd lister opp
en rekke momenter som kan tale for at det foreligger unndragningsfare.
Unndragningsfare er et selvstendig fengslingsgrunnlag etter gjeldende
lovverk. Flertallet viser til at departementets forslag
innebærer at «utlendingens søknad om oppholdstillatelse er avslått
som åpenbart grunnløs» skal telle som et slikt moment. Flertallet peker
på at en åpenbart grunnløs asylsøknad indirekte vil kunne innvirke
på vurderingen av unndragningsfare også etter dagens lov og praksis. Flertallet mener
videre at det er et viktig prinsipp at unndragningsfare skal vurderes
konkret i det enkelte tilfellet.
Komiteens medlem fra Venstre vil
understreke at prosedyren bare gjelder et begrenset antall land
som man legger til grunn at etterlever de internasjonale menneskerettighetene
på et akseptabelt nivå, og at det bare vil være aktuelt å utvide
med land som i dag behandles i 3U-prosedyre.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre,
viser til avtalen mellom Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti
og Venstre hvor det er enighet om å innføre adgang til å vurdere
fengsling av personer som i dag får sakene vurdert i løpet av 48
timer. Partene i avtalen har gjennom denne forpliktet seg til å
støtte lovforslaget i Stortinget.
Komiteen avholdt åpen høring om innstramningsforslagene,
Prop. 90 L (2015–2016) og Prop. 91 L (2015–2016) 28. april 2016.
Et annet flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti,
Senterpartiet og Venstre, viser til at det i lovforslaget
fra departementet i tilknytning til § 106a første ledd ny bokstav
l, er foretatt en henvisning til «§ 90 femte ledd bokstav b». Som
følge av at det i Prop. 90 L (2015–2016) (innstramninger II) er foreslått
et nytt § 90 tredje ledd, skjer det imidlertid en forskyvning av
leddene i § 90 som gjør at rett henvisning i § 106a første ledd
ny bokstav l vil være «§ 90 sjette ledd bokstav b».
Flertallet støtter for øvrig
forslaget i proposisjonen til endringer i utlendingsloven §§ 105
første ledd ny bokstav f, 106 første ledd ny bokstav h, 106 første
ledd nytt femte punktum og 106 første ledd ny bokstav l.
Et tredje flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre,
mener at det må utvises varsomhet når det gjelder økt bruk av tvangsmidler
overfor personer som ikke har begått kriminelle handlinger. Samtidig
er det viktig å finne frem til tiltak for å unngå at asylinstituttet
blir misbrukt, og at åpenbart grunnløse asylsøkere forsvinner før
negativt vedtak er fattet. Det forutsettes at grunnlaget ikke skal brukes
generelt. Endringen etablerer kun en adgang til å pågripe og fengsle. Flertallet legger til
grunn at det må foretas en forholdsmessighetsvurdering i hver sak
hvor pågripelse og fengsling vurderes. Det legges også til grunn
at en eventuell pågripelse eller fengsling må være formålstjenlig.
Her vil en rekke momenter, blant annet om det er utsikt til å få
uttransportert vedkommende innen fengslingstidens utløp, være av
betydning for om man velger å fengsle eller ikke.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstrepartikan ikke stille seg bak dette forslaget
om hjemmel for å fengsle asylsøkere som behandles etter 48-timersprosedyren. Dette
medlemmerker seg at formålet
til forslaget er å hindre at asylsøkere som får avslag unndrar seg
utsendelse, og for å hindre kriminalitet. Selv om disse formålene
er viktige og støttes av dette medlem, så er ikke
fengsling av asylsøkere verken et proporsjonalt eller treffsikkert virkemiddel
for å oppnå dette.
FNs verdenserklæring om menneskerettigheter artikkel
14 fastslår at enhver har rett til i andre land å søke og å ta imot
asyl mot forfølgelse. Dersom en asylsøker risikerer fengsling ved
å levere en søknad, vil dette kunne skremme bort flere fra å søke
asyl som faktisk har et beskyttelsesbehov.
UNHCR har i sin høringsuttalelse bemerket at selv
om det kan finnes grunnlag for å fengsle en asylsøker i påvente
av retur, så er ikke rene effektivitetshensyn eller kriminalitetsbekjempelse et
slikt grunnlag. UNHCR uttaler videre:
«The detention of an asylum-seeker on the sole ground
of his or her nationality would be discriminatory an inconsistent
with Article 3 and the 1951 Convention and international human rights
law.»
Dette medlemviser
til at 48-timersprosedyren baserer seg på hvilket land søkeren kommer
fra. Dette innebærer at eventuell pågripelse i hovedsak vil knytte
seg til statsborgerskapet, og ikke gi en individuell vurdering av
den enkelte eller hvorvidt pågripelsen er nødvendig for å hindre unndragelse. Dette
medlemviser til UNHCRs og NOAS’
høringsuttalelse, og stiller spørsmål ved om forslaget står seg
i henhold til diskrimineringsloven om etnisitet § 6.
Dette medlem viser til høringsuttalelsen
fra Advokatforeningen hvor det skrives at det har vært tilfeller
hvor asylsøknader som UDI har vurdert som «åpenbart grunnløse»,
har blitt omgjort i UNE eller i domstolen. Dette medlemmener at det for disse klart ville ha
vært uforholdsmessig å bli pågrepet kun på grunn av fremsettelsen
av en asylsøknad.
Dette medlemvil
også vise til NOAS erfaringer om at de som fremsetter «åpenbart
grunnløse» søknader, selv ofte mener de har krav på asyl, og ikke
gjør det som et ledd i å misbruke asylinstituttet.Dette
medlemmener at å åpne for å
fengsle asylsøkere som ikke har gjort noe kriminelt, annet enn å
søke om asyl, vil gå på bekostning av rettsstatens prinsipper om
at ingen kan fengsles uten at man har gjort noe galt. Dette
medlemstøtter i alle tilfeller
at det er gitt unntak for barn og barnefamilier.
Dette medlem mener
at unndragelsesfaren som i noen tilfeller kan eksistere, kan kontrolleres
ved at det innføres en mulighet for å pålegge meldeplikt eller et
bestemt oppholdssted slik departementet har foreslått. Ved et eventuelt brudd
på meldeplikten vil det være et grunnlag for fengsling i utlendingsloven
§ 106. Meldeplikt er et mindre inngripende tiltak enn frihetsberøvelse,
og vil kunne ivareta formålet om kontroll og kriminalitetsbekjempelse.
Dette medlemmener
likevel at det må gis et unntak for barnefamilier og mindreårige.
48-timers-prosedyren omfatter i utgangspunktet mindreårige, og de
bør ikke risikere å bli fengslet. Dette medlemkan heller ikke se at det er vist til
eksempler hvor hele barnefamilier har forsvunnet og at dette utgjør
et problem som ikke kan løses innenfor dagens regelverk. Dette medlem viser
til at meldeplikt også kan føre til fengsling og at det ikke bør
være grunnlag for å fengsle barn som er asylsøkere.
Dette medlem fremmer derfor følgende forslag:
«I utlendingsloven gjøres følgende endringer:
§ 105 første ledd ny bokstav f skal lyde:
Dette medlem viser
til at det i dag allerede eksisterer en hjemmel i utlendingsloven
§ 106 første ledd bokstav b for pågriping og fengsling av en utlending
når det er «konkrete holdepunkter for å anta at utlendingen vil
unndra seg iverksettingen av et vedtak som innebærer at utlendingen plikter
å forlate riket». Dette medlem mener at det å levere
inn en presumptivt grunnløs asylsøknad ikke er tilstrekkelig for
å hevde at personen vil unndra seg retur. Det må vurderes konkret,
og dette medlem kan derfor ikke støtte forslaget.
Dette medlem er enig
i forslagene om endringene i retningslinjene for registrering og
forskriftsendringen for rettslig bistand. Det er gode grunner for
å ha som hovedregel at det kun skal være én advokat som representerer
asylsøkeren i både utlendingssaken og fengslingssaken, spesielt
når formuleringen ble endret slik at det ikke er et absolutt krav
og at det heller ikke gis føringer på om advokaten i hovedsak skal
drive med strafferett eller utlendingsrett.
Dette medlem er også enig i at
det ikke er problematisk med en utvidet registrering for søkere
etter 48-timersprosedyren så fremt rettssikkerheten til den enkelte
ivaretas, slik at den enkelte får en individuell behandling. I proposisjonen
står det «At UDI ikkje skal gjennomføre intervju, frigjer sakshandsamarkapasitet
og reduserer dei samla kostnadene til blant anna tolketenester». Dette
medlem legger til grunn at også politiet, dersom det er
nødvendig, må benytte tolk i den utvidede registreringen, og at
UDIs sparte utgifter til tolketjenester vil innebære en tilsvarende
økning hos politiet.
Dette medlem viser
til at det ikke er foretatt en kostnadsvurdering av forslaget, eller
vurdering av hvor mye ressurser som vil bli brukt på pågripelsene. Dette
medlem er av den oppfattelse at økte offentlige kostnader
må ha en klar begrunnelse og vise til en sannsynlighet for at politiske
formål vil bli oppnådd. I dette tilfellet fremgår det av proposisjonen
at det er «uklart» om det vil føre til mindre kriminalitet eller
at færre folk uten lovlig opphold befinner seg i Norge. Dette
medlem mener det er sentralt at dette ikke går på bekostning
av den normale kriminalitetsbekjempelsen.
Dette medlem viser til at lovendringen
som flertallet vil stemme for, og som derfor vil bli gjennomført,
er så presumptivt kostbar at endringen, dersom vedtatt, også av
den grunn må evalueres. Alternativet er at hjemmelen rett og slett ikke
vil bli særlig brukt. Dette medlem fremmer derfor
forslag om at ordningen evalueres, hvor formålet med evalueringen
må være å se på hvorvidt muligheten i det hele tatt blir brukt,
om man har oppnådd redusert kriminalitet og færre personer i Norge
uten lovlig opphold, og hvor store offentlige kostnader ordningen
har medført.
Dette medlem fremmer på denne
bakgrunn følgende forslag:
«Stortinget ber regjeringen evaluere i hvilken grad
ordningen om pågriping og fengsling i samband med 48-timersprosedyren
har blitt brukt, om den har ført til mindre kriminalitet og færre personer
uten lovlig opphold i Norge, og hvor store kostnader ordningen har
medført etter at ordningen har virket i 2 år.»
Forslag fra Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1
I utlendingsloven gjøres følgende endringer:
§ 105 første ledd ny bokstav f skal lyde:
Forslag 2
Stortinget ber regjeringen evaluere i hvilken grad
ordningen om pågriping og fengsling i samband med 48-timers-prosedyren
har blitt brukt, om den har ført til mindre kriminalitet og færre personer
uten lovlig opphold i Norge, og hvor store kostnader ordningen har
medført etter at ordningen har virket i 2 år.
Komiteen har ellers
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak til lov
om endringar i utlendingslova (pågriping og
fengsling i samband med 48-timarprosedyren)
I
I lov 15. mai 2008 nr. 35 om utlendingers adgang til
riket og deres opphold her gjerast følgjande endringar:
§ 105 første ledd ny bokstav f skal lyde:
f) utlendingens søknad om beskyttelse
antas å være åpenbart grunnløs og skal behandles i løpet av 48 timer.
§ 106 første ledd ny bokstav h skal lyde:
h) utlendingens søknad om beskyttelse
antas å være åpenbart grunnløs og skal behandles i løpet av 48 timer.
Dette gjelder ikke hvis utlendingen er mindreårig eller har mindreårige
barn som også har søkt beskyttelse.
§ 106 femte ledd nytt femte punktum skal lyde:
Pågripelse og fengsling etter første ledd bokstav h
kan ikke overstige 72 timer.
§ 106 a første ledd ny bokstav l skal lyde:
l) utlendingens søknad om oppholdstillatelse
er avslått som åpenbart grunnløs, jf. § 90 sjette ledd bokstav b.
II
Lova gjeld frå den tida Kongen avgjer. Kongen kan
setje i kraft dei ulike føresegnene til ulik tid.
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den
6. juni 2016
Helge André Njåstad |
leder og ordfører |