Teknisk test 17.–18. september

Tirsdag 17. og onsdag 18. september gjennomføres det tekniske tester av infrastrukturen i stortingssalen. I perioden vil blant annet talerlisten, nett-TV og førstesiden på  stortinget.no bli testet, og det kan oppleves aktivitet i disse.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og Hanne Dyveke Søttar, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, syner til Dokument 3:11 (2016–2017) Riksrevisjonens undersøkelse av effekten store investeringer i jernbanen har på togtilbudet.

Komiteen minner om at det er brei politisk semje om at det er viktig at me har ein veldriven jernbane. Det transportpolitiske målet for jernbanen er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg og sikkert transportsystem.

Komiteen synest derfor det er positivt at Riksrevisjonen har kome med ein rapport til Stortinget som har som mål å vurdera om dei store jernbaneinvesteringane har bidrege til at me har fått eit meir attraktivt togtilbud, og i kva grad investeringane har medverka til reduserte reisetider, betre forutsigbarheit og fleire avgangar for dei reisande, i perioden frå 2005 til 2016.

Komiteen er einig med Riksrevisjonen i at auka jernbanetransport er viktig for at me skal nå målet om eit meir effektivt og miljøvennleg transportsystem. Det er også spesielt viktig i lys av at investeringane til jernbanen har auka betydeleg, frå 1,4 mrd. kroner til om lag 10 mrd. kroner årleg.

Komiteen viser til Riksrevisjonen sitt hovudfunn om at betydelege effektar av investeringane først blir oppnådd gjennom større endringar i ruteplanane. Men dessverre blir slike endringar sjeldan gjennomførte. Komiteen vil understreka at det er viktig at desse endringane blir gjennomførte hyppigare. Førre grunnruteendring blei gjennomført gradvis i 2012–2015. Den neste ruteendringa er planlagt først i 2027, noko komiteen meiner er altfor langt fram i tid.

Endringane i togtilbodet har heller ikkje medført at talet på reisande med tog har auka meir enn talet på reisande med bil. Rapporten peikar også på at arbeidet med signalanlegg og andre naudsynte tiltak for å få betre effekt, ikkje har vore ein integrert del av investeringsprosjekta. Styringa har i liten grad vore innretta mot å ta ut effektar av investeringane.

Komiteen er også einig i at det er viktig at investeringane i jernbanen fører til ei merkbar betring i togtilbodet for dei reisande så raskt som mogleg. Gjennom klimameldinga og klimaforliket har Stortinget vedteke at veksten i persontransporten i storbyområda skal takast blant anna med kollektivtransport. Komiteen meiner det derfor er heilt nødvendig at investeringane fører til at jernbanen blir meir attraktiv, slik at fleire vel å reisa med tog.

Komiteen vil òg understreka at arbeidet med å få på plass velfungerande signalanlegg er svært viktig. Jernbaneverket har i alle dei store investeringsprosjekta i perioden 2005 til 2016 hatt utfordringar med å få på plass signalanlegg for planlagt ferdigstilling av prosjekta, noko som har forsinka framdrifta av desse. Velfungerande signal- og sikringsanlegg er ein føresetnad for at eit prosjekt kan ferdigstillast. Komiteen er einig med Riksrevisjonen i at arbeidet med å få på plass godkjende signalanlegg i tide er svært viktig, og at dette blir fulgt opp slik at det samla togtilbodet blir betre.

Komiteen sluttar seg til Riksrevisjonen si tilråding om at Samferdselsdepartementet må sørga for at ruteplanlegginga betrar tilbodet i takt med at infrastrukturen sin kapasitet blir utvida, at Jernbanedirektoratet og Bane NOR SF er godt koordinerte, slik at forhold som påverkar og aukar effektar av investeringane er ein integrert del av prosjekta, og at dei store investeringsprosjekta har klare, tidsfastsette og etterprøvbare mål for korleis togtilbodet kan bli betre.

Komiteen merkar seg statsråden sine utfyllande kommentarar til Riksrevisjonen sine funn og kommentarar. Komiteen merkar seg óg at statsråden i sitt svar i hovudsak seier seg samd i Riksrevisjonen sine tilrådingar, og at tilrådingane vil bli fulgt opp i etatsstyringsdialogen med Jernbanedirektoratet, i eigarstyringa av Bane NOR SF og ved langtidsplanlegginga av sektoren.