Søk

Sammendrag

Med bakgrunn i lokalpolitiske vedtak om revisjon av Miljøpakke Trondheim legg Samferdselsdepartementet i proposisjonen fram forslag om å forlenge innkrevjingsperioden med fem år. I tillegg blir det foreslått nokre endringar i takst- og rabattsystemet (Miljøpakke Trondheim trinn 3).

Staten, Sør-Trøndelag fylkeskommune og Trondheim kommune underteikna i september 2016 ein bymiljøavtale for Trondheim for perioden 2016–2023. Det blir tatt sikte på at avtalen blir revidert i 2018, basert på rammene og føringane i Nasjonal transportplan 2018–2029.

Bymiljøavtalen omfattar heile porteføljen til Miljøpakke Trondheim. Avtalen omfattar også prosjekt/tiltak som blir finansierte med belønningsmidlar, og prosjekt/tiltak på riksveg som blir finansierte med midlar frå ramma til programområdetiltak i byområde med bymiljø-/byvekstavtalar. Gjennom ordninga med statleg tilskot til store fylkeskommunale kollektivinfrastrukturprosjekt vil staten dekke halvparten av dei samla kostnadene ved prosjektet MetroBuss i Trondheim, trinn 1.

Den foreslåtte revisjonen av Miljøpakke Trondheim er ifølgje dei lokale partane ein viktig føresetnad for å nå nullvekstmålet i bymiljøavtalen. Prosjektporteføljen frå trinn 2 ligg fortsatt til grunn, men dei auka inntektene vil bidra til at kommunen og fylkeskommunen kan finansiere sin del av prosjektet MetroBuss. I tillegg vil dei bidra til knutepunktsutvikling og utvikling av eit samanhengande nett for gåande og syklande i tråd med arealdelen i Trondheim kommune sin kommuneplan. Den foreslåtte takstauken vil også bidra til å redusere trafikkveksten. Vidare vil midlane bli nytta til å sikre realisering av dei prosjekta som inngår i Miljøpakke Trondheim, mellom anna riksvegprosjekta E6 Jaktøya–Klett–Sentervegen og rv. 706 Nydalsbrua (tidlegare Sluppen bru) med tilknytingar.

Saken er lokalpolitisk handsama i Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune.

Grunnlagsdokumentet for revisjon av Miljøpakke Trondheim blei sendt på høyring til dei andre kommunane i Trondheimsregionen 13. mai 2016. Melhus, Klæbu, Skaun og Stjørdal kommunar har uttalt seg til dokumentet. Kommunane stiller seg i utgangspunktet positive til eit trinn 3 av Miljøpakken, men samstundes blir det fremja ein del ønskje om endringar som det ikkje blir tatt stilling til i denne omgangen.

Prosjekta i Miljøpakke Trondheim blir prioriterte gjennom porteføljestyring. Dette inneber at tiltaka blir prioriterte på grunnlag av ei samla vurdering basert på bidrag til måloppnåing, disponible midlar, samfunnsøkonomisk lønsemd, planstatus og kapasitet på planlegging og gjennomføring. Det kan bli gjort endringar innafor pakken for å sikre rasjonell framdrift og økonomistyring. Ved kostnadsauke i prosjekta/tiltaka skal porteføljen reduserast.

Prioriteringar og rapportering vil bli lagt fram for Stortinget i samband med dei årlege budsjetta.

Etter at Stortinget har fatta vedtak om forlenga innkrevjingsperiode og endringar i takst- og rabattsystemet for Miljøpakke Trondheim trinn 3, vil det bli inngått ein tilleggsavtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen.