2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, leiaren Lene Vågslid og Maria Aasen-Svensrud, frå Høgre, Peter Frølich, Guro Angell Gimse og Frida Melvær, frå Framstegspartiet, Himanshu Gulati og Solveig Horne, frå Senterpartiet, Jenny Klinge og Emilie Enger Mehl, og frå Sosialistisk Venstreparti, Petter Eide, viser til at Justis- og beredskapsdepartementet i proposisjonen gjer framlegg til endringar i verjemålslova og lov om forsvunne personar.

Komiteen viser til at det er behov for eit særleg lovvern for dei som i liten grad kan verne seg sjølve, og at verjemålslovgivinga skal reflektere dette behovet. Verjemålet skal sikre personar som treng det, støtte og bistand til å gjere rettslege disposisjonar og til å råde over midlane sine. For at ordninga skal fungere etter formålet, er det ein viktig føresetnad at det blir lagt til rette for eit tillitsfullt og fortruleg forhold mellom verja og personen som har fått oppnemnt verje. Komiteen viser til at proposisjonen gjeld framlegg til regulering av høvet til bevisføring frå oppnemnde verjer om tilhøve som er omfatta av den teieplikta verja har etter verjemålslova. Det blir gjort framlegg om visse justeringar i reglane om unntak frå teieplikta for oppnemnde verjer og for verjemålsstyresmakta. Framlegget inneheld i tillegg visse særreglar for samtykke i saker der personen med verje er mindreårig. Vidare blir det gjort framlegg om at brot på teieplikta skal straffesanksjonerast for faste verjer.

Komiteen merkar seg at det i proposisjonen er gjort framlegg om endring av regelen om dødsorskurd når det ikkje er grunn til å tvile på at ein person er død. Framlegget går ut på å opprette ein særskilt heimel for handsaminga av saker som i dag blir handterte ved ein analogisk bruk av lov om forsvunne personar § 8. Formålet er å leggje til rette for ei formålstenleg behandling av saker der ein person med tilknyting til Noreg har døydd i utlandet, og det ikkje kan skaffast fram dokumentasjon som er tilstrekkeleg til å registrere personen som død i det norske Folkeregisteret. Komiteen noterer seg at departementet ikkje reknar med at dette vil føre til ein auke i talet på saker, men at det heller ikkje kan sjåast bort frå at endringa gjer sakstypen meir synleg og derfor kan føre til at nokre fleire saker blir førte inn for domstolane.

Komiteen registrerer at framlegget til endringar i verjemålslova og lov om forsvunne personar ikkje er venta å få nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.

Komiteen viser til at det i proposisjonen er fremja forslag til endringar i verjemålslova, lov om forsvunne personar og visse andre lover. Det å leggje til rette for at personen som har fått oppnemnd verje, og verja kan ha eit tillitsfullt og fortruleg forhold, er etter komiteen si meining ein viktig føresetnad for at ordninga kan fungere etter formålet.

Komiteen er samde i ein hovudregel om at det ikkje kan førast bevis frå ei oppnemnd verje som krenkjer teieplikta verja har etter verjemålslova, og at forbodet ikkje skal gjelde dersom den som har krav på teiing, samtykkjer til bevisføring. Komiteen meiner også at særreglane som er foreslått der personen med verje er mindreårig, er viktige.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at forslaget om bevisforbud for opplysninger som en oppnevnt verge har fått fra personen med verge, innebærer et dilemma mellom kravet til en saks opplysning i retten, og å styrke tilliten som skal være mellom en verge og personen som har behov for verge. Disse medlemmer støtter forslaget og viser spesielt til argumentet om at det blir et skille mellom advokater, som i dag ikke vil kunne vitne i en rettssak om spørsmål underlagt taushetsplikt, og andre som ikke har yrker som legger denne begrensningen. Tillit mellom den som er oppnevnt som verge, og personen er svært viktig, og disse medlemmer mener det må legges stor vekt på at fylkesmennene som administrerer ordningen, støtter denne endringen. Likevel peker blant annet Dommerforeningen og Agder lagmannsrett på et potensielt problem ettersom vergen vil ha rollen som en part på vegne av den personen de er verge for, og dermed skal bidra til sakens opplysning, jf. tvistelovens bestemmelser. Disse medlemmer mener det derfor er viktig at regjeringen gjør en vurdering av endringen og eventuelt kommer tilbake til Stortinget med et nytt forslag dersom det får uheldige utslag.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti, ser at vaksne personar med oppnemnd verje kan ha ulikt fungeringsnivå. Høvet til å tillate at det blir ført bevis frå den oppnemnde verja, bør ikkje vere avskore i tilfelle der personen reint faktisk ikkje er i stand til å forstå kva eit samtykke inneber. Fleirtalet er samde i at retten får kompetanse til å ta vare på interessene til personen.

Fleirtalet støttar forslaget om endringar i reglane om kven som har kompetanse til å reise sak om verjemål med fråtaking av den rettslege handleevna, slik at verja ikkje lenger sjølv kan reise sak om dette. I dei tilfella der verja meiner at det er behov for verjemål med fråtaking av den rettslege handleevna, kan verja ta dette opp med Fylkesmannen.

Fleirtalet støttar vidare endringsforslaga i proposisjonen om å gjere justeringar i reglane om unntak frå teieplikta for oppnemnde verjer og for verjemålsstyresmakta. Fleirtalet ser det som positivt at lova tydeleggjer at unntaka skal gjelde både for vaksne og barn med oppnemnd verje.

Fleirtalet meiner justeringane for å få til ei betre tilpassing mellom unntaka frå teieplikta og omsyna som ligg til grunn for dei, er rette. Fleirtalet støttar opp om at unntaket frå teieplikta blir endra, slik at desse opplysningane om verjemålet kan gjerast kjende for andre så langt det er nødvendig av omsyn til personen sjølv, eller for å sikre at verja kan utføre oppdraget sitt på ein god måte. At teieplikta for verja og verjemålsstyresmakta blir harmonisert, ser fleirtalet som positivt.

Fleirtalet meiner det er rett at brot på teieplikta skal straffesanksjonerast for faste verjer.

Fleirtalet er samde i endringa av regelen om dødsorskurd når det ikkje er grunn til å tvile på at ein person er død, jf. lov 12. mai 2015 nr. 27 om forsvunne personar § 8. Fleirtalet ser det som viktig at det blir lagt til rette for ei formålstenleg behandling av saker der ein person med tilknyting til Noreg har døydd i utlandet og det ikkje kan skaffast fram dokumentasjon på dødsfallet som kan godtakast for å registrere personen som død i det norske Folkeregisteret.

Fleirtalet støttar opprettingane av inkuriar i lover på Justis- og beredskapsdepartementet sitt område.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, merker seg at Helsedirektoratet i sitt høringssvar knytter enkelte bemerkninger til forslaget om innskjerpinger i taushetsplikten i vergemålsloven §§ 46 og 65. Dette flertallet forutsetter at endringene i disse lovbestemmelsene – gjennom unntaket for opplysninger om vergemålet som er nødvendige av hensyn til personen selv – kan sikre helsetjenesten nødvendig kunnskap om eksistensen av vergemål, slik at tjenesten kan ivareta alle sine lovpålagte oppgaver.