2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og Ulf Leirstein, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, syner til at komiteen har to grunnlovsforslag til handsaming om oppheving av § 117 i Grunnlova, Dokument 12:16 (2015–2016) og Dokument 12:33 (2015–2016).

Innleiing

Odels- og åsetesretten har eit vern gjennom § 117 i Grunnlova.

Odels- og åsetesretten er nærare heimla i lov om odelsretten og åsetesretten (odelslova) frå 1974. I odelslova § 1 blir odelsretten definert slik:

«Odelsrett kan hevdast til fast eigedom som nemnt i § 2. Slik eigedom blir kalla odlingsjord. Den som eig odlingsjord når odelshevdstida går ut, blir kalla odlar.

Eigedom som det kviler odel på, blir kalla odelsjord.»

Åsetesretten er nærare definert i odelslova § 51 første ledd:

«Når eigaren av odelsjord eller odlingsjord døyr og jorda går i arv til etterkomarane hans, har ein av desse rett til på skifte å få denne utlagt til seg, på vilkår som går fram av dei etterfølgjande paragrafane. Denne retten, som blir kalla åsetesrett, gjeld ikkje sameigepart utan der resteigedomen er eigd av ektefellen eller sambuaren til arvelataren og arvingen er etterkomar også etter denne.»

Vidare følgjer det av odelslova § 56 første ledd:

«Åsetesarvingen har krav på at det ved skjøn blir fastsett ein overtakingspris som er rimeleg etter dei tilhøva som ligg føre. Verdsetjinga skal gjerast med særleg tanke på at overtakaren kan makte å bli sitjande med eigedomen. Åsetestakst må ikkje setjast høgare enn verdien av eigedomen ved odelstakst, jf. § 49.»

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, syner til at gjennom åsetesretten, som har vore avgjerande ved generasjonsskifter, på gardane, har det vore stabilitet med omsyn til kven som skal overta garden. Dette har òg vore med på å gje den som har hatt den beste odelsretten, tid til å områ seg før overtakinga, mellom anna ved å kunne ta utdanning. Samstundes har åsetesretten lagt til rette for at den som skal overta garden, kan gjere dette til ein pris som kan forrentast av drifta. Lova er med på å markere likestilling mellom kjønna i høve til eigarskap og drift av landbrukseigedomen. Noreg er mellom dei landa i verda med høgast del av kvinnelege eigarar og brukarar av landbrukseigedom.

Historisk grunngjeving

Komiteen syner til at odelslova har vore ein av grunnpilarane i den norske konstitusjonen sidan Grunnlova vart utforma på Eidsvoll i 1814.

Årsaka til at odelsretten fekk eit vern i Grunnlova, var at dei 112 eidsvorne i riksforsamlinga på Eidsvoll ville hindre adelen og rikfolk i å kjøpe opp jord og skog i Noreg. Gjennom eit grunnlovsvern ville ein òg sikre fordeling av makt og rikdom i Noreg, og gjennom det unngå at for mykje makt vart konsentrert hjå nokon få, mellom dei adelen og kyrkja.

Komiteen syner til at odelslova frå 1821 ikkje har vore ei statisk lov. Lova har endra seg i takt med tida. Frå den store revisjonen av lova i 1974 og fram til i dag har det vore ei rekkje endringar og tilpassingar – seinast i 2017. I takt med strukturelle endringar har det òg vore endringar i lovverket.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, vil framleis sikre det norske landbruket og utøvarane ei framtid som sjølvstendige, sjølveigande og frie bønder. Odelsinstituttet er eit vern mot kapitalkreftene. Allereie no ser vi eit sterkt press mot landbruksnæringa, etter endringane i odelslova og konsesjonslovane dei siste åra.

Fleirtalet syner og til Odelslovutvalgets rapport (NOU 2003: 26), der eit klart fleirtal meinte det var viktig å halde på odelslova, samstundes som ein ville modernisere regelverket. Denne moderniseringa har mellom anna resultert i at krinsen av personar med odelsrett har vore justert. I tillegg har arealgrensene vore justerte jamleg i takt med utviklinga av norsk landbruk. I likskap med fleirtalet i utvalet vil fleirtalet syne til konklusjonane frå utvalet om at odelsretten gjev:

  • Betre landbruk

  • Sjølveigande bønder som bidreg til trygg mat, langsiktig ressursforvaltning, riktig eigedomsstruktur, lokalt eigarskap, spreidd busetjing og likestilling mellom kjønna

Fleirtalet vil peike på at grunnlovsvernet som odelsrekkja har, er avgjerande for at vi har eit jordbruk over heile landet. Odelslova har vore ein viktig årsak til at folk har tora å satse på landbruk som næring. Odelslova tener i så måte to viktige mål: eit berekraftig produksjonslandbruk som gjev tilstrekkeleg lønnsemd, og omsynet til arv og retten ein har knytt til familiære band. Odelsinstituttet har vore eit vern mot kapitalkreftene og har sytt for at personar med interesse og føresetnader for å forvalte landbrukseigedomane og matproduksjonen har vore sikra moglegheit til dette.

Fleirtalet meiner odelslova er viktig for norsk matproduksjon i framtida. I likskap med konsesjonslovene, jordlova og norsk suverenitet er odelslova ein av grunnpilarane i norsk grunnlov, norsk busetjing og norsk matproduksjon.

Odelslova er samstundes ein, privatrettsleg lov, noko som har sikra eit spreidd eigarskap av jorda, sikra langsiktig planlegging og drift av både areal og matproduksjon.

Fleirtalet stiller seg bak desse vurderingane, og tilrådinga frå fleirtalet er såleis at forslaga i Dokument 12:16 (2015–2016) og Dokument 12:33 (2015–2016) ikkje blir vedtekne, og at § 117 i Grunnlova blir ståande.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at mange av de hensyn som har begrunnet odelsloven, i dag ivaretas bedre av andre lovbestemmelser, som for eksempel konsesjonsloven. Særlig gjelder dette etter at kretsen som er odelsberettiget, ble betydelig innskrenket i 2014.

Disse medlemmer viser til at odelsloven ikke lenger bidrar til at det er et samsvar mellom eier og bruker. Andel utleid areal utgjør i dag opp mot femti prosent. Uten odelslov kan det bli større samsvar mellom eier- og brukerforhold i landbruket. En eier som driver jorda, vil ventelig ta bedre vare på jorda enn en leietager. Odelsloven vanskeliggjør dessuten en annen driftsorganisering enn enkeltpersonforetak, da det i praksis er umulig for upersonlige brukere å få kjøpt landbrukseiendom. Disse medlemmer viser til at dagens odelslov holder andre nye eiere utenfor og ikke slipper til dem som kunne ha interesse av å utvikle et aktivt eierskap. Alt i alt mener disse medlemmer at dette hindrer en optimal ressursutnyttelse i samfunnet.

Disse medlemmer viser også til at slektshensynet antakelig ligger så sterkt nedarvet for eiere av jordbrukseiendommer at det uansett vil gå svært lang tid før vi får se reelle endringer selv om odelsloven skulle bli opphevet.

Disse medlemmer foreslår på denne bakgrunn at Dokument 12:16 (2015–2016) bifalles, og at § 117 oppheves.