Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I Prop. 18 S (2018–2019) kjem Olje- og energidepartementet med framlegg til endringar i statsbudsjettet 2018 i samsvar med kapittel 2. I kapittel 3 i proposisjonen gjer departementet greie for behandlinga av meirverdiavgift når det gjeld forprosjektering av fullskala CO2-handtering. I kapittel 4 i proposisjonen gjer departementet greie for bruk av fullmakter under petroleumsverksemda.
Det er foreslått å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner, til om lag 19,4 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsauke under kap. 1800 post 71 Tilskot til Norsk Oljemuseum.
Det er sett av 1,8 mill. kroner under post 70 i 2018 for å dekkje uteståande forpliktingar for den norske deltakinga i EUs rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon. Det vil ikkje vil bli utbetalingar til CIP i 2018.
Det er sett av 2,8 mill. kroner i økonomisk bidrag til ACER under posten som ikkje vil påløpe i 2018.
På denne bakgrunnen er det foreslått å redusere løyvinga med til saman 4,6 mill. kroner, til 3,2 mill. kroner.
Det er foreslått at staten støttar ei ny utstilling med 1,5 mill. kroner over Olje- og energidepartementets budsjett. På denne bakgrunnen er det foreslått å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner, til 15 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande reduksjon under kap. 1800 post 21 Spesielle driftsutgifter.
Det er foreslått å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner, til 305,7 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande inntektsauke under kap. 4810 post 1 Gebyrinntekter.
Utgifter til Oljedirektoratets samarbeidsavtale med Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) om rådgiving innanfor petroleumsforvaltning for utviklingsland (Olje for utvikling) er anslått å bli 10 mill. kroner lågare enn gjeldande løyving.
På denne bakgrunnen er det foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, til om lag 106,8 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4810 post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.
Petoro Iceland AS har frå 2013 til 2018 forvalta statens deltakarpartar i tre utvinningsløyve på islandsk sokkel. Det vart i januar 2018 bestemt ikkje å føre vidare aktiviteten i det siste aktive løyvet. På denne bakgrunnen er det foreslått å redusere løyvinga under post 72 Administrasjon, Petoro Iceland AS med om lag 1,1 mill. kroner, til 400 000 kroner for dekning av utgifter som har komme til i 2018. Vidare er det foreslått å redusere løyvinga under post 73 Statleg deltaking i petroleumsverksemd på islandsk kontinentalsokkel med om lag 18,4 mill. kroner, til 350 000 kroner.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har berekna eit løyvingsbehov på til saman 55 mill. kroner til krise- og hastetiltak som følgje av flaumen i oktober. På denne bakgrunnen er det foreslått å auke løyvinga med totalt 55 mill. kroner, til om lag 316,5 mill. kroner.
Det er foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, til om lag 81,8 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4820 post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.
Olje- og energidepartementet har utbetalt om lag 10,3 mill. kroner til Nordisk Energiforsking i 2018. Det er foreslått å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, til 10,3 mill. kroner.
Det er foreslått å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, til 193 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med tilbakebetaling/avrekning av driftsutgifter for 2017.
Overslaget for kap. 2440 post 30 Investeringar er redusert med 1 000 mill. kroner, til 24 000 mill. kroner. Nedgangen kjem av lågare investeringsoverslag for Johan Sverdrup, redusert produksjonsboring som følgje av forseinka oppstart av Cat J-riggane på Oseberg og Gullfaks, og endra boreplanar for enkelte felt.
Endringar i underpostar av post 24 som er omtalte i proposisjonen, medfører at overslaget for driftsresultatet til SDØE er auka med 31 200 mill. kroner, frå 93 500 mill. kroner til 124 700 mill. kroner.
Overslaget for netto kontantstraum frå SDØE er auka frå 97 800 mill. kroner til 127 800 mill. kroner, ein auke på 30 000 mill. kroner frå gjeldande løyving for 2018.
Overslaget for kap. 2490 underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 26,5 mill. kroner, til 106,5 mill. kroner. Overslaget for kap. 2490 underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 26,5 mill. kroner, til 101,7 mill. kroner. Ovannemnde endringar medfører inga endring i NVE Anlegg sitt driftsresultat.
NVE Anlegg legg opp til å selje utstyr mv. som til saman er venta å gi netto om lag 1,4 mill. kroner i auka inntekter. På denne bakgrunnen er det foreslått løyvd 1,4 mill. kroner.
Gjennom behandlinga av Prop. 119 S (2014–2015), jf. Innst. 360 S (2014–2015), og Prop. 122 S (2015–2016), jf. Innst. 400 S (2015–2016), vart løyvinga til Petoro auka med høvesvis 7 mill. kroner og 5,3 mill. kroner til dekning av ekstern juridisk og teknisk bistand. Petoro vil betale tilbake unytta midlar til Olje- og energidepartementet. På denne bakgrunnen er det foreslått løyvd 1,3 mill. kroner på post 2.
Det er foreslått å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner, til om lag 29,1 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande utgiftsauke under kap. 1810 post 1 Driftsutgifter.
Det er foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, til om lag 106,8 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1810 post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.
Det er foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, til om lag 81,8 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1820 post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.
Posten omfattar inntekter frå kommunar for sikrings- og miljøtiltak som er gjennomførte i regi av NVE. Nytt overslag gir grunnlag for å auke løyvinga med 6 mill. kroner, til 27 mill. kroner.
Det er foreslått å auke løyvinga med 1,4 mill. kroner, til 1,6 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande auke under kap. 2490, post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald.
For budsjettformål er det lagt til grunn eit kontantutbytte for andre kvartal 2018 tilsvarande utbetalinga for første kvartal 2018. På denne bakgrunnen er det foreslått å auke løyvinga med 366 mill. kroner, til 14 910 mill. kroner.