Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Anniken Huitfeldt, Martin Kolberg, Marianne Marthinsen og Leif Audun Sande om ekstern og uavhengig gjennomgang av bergingsarbeidet etter fregattulykken 8. november 2018

Til Stortinget

Bakgrunn

I dokumentet fremmes følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen igangsette en ekstern og uavhengig gjennomgang av bergingsarbeidet etter fregatt-ulykken 8. november 2018. Gjennomgangen skal konkludere med en offentlig tilgjengelig rapport senest seks måneder etter at bergings- og hevingsarbeidet er fullført.»

Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslaget.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Zaineb Al-Samarai, lederen Anniken Huitfeldt, Martin Kolberg, Leif Audun Sande og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Hårek Elvenes, Trond Helleland, Ingjerd Schou og Michael Tetzschner, fra Fremskrittspartiet, Per-Willy Amundsen, Hans Andreas Limi og Christian Tybring-Gjedde, fra Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, fra Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, fra Venstre, Abid Q. Raja, og fra Kristelig Folkeparti, Torill Selsvold Nyborg, viser til Representantforslag 76 S (2018–2019) om ekstern og uavhengig gjennomgang av bergingsarbeidet etter fregattulukka 8. november 2018 og brev frå Forsvarsdepartementet datert 14. mars 2019.

Komiteen merkar seg at berginga av KNM Helge Ingstad har vore ein kompleks maritim operasjon, der tryggleiken til personellet har vore høgaste prioritet. Komiteen støttar denne prioriteringa og viser til at planane for berginga vart utarbeidde i tett samarbeid med DNV GL og Kystverket.

Komiteen merkar seg at Statens havarikommisjon for transport og Statens havarikommisjon for Forsvaret undersøkjer hendinga fram til kollisjonen mellom KNM Helge Ingstad og TS Sola skjedde, korleis ulukka utvikla seg i etterkant av kollisjonen fram til heile besetninga vart evakuert, og at politiet granskar om det har skjedd straffbare forhold.

Komiteen viser til at det vert gjennomført to interne undersøkingar i Forsvaret, der ein ser på hendinga og årsakssamanhengar for ulukka, og at Forsvarsmateriell gjennomgår bergingsoperasjonen og tekniske aspekt ved ulukka, med fokus på å tilføre etaten ny læring og erfaring. Komiteen meiner at dette er viktig arbeid for å unngå at slike hendingar skal skje igjen.

Komiteen peikar på at fartøyet er heva og frakta til Haakonsvern, og at bergingsarbeidet no er i siste fase, som er planlagt ferdigstilt i løpet av andre kvartal 2019. Kostnadene for berginga er forventa å verte klare i same periode. Komiteen forventar at Stortinget vert orientert om resultatet av dette arbeidet på eigna måte.

Komiteen viser vidare til at statsråden er positiv til forslaget om ein uavhengig gjennomgang av bergingsarbeidet, og at gjennomgangen bør avgrensast til ikkje å omfatte gradert informasjon og tilhøve som skal etterforskast av politiet og havarikommisjonen. Komiteen tek dette til vitande og fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringen igangsette en ekstern og uavhengig gjennomgang av bergingsarbeidet etter fregattulykken 8. november 2018. Gjennomgangen skal konkludere med en offentlig tilgjengelig rapport senest seks måneder etter at bergings- og hevingsarbeidet er fullført.»

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet viser til den tragiske ulukka med Helge Ingstad, og vil rose Forsvaret for gode rutinar som førte til at det ikkje gjekk liv tapt.

Denne medlemen peikar på at havarikommisjonen granskar sjølve hendinga fram til Helge Ingstad grunnstøytte, men at dei ikkje tek føre seg bergingsoperasjonen. Vidare legg Senterpartiet til grunn at Forsvaret sjølv evaluerer hendingar slik at dei i etterkant tek med seg verdifull erfaring, skulle det skje tilsvarande ulukker seinare.

Denne medlemen viser til at statsråden fyrst estimerte kostnaden for berging til 50 mill. kroner, men at dette seinare vart auka til 500 mill. kroner, og at ein i framtida bør vere meir presis eller ta atterhald på kostnadsoverslag i uttalar til media.

Denne medlemen viser til at ulukka med Helge Ingstad har i stor grad vore på dagsordenen i norske medium, og at ei offentleg gransking av ulukka vil vere føremålstenleg i dette tilfellet.

Denne medlemen meiner det ikkje bør vere normal prosedyre å krevje offentlege granskingar i alle saker, då det vil kunne belaste Forsvaret økonomisk. Denne medlemen viser til at Senterpartiet meiner mest mogleg av budsjettmidlar til Forsvaret må gå til kampkraft, men vil likevel støtte at ein i denne spesielle saka bør granske sjølve bergingsoperasjonen.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget ber regjeringen igangsette en ekstern og uavhengig gjennomgang av bergingsarbeidet etter fregattulykken 8. november 2018. Gjennomgangen skal konkludere med en offentlig tilgjengelig rapport senest seks måneder etter at bergings- og hevingsarbeidet er fullført.

Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 10. april 2019

Anniken Huitfeldt

Liv Signe Navarsete

leder

ordfører