Innhold

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Meldinga slår fast at kunst og kultur er ytringar med samfunnsbyggjande kraft, og kulturpolitikken skal byggje på ytringsfridom og toleranse. Kulturlivet og sivilsamfunnet er føresetnader for danning og ei opplyst offentlegheit, og dermed ei investering i demokratiet. Kulturen skal vere fri, med personleg engasjement og frivilligheit som grunnlag.

Regjeringa meiner at kulturlivet, frivilligheita og medieoffentlegheita er sjølvstendige byggjesteinar i samfunnet. Dei skal kunne utvikle seg mest mogleg på eigne premissar utan statleg overstyring. Det offentlege skal leggje til rette for utvikling og eit mangfald av private og offentlege finansieringskjelder. Det er ei viktig oppgåve å verne om kulturarven vår.

Kulturlivet skal vere relevant og representativt for heile befolkninga og medverke til at enkeltmenneska får fridom og høve til å uttrykkje seg. Noreg skal vere eit land der alle kan lykkast, same kva bakgrunn dei har. Kulturpolitikken må medverke aktivt til dette og fremje kunstnarisk kvalitet og autonomi. Det er viktig å spreie makt i den offentlege kultursatsinga.

NOU 2013:4 Kulturutredningen 2014 er eit sentralt grunnlagsdokument for meldinga. Utgreiinga framhevar at det er viktig å ha ein kulturpolitikk som aktivt medverkar til eit mangfaldig og inkluderande kulturliv, og som samtidig sikrar vidareutvikling av samlande og delte referanserammer innanfor eit nasjonalt fellesskap. Utgreiingsutvalet ser dette som ei sentral grunngiving for kulturpolitikken. Utvalet seier òg at det kan vere vanskeleg å få auge på mål som framstiller det overordna formålet og grunngivinga for kulturpolitikken. Vidare peikar utvalet på at det ikkje har vore formulert nokon tydeleg filosofi som forklarer kvifor kulturpolitikken er så viktig, og kvifor det er nødvendig å heve statusen til dette politikkområdet.

I arbeidet med meldinga har Kulturdepartementet i samarbeid med fylkeskommunane invitert til breitt orienterte og opne innspelsmøte over heile landet. Det har i tillegg vore fleire nasjonale innspelsmøte i Oslo, og departementet har motteke nærmare 400 skriftlege innspel.

Hovudinntrykket frå innspelsmøta og dei skriftlege innspela er at Noreg har eit rikt og levande kulturliv over heile landet. Behovet for tydelege, overordna kulturpolitiske mål, formålstenleg ansvarsdeling mellom forvaltningsnivåa og fleire finansieringskjelder står fram som viktige tema i kulturpolitikken i framtida.

I meldinga peikar regjeringa på kulturpolitiske utfordringar framover i lys av sentrale utviklingstrekk i samfunnet. Meldinga skisserer den overordna politiske retninga for kulturpolitikken framover, fastset ambisjonar og gjer greie for nasjonale kulturpolitiske mål. Meldinga foreslår kulturpolitiske prioriteringar som er nødvendige for å utnytte handlingsrom og takle utfordringar i kulturlivet framover, og varslar om kva område det trengst ein særskild innsats på.

Meldinga er bygd opp i to hovuddelar. Kapittel 2 til 4 handlar om utviklingstrekk i samfunnet og kva rolle kunsten og kulturen både har og har hatt i samfunnsutviklinga. Kapittel 5 til 13 gjer greie for ambisjonar og mål og særskilde innsatsområde i kulturpolitikken framover.

Kulturmeldinga vil bli etterfølgd av eigne stortingsmeldingar og strategidokument som skal konkretisere behov og tiltak på delområde av kulturpolitikken. Regjeringa vil leggje fram kunstnarmelding (KUD), barne- og ungdomskulturmelding (KUD/KD), museumsmelding (KUD), språkmelding (KUD), nasjonal bibliotekstrategi (KUD) og strategi for kultur og reiseliv (KUD/NFD). Konkrete behov og tiltak som følgje av kulturmeldinga vil òg bli følgde opp i dei årlege budsjettproposisjonane til Stortinget. Regjeringa vil i 2020 også leggje fram ei stortingsmelding om kulturminnepolitikken (KLD).

1.2 Kunstens og kulturlivets plass i samfunnet

Kapittel 2 handlar om korleis kunsten og kulturlivet blir stadig viktigare i ei tid prega av høgt endringstempo.

Ytringsfridom er ein grunnleggjande føresetnad for demokrati og menneskerettar. Kunst og kultur er nettopp ytringar, og ansvaret staten har på kulturfeltet, er forankra i «infrastrukturkravet» i Grunnlova § 100 sjette ledd. Omsynet til demokratiet er hovudgrunngjevinga for å føre ein aktiv kulturpolitikk og stiller krav til at kunst- og kulturlivet er i stand til å medverke til ei levande og kritisk offentlegheit gjennom produksjon av kunst og kultur av fagleg høg kvalitet og ved å nå ut til ulike grupper i befolkninga.

Kulturpolitikken kan òg gi vesentlege bidrag til måloppnåing på andre politikkområde.

Noreg er tilslutta fleire internasjonale konvensjonar som fastlegg ansvar for å fremje eit mangfald av kulturuttrykk gjennom ein aktiv kulturpolitikk.

Marknaden åleine er ikkje tilstrekkeleg for å halde oppe eit rikt og variert kulturliv i eit land med relativt lita befolkning og i eit så lite språkområde som Noreg er. Kulturpolitikk er derfor nødvendig for å gi eit breiare og meir mangfaldig kulturtilbod enn marknaden kan utvikle åleine, og sørgje for at det blir skapt, bevart og formidla kunst og kultur som blir opplevd relevant, som utfordrar, engasjerer og gir publikum rike opplevingar.

Kulturpolitikken er òg nødvendig for å sikre ein stabil og mangfaldig kunstproduksjon som eit gode i samfunnet. Han kan medverke til at folk oppsøkjer nye arenaer for kunst og kultur og på den måten tileignar seg ny innsikt og kunnskap om andre røyndomsforståingar og samanhengar i det samfunnet vi lever i.

1.3 Utviklingstrekk i samfunnet og kulturlivet

Kapittel 3 gjer greie for generelle utviklingstrekk i samfunnet og kulturlivet. Når utviklinga går raskare og endringstrykket aukar, blir det òg større behov for å forstå drivarane i utviklinga og korleis dei kan påverke oss framover. Kapittelet har som siktemål å klarleggje kva for drivarar som vil kunne ha mest å seie for kulturlivet, og som krev særleg merksemd i den nasjonale kulturpolitikken.

Kulturdepartementet har i tillegg til innspelsmøter i samband med meldinga fått gjennomført ein framtidsanalyse, med involvering frå kultursektoren over store delar av landet. Rapporten har vore ei av kjeldene til det som er skrive om utviklingstrekk i kapitlet. Dette er nokre av hovudfunna i rapporten:

Kulturens rolle i samfunnet blir viktigare. Samfunnet utviklar seg frå i stor grad å vere eitt stort fellesskap til å bli mange små. Menneske møtest fysisk i mindre grad enn før, og prosentdelen av unge som er ute med venner, går ned. Mindre fysisk samvær intensiverer utviklinga i retning av små fellesskap og digitale ekkokammer. Samtidig er norsk nærings- og arbeidsliv i starten av ei større omstilling, blant anna driven av den teknologiske utviklinga. Læring og skaparkraft blir viktigare i samfunnet for å lykkast med denne omstillinga, og kultursektoren kan medverke positivt til dette.

Kulturbruken til publikum er i endring, og finansieringa vil venteleg bli meir utfordrande. Haldningane i befolkninga til offentleg støtta kultur er avhengig av om ein er kulturbrukar eller ikkje. Mens kvar fjerde kulturbrukar er negativ eller nøytral til offentleg støtta kultur, er nær halvparten av ikkje-brukarane det.

Norsk språk og kultur møter sterkare konkurranse frå internasjonale aktørar. Plattformselskap som Google, Facebook, Amazon, Netflix og Spotify oppnår stadig meir makt.

Ulike publikummarar blir motiverte til kulturbruk av ulike årsaker, og kulturaktiviteten til publikum tek nye former.

1.4 Tilbakeblikk på kulturpolitikken i Noreg

Kapittel 4 trekkjer opp hovudlinjene i kulturpolitikken frå 1814 og fram til i dag. Kulturlivet har hatt ei positiv utvikling i heile etterkrigstida, og kapittelet viser at kulturpolitikken må byggje vidare på denne utviklinga.

I Noreg har det, særleg i etterkrigstida, blitt vektlagt at kultur skal vere eit rettferdig fordelt gode, og ikkje noko som berre er for enkelte grupper i befolkninga eller delar av landet. Som eit ledd i å realisere dette har både private og frivillige krefter og alle tre forvaltningsnivåa vore involverte i gjennomføringa av kulturpolitikken. Dagens arbeidsdeling mellom dei ulike aktørane følgjer i stor grad ein innarbeidd praksis, ofte basert på økonomiske eller informerande verkemiddel og i liten grad i form av lovregulering.

Sjølv om kulturfeltet dei siste tiåra har vore skilt ut som eit eige politikkområde, er det ikkje lausrive frå andre fagområde. Kulturpolitikken har vore innretta med omsyn til politiske straumdrag, teknologisk utvikling, Noregs posisjon i ei global verd, endringar i demografi og andre trekk ved samfunnet. Spreiinga av og kvaliteten på kunst og kultur har hatt ei sterk og svært positiv utvikling i heile etterkrigstida. Desse resultata er det viktig å ta vare på. Det er nødvendig med kontinuitet i kulturpolitikken, og politikken må byggje vidare på den positive utviklinga når det gjeld både kvalitet, variasjon og kvantitet i norsk kulturliv. Samtidig er det nødvendig å tenkje nytt i møte med utfordringane samfunnet står overfor framover.

1.5 Kulturpolitikken framover

Dei nasjonale kulturpolitiske måla er følgjande:

Samfunnsmål:

Eit levande demokrati der alle er frie til å ytre seg, og der mangfald, skaparkraft og kreativitet er høgt verdsett. Eit inkluderande samfunn der kunst og kultur av ypparste kvalitet inspirerer, samlar og lærer oss om oss sjølv og omverda.

Overordna kulturpolitiske mål:

Eit fritt og uavhengig kulturliv som:

  • skaper kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet

  • fremjar danning og kritisk refleksjon

  • tek vare på og formidlar kulturarv

  • skaper og formidlar eit kulturtilbod som blir opplevd som relevant, og som representerer befolkninga

  • er tilgjengeleg for alle og oppmuntrar den enkelte til å oppleve og delta i kulturaktivitetar

  • tilbyr møteplassar og byggjer fellesskap

  • fornyar seg og viser evne til omstilling

  • har internasjonal gjennomslagskraft og fremjar interkulturell forståing

  • styrkjer norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar

Kapittel 5 utdjupar måla som regjeringa legg til grunn for den nasjonale kulturpolitikken framover. Måla skal vise at kulturpolitikken er ei nasjonal utdjupa satsing, det vil seie at verkemiddel og tiltak på både statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå medverkar til måloppnåinga.

Dei statlege prioriteringane for kulturpolitikken følgjer av dei overordna nasjonale måla. Måla vil bli konkretiserte og følgde opp i årlege budsjettproposisjonar og i kommande stortingsmeldingar og strategidokument om avgrensa område. Måla skal ein søkje å nå med økonomiske, juridiske, organisatoriske og informerande verkemiddel.

I forslaga til nasjonale kulturpolitiske mål søkjer regjeringa å vidareføre det som fungerer godt i dag, og samtidig leggje til rette for utvikling i tråd med nye forventningar og behov i samfunnet.

1.6 Kunstpolitikk

Kapittel 6 dreier seg om kunstpolitikken. For å sikre kunstens plass som eit gode i samfunnet må det leggjast til rette for produksjon, formidling og tilgjenge over heile landet. Det er kunstnarane som leverer innhald til kulturlivet. Den kunstpraksisen, dei uttrykksmåtane og det verdssynet kunstnarane har, er heilt avgjerande for den vidare utviklinga av kunst- og kulturlivet. For at samfunnet heile tida skal ha eit rikt, mangfaldig og vitalt kunstliv, trengst det søkbare tilskotsordningar, føreseieleg forvaltning og ein stabil infrastruktur av institusjonar for produksjon og framsyning.

Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Forenkle og styrkje rammevilkåra og dei sosiale rettane til sjølvstendig næringsdrivande kunstnarar

  • Leggje til rette for auka framsyning av kunst, blant anna gjennom å gjere ein strategisk gjennomgang av scenekunstfeltet

  • Vurdere verkemiddel som stimulerer til meir samspel mellom profesjonelle kunstnarar og det frivillige kulturlivet

  • Leggje fram ei kunstnarmelding som skal

    • sjå nærmare på forholdet mellom dagens kunstnarpraksis og statlege ordningar

    • undersøkje korleis kunstnarar kan auke dei kunstnariske inntektene sine

    • vurdere om statlege verkemiddel for kunstnarøkonomien treffer dagens kunstnarpraksis

    • bidra til at verkemidla fremjar kvalitet, fleksibilitet, mangfald og nye røyster og kunstuttrykk, samtidig som meir etablerte kunstnarar blir sikra eit godt grunnlag for å utvikle seg

    • leggje til rette for kunstuttrykk som går på tvers av sjangrar

    • undersøkje korleis kunstnarar kan medverke til samfunnsutviklinga og i næringslivet elles, og i kva grad dei gjer dette i dag

1.7 Digitale moglegheiter

Kapittel 7 går inn på dei moglegheitene den teknologiske utviklinga gir for å tilgjengeleggjere, spreie og formidle kunst- og kulturuttrykk på nye måtar, og å utvikle og eksperimentere med nye, digitale uttrykk. Den teknologiske utviklinga kan verke demokratiserande om ho blir brukt riktig og kulturlivet utnyttar dei moglegheitene som teknologien gir. Digitalisering gjer det mogleg å nå ut til eit større publikum med den kunsten som blir produsert. Den digitale utviklinga stiller nye krav til korleis vi skal ta vare på den digitale samhandlinga og kommunikasjonen vår for kommande generasjonar, og opnar samtidig for nye måtar å gjere kulturarv tilgjengeleg på. For at teknologiske løysingar skal kunne brukast i tenester som er retta mot heile befolkninga, er det viktig å intensivere satsinga på ein norskspråkleg digital infrastruktur.

Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Understøtte miljø som eksperimenterer og tek i bruk ny teknologi i kunsten sin.

  • Målrette tilskotsmidlar for å understøtte innovasjon og digital forretningsutvikling på kulturfeltet.

  • Medverke til ein kultur for openheit, transparens og deling i kultursektoren.

  • Leggje til rette for forhandlingar mellom organisasjonar med sikte på å etablere nye avtalar om digital formidling – standardavtalar – på område der dette er formålstenleg.

  • Leggje til rette for ordningar for klarering av rettar, slik at kunst- og kulturuttrykk kan gjerast tilgjengelege, delast og formidlast digitalt.

  • Satse på kulturell innovasjon og tilrettelegging for overgang til nye plattformer og format.

  • Ta vare på, gjere tilgjengeleg og formidle digitalt skapt kulturarvmateriale.

  • Fornye og endre arkivlova i lys av utgreiinga frå Arkivlovutvalet.

  • Intensivere og koordinere satsinga på ein norskspråkleg digital infrastruktur.

  • Leggje fram ei museumsmelding som skal

    • gjennomgå situasjonen for museumssektoren, inkludert dei samiske musea, i lys av museumsreforma.

    • drøfte framtidsutfordringar og -moglegheiter for musea.

1.8 Økonomien i kultursektoren

Offentlege finansar vil i tida framover vere under press på grunn av høge offentlege utgifter kombinert med reduserte inntekter. Dette vil kunne få følgjer også for overføringane til kultursektoren og kan tvinge fram krevjande økonomiske prioriteringar i åra som kjem.

Kapittel 8 viser korleis den økonomiske utviklinga i kultursektoren gjer at ein treng evne til omstilling framover. Ulike finansieringskjelder, omstilling og nye forretningsmodellar blir stadig viktigare for å ta vare på eit rikt og mangfaldig kulturliv.

Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Gjennomgå rammevilkår og ordningar for gründerar og sjølvstendig næringsdrivande for å sikre dei sosiale rettane deira, redusere skjemaveldet og sørgje for kompetanse innan entreprenørskap og forretningsdrift.

  • Stimulere til auka privat finansiering av kultur via samarbeid mellom offentlege og private aktørar, og alternative finansieringskjelder og forretningsmodellar.

  • Vidareutvikle bransjen og støtteapparatet rundt utøvande og skapande kunstnarar og gjennom dette medverke til at kunst og kultur frå Noreg når eit større publikum, nasjonalt og internasjonalt.

  • Medverke til auka kunnskap om kultur som næring og fleire vekstkraftige bedrifter, blant anna gjennom næringsklyngjer og bedriftsnettverk.

  • Stimulere til innovasjon og utvikling av nye forretningsområde, blant anna gjennom å understøtte initiativ frå aktørar og bransje.

  • Stimulere til auka investering i og omsetning av kunst og kulturproduksjonar, blant anna gjennom satsing på eksportprogram og låne- og garantiordningar.

  • Evaluere igangsette tiltak for kulturell og kreativ næring, og vurdere nye verkemiddel.

  • Gi tilskot til etablerte kulturinstitusjonar og prosjekt for å teste ut nye metodar og modellar med vekt på digital formidling.

  • Målrette ordningar som gir fleire ein sjanse til å realisere det kunstnariske talentet sitt der dei bur, og samtidig medverke til auka verdiskaping og fleire arbeidsplassar i kunst- og kultursektoren regionalt.

  • Vurdere alternative løysingar for medfinansiering av audiovisuelle produksjonar og andre åndsverk som blir formidla digitalt.

  • Utarbeide ein strategi for immaterielle verdiar, med mål om å stimulere til auka investering i nye bedrifter og talent, og i bygging, sikring og utnytting av immaterielle verdiar og rettar.

  • Omtale internasjonalisering og eksportutsikter i den nye strategien for små og mellomstore bedrifter.

  • Leggje fram ein strategi for kultur og reiseliv.

  • Utarbeide ein strategi for dataspel som blant anna skal sjå nærmare på rammevilkår for spelbransjen og setje mål for spelpolitikken.

  • Vurdere innretning og fordeling av spelemidlar til kulturbygg innanfor ramma av tippenøkkelen.

1.9 Internasjonal kulturinnsats

Noregs deltaking i internasjonalt kunst- og kulturliv aukar. Stadig fleire kulturuttrykk har internasjonale referansar, er baserte på internasjonalt samarbeid eller har eit internasjonalt publikum. Samarbeid på tvers av landegrenser medverkar til å gjere kulturlivet meir aktivt og levande, styrkjer kvalitet og kompetanse i kulturlivet og gir tilgang til større og fleire marknader. Dette opnar òg for auka verdiskaping i norsk kulturell og kreativ næring. Samarbeid vil fremje eit globalt mangfald av kulturuttrykk, og det kan påverke vilkåra for frie kulturytringar.

Kapittel 9 legg vekt på kor viktig det er å bringe kunst og kultur frå Noreg og ut i verda for å møte ein større marknad, auke profesjonaliteten og aktualiteten i kulturlivet og fremje Noreg i det internasjonale samfunnet. Samtidig må det leggjast til rette for at norsk kulturliv blir eksponert for og inspirert av kulturuttrykk frå andre nasjonar, slik norsk kulturliv alltid har blitt.

Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Utarbeide ein internasjonal strategi for kulturpolitikken, saman med Utanriksdepartementet, der målet er å utnytte ressursar og kompetanse på best mogleg måte.

  • Leggje til rette for auka eksport av kunst og kultur frå Noreg, blant anna gjennom målretta eksportprogram.

  • Vurdere verkemiddel som kan føre til auka import av kunst og kultur frå heile verda til Noreg.

  • Medverke til å få fleire utanlandske aktørar til å bruke Noreg som utgangspunkt for kulturproduksjonane sine, blant anna gjennom å målrette tilskotsordningar.

1.10 Relevans og representativitet i kulturlivet

Kapittel 10 viser at det er avgjerande at kultursektoren klarer å vere relevant for alle deler av samfunnet og dei ulike fellesskapa våre, og at han representerer befolkninga. Dette er ein føresetnad for å utløyse den samfunnsbyggjande krafta som kunst og kultur kan ha, og for den framtidige viljen til å prioritere offentleg finansiering av kulturlivet.

Kulturlivet må fremje fridom og høve til å uttrykkje seg for den enkelte. Kulturlivet kan tilby viktige arenaer for å få til betre kvardagsintegrering og leggje til rette for fellesskap basert på mangfald, likestilling, ytringsfridom og toleranse. Vegen til deltaking i utdanning og arbeidsliv kan gå gjennom deltaking i frivillig verksemd og opplevingar av felles kulturaktivitetar i lokalmiljøet.

På kulturfeltet har mangfaldsomgrepet vore brukt både for å markere behov for kunstnarisk mangfald og som eit uttrykk for representasjon av variasjonen i befolkninga: tilfanget av stemmer, meiningar og tema. I meldinga er det lagt til grunn ei brei forståing av mangfaldsomgrepet.

Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Auke representasjonen i alle ledd og sikre ei meir mangfaldig rekruttering til kunst- og kulturrelaterte yrke, blant anna gjennom aspirantordninga under Norsk kulturråd.

  • Støtte opp under institusjonar og aktørar som gjer ein særskild innsats for integrering, og som ønskjer å gjennomføre tiltak for å auke det kulturelle mangfaldet og nå ut til nye grupper.

  • Arbeide for at alle barn og unge får delta på kulturaktivitetar.

  • Målrette tilskotsmidlar og mobilisere det frivillige kulturlivet for å stimulere til auka kulturell deltaking.

  • Oppfordre tilskotsmottakarar til å utvikle eigne strategiar for å medverke til auka relevans og representativitet.

  • Leggje til rette for at kunnskap om samane og nasjonale minoritetar blir formidla over heile landet.

  • Sørgje for at relevante problemstillingar knytte til samar og nasjonale minoritetar alltid blir vurderte under utarbeidinga av kulturpolitiske dokument til Stortinget.

  • Medverke til at kunsten og kulturen til samane og nasjonale minoritetar i større grad blir ein del av kulturlivet i heile Noreg som alle skal ha høve til å oppleve.

  • Oppfordre kulturinstitusjonar til å vurdere sitt eige handlingsrom for formidling av samiske uttrykk, samarbeid med samiske aktørar og tilhøyrande behov for kompetanse- og kunnskapsbygging.

  • I samarbeid med Sametinget kartleggje behovet for å heve kompetansen om det samiske hos verksemder og aktørar som forvaltar nasjonale ordningar.

  • Medverke til å styrkje språket og kulturen og betre situasjonen til dei nasjonale minoritetane i Noreg framover – dette vil regjeringa leggje fram ei eiga stortingsmelding om.

1.11 Danning og demokratibygging

Eit demokratisk samfunn føreset at menneska har kunnskap om og forstår samfunnet dei er ein del av, og at dei har høve og evne til å uttrykkje seg og ta aktivt del i samfunnet.

Kapittel 11 handlar om kor viktige danningsprosessar er for å byggje demokrati og viser korleis kulturlivet kan medverke til å forsterke slike prosessar. Danning handlar om å myndiggjere enkeltmenneske til å gjere sjølvstendige val som byggjer på kunnskap og forståing for samfunnet som eit ytringsfellesskap. Kulturlivet kan gjere sitt til å motverke uønskte utviklingstrekk i samfunnet og vere med på å forsterke ønskjelege utviklingstrekk. Kunst og kultur skal medverke til å setje enkeltmenneske i stand til å vere aktive borgarar i samfunnet, å uttrykkje seg og å gjere val som byggjer på forståing og respekt for dei vala andre gjer. På denne måten er kunst og kultur demokratibyggjande.

Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Medverke til å gi barn og ungdom kulturell ballast, opplæring og glede i møte med ulike kunstuttrykk.

  • Gi fleire barn og unge sjansen til å delta på eit kulturskuletilbod gjennom å leggje til rette for samarbeid mellom kulturskule, skulefritidsordning og frivilligheit, samtidig som ein tek vare på eigenarten til kulturskulen.

  • Sikre kommunane fridom til sjølv å finne dei løysingane som gir best kulturskule- og fritidstilbod lokalt, men leggje til rette for tilgjenge, mangfald og kvalitet i det tilbodet som blir gitt.

  • Styrkje kulturskulane si rolle som regionale talentaktørar.

  • Vurdere korleis kulturtilbodet for barnehagebarn kan forbetrast nasjonalt.

  • Sikre ei framleis god Frifond-ordning for barne- og ungdomsorganisasjonar og eigenorganisert frivillig aktivitet.

  • Utarbeide ein ny nasjonal bibliotekstrategi for perioden 2020–2023.

  • Leggje fram ei språklov og språkmelding som grunnlag for å sikre at norsk språk held på posisjonen som eit fullverdig samfunnsberande språk i Noreg, og definere ansvaret for å verne og styrkje samisk, dei nasjonale minoritetsspråka og teiknspråk.

  • Leggje fram ei barne- og ungdomskulturmelding som skal

    • løfte fram barn og unge som målgruppe og aktive deltakarar

    • medverke til å heve statusen og kvaliteten på kultur som blir skapt og formidla til barn og unge

    • sjå dei ulike satsingane innanfor kulturskule og barne- og ungdomskultur i samanheng

    • sjå på kulturskulane si rolle i eit integreringsperspektiv

    • vurdere korleis ressursar og kompetanse kan spele saman for å komme barn og unge til gode i endå større grad

    • styrkje samarbeidet mellom kultursektoren og kunnskapssektoren

1.12 Ein kunnskapsbasert kulturpolitikk

Kapittel 12 gjer greie for korleis ein skal dekkje behovet for kunnskap som grunnlag for kulturpolitikken og utviklinga av kultursektoren framover.

Kulturpolitikken må byggjast på solid kunnskap om kultursektoren, kva som særmerkjer sektoren, kva for utviklingstrekk og utfordringar han står overfor, og korleis tiltak og verkemiddel fungerer. Eit kunnskapsbasert kulturliv vil vere ei sterkare samfunnskraft og i større grad medverke til å nå overordna mål for politikkområdet. Det må leggjast til rette for forsking og kompetanseutvikling på kulturfeltet, og tilfanget av relevant statistikk må sikrast. Det skal òg leggjast til rette for langsiktig oppbygging av forskingsmiljø med solid kunnskap om kunst-, kultur- og mediesektoren.

Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Leggje til rette for forsking og kompetanseutvikling på kulturfeltet og sikre tilfanget av relevant statistikk av høg kvalitet.

  • Stimulere til langsiktig oppbygging av forskingsmiljø med solid kunnskap om kunst-, kultur- og mediesektoren, blant anna gjennom å føre vidare KULMEDIA-programmet.

  • Arbeide systematisk med å integrere forsking og kunnskapsinnhenting i Kulturdepartementets verksemder.

  • Finansiere langsiktig forsking av høg kvalitet, og sørgje for at det blir gjennomført evalueringar, utgreiingar og forskingsprosjekt av meir avgrensa karakter.

  • Sørgje for at Kulturdepartementets underliggjande verksemder har planar for utvikling og bruk av kunnskap, statistikk og analysar som er tilpassa eigenarten og samfunnsoppdraget til verksemdene.

  • Gi Norsk kulturråd i oppdrag å ta større ansvar for utvikling og produksjon av statistikk, utgreiing og analyse på kunst- og kulturområda.

  • Samarbeide med andre departement, Noregs forskingsråd og underliggjande etatar om identifisering av kunnskapsbehov, gjennomføring av tiltak og formidling.

1.13 Organisering og ansvarsdeling

Kapittel 13 gjer greie for kva for prinsipp regjeringa foreslår for fordeling av oppgåver og ansvar, grunngitt i ein ambisjon om betre måloppnåing i kulturpolitikken på alle forvaltningsnivå.

Dei nasjonale kulturpolitiske måla som blir presenterte i meldinga, skal i større grad vise at kulturpolitikken er ei nasjonal satsing der verkemiddel og tiltak på både statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå inngår.

Stortinget vedtok 8. juni 2017 at vi skal ha eit sterkt folkevalt nivå mellom stat og kommune.

Overføringar av kulturrelaterte oppgåver frå staten til fylkeskommunane skal ha kulturpolitisk grunngiving og vere bidrag til å nå nasjonale kulturpolitiske mål. Departementet har teke utgangspunkt i den nye fylkesstrukturen som blei vedteken 8. juni 2017, i vurderinga av kva oppgåver som eignar seg for overføring til fylkeskommunane.

Desentralisering av oppgåver og delegering av ansvar for oppgåveløysing frå stat til kommunar og fylkeskommunar har vore eit sentralt element i kulturpolitikken frå midten av 70-åra. Mykje makt og mynde er derfor allereie desentralisert på kulturområdet. At avgjerder som har stor innverknad på lokalt og regionalt kulturliv, blir tekne einsidig på statleg nivå, kan vere eit demokratisk problem, fordi dette avgrensar det lokale og regionale handlingsrommet. Den nasjonale kulturpolitikken skal vere med på å fornye politikken på alle forvaltningsnivå og finne verkemiddel tilpassa lokale og regionale rammevilkår. Departementet ser det derfor som eit sjølvstendig kulturpolitisk mål å medverke til å spreie makt i kultursektoren.

Eit viktig kriterium for å fastsetje kva for oppgåver som bør overførast frå stat til fylkeskommune på kulturområdet, er den lokale og regionale forankringa til institusjonen, organisasjonen, aktiviteten eller arrangementet, jf. statlege retningslinjer for oppgåvefordeling. Dette gjeld ikkje berre i kva grad hovuddelen av publikummet er rekruttert regionalt eller lokalt, men òg kva som er hovudformålet og hovudaktivitetane til verksemda. Oppgåver som blir overførte til fylkeskommunen, vil framleis vere ein viktig del av den nasjonale kulturpolitikken, og kan vere viktig og relevant både på lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.

Sterke faglege miljø på nasjonalt nivå med stimulerings- og utviklingsmidlar opnar for nasjonale satsingar og fagleg utvikling på tvers av fylkesgrensene. Departementet meiner at viktige nasjonale fagmiljø som medverkar til å sikre kulturarv, kvalitet og utvikling i sektoren, som hovudregel bør vere statlege. Departementet meiner det er særskilt behov for einskapleg styring og sentrale avgjerder for å få ei god oppgåveløysing med tanke på nasjonale fellestenester og digitale løysingar.

Staten vil ta ansvar for ordningar der tilskot blir fordelte ut frå vedtak som er gjorde på grunnlag av kunst- og kulturfagleg skjønn, basert på ein brei og samansett søkjarmasse frå heile landet. Med bakgrunn i dette meiner departementet at flesteparten av dagens ordningar under Norsk kulturråd bør førast vidare.

Tilskot til verksemder som er spesialiserte og/eller unike i nasjonal samanheng, bør etter departementets vurdering i hovudsak vere eit statleg ansvar. Kva for tiltak dette skal omfatte, vil vere ei fagleg og skjønnsmessig vurdering, der det blant anna må leggjast vekt på nyskaping og kulturtilbod som er retta mot særskilde grupper. Andre oppgåver som føreset eit nasjonalt overblikk, er stimulerings- og utviklingsmidlar som blir fordelte av faglege organ på nasjonalt nivå, og landsomfattande ordningar og nasjonale satsingar som blir forvalta av andre nasjonale aktørar.

Noko av det som er særeige med verkemiddelbruken på kulturfeltet, er at departementet fordeler tilskot til ei rekkje namngitte mottakarar på grunnlag av stortingsbehandlinga av statsbudsjettet. Departementet vil i større grad leggje opp til prosessar der midlar blir fordelte på bakgrunn av eit regelverk med føresegner som byggjer på overordna mål og føringar som blir lagde fram for Stortinget. Dette vil vareta krav om offentlegheit og likebehandling i forvaltninga av tilskot.

Departementet meiner det vil vere rett å overføre meir av ansvaret for tilskotsforvaltninga til underliggjande verksemder. For å vareta eit nasjonalt overblikk på tvers av ulike område vil departementet særleg vurdere overføring av fleire oppgåver til Norsk kulturråd. Ei sentral oppgåve for Norsk kulturråd er å sørgje for god og formålstenleg forvaltning av offentlege tilskot. Dette gir unik innsikt i kva som rører seg i norsk kulturliv, og Kulturrådet arbeider aktivt med å gjere dette tilgjengeleg for vidare kunnskapsproduksjon, statistikk og analysar.

Prioriteringar og vidare oppfølging

Regjeringa vil arbeide vidare med organisering og ansvarsdeling etter denne innretninga:

  • Gi fylkeskommunane større ansvar for kulturoppgåver på regionalt nivå:

    • Overføre dagens tilskotsmidlar til tiltak og arrangement som har sterk lokal og regional forankring, og som ikkje har ein etablert posisjon på nasjonalt nivå.

    • Sikre ei fordeling av midlar som blir overførte til fylkeskommunane der ein unngår uheldige omfordelingskonsekvensar.

  • Føre vidare prinsippet om delt finansiering mellom stat og region for eit nasjonalt nettverk av profesjonelle musikk- og scenekunstinstitusjonar med minst éin institusjon i kvart fylke, i tillegg til musea i det nasjonale museumsnettverket.

    • Avslutte ordninga med faste fordelingsnøklar knytte til statens budsjettvedtak.

    • Auke den fylkeskommunale prosentdelen, slik at den regionale prosentdelen normalt utgjer hovuddelen av tilskotet til kulturinstitusjonar med delt finansiering. Departementet vil gå i dialog med kvar enkelt fylkeskommune, med sikte på å komme til semje om prosentfordelinga av statleg versus regional finansiering.

    • Vurdere om den statlege finansieringa av kulturverksemder som fylkeskommunane heretter får hovudansvaret for, skal innrettast med forskriftsfesta tilskotsordningar.

  • Initiere systematisert dialog mellom Kulturdepartementet og fylkeskommunane, inkludert årlege kontaktmøte med brei deltaking frå kultursektoren og offentlege styresmakter på ulike forvaltningsnivå.

  • Bruke konsultasjonsordninga mellom kommunesektoren (KS) og regjeringa som eit verktøy for å sikre dialog om måloppnåing.

  • Gjennomgå kulturlova med sikte på å styrkje kulturområdet som del av kommunal og regional planlegging, styrkje samhandlinga mellom forvaltningsnivåa og sikre armlengdsprinsippet.

  • Vurdere å tydeleggjere nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging i tråd med dei nasjonale kulturpolitiske måla, jf. plan- og bygningslova § 6-1.

  • Staten skal framleis ha ansvar for oppgåver som krev eit nasjonalt overblikk for å bli løyste på ein god måte:

    • Føre vidare tilskotsordningar der vedtak blir gjorde på grunnlag av kunst- og kulturfagleg skjønn ut frå ein brei søkjarmasse frå heile landet. Dette omfattar flesteparten av dagens ordningar under Norsk kulturråd.

    • Halde oppe nasjonale fagmiljø, fellestenester og stimulerings- og utviklingsmidlar som gir høve til nasjonale og internasjonale satsingar.

    • Føre vidare tilskot til verksemder som er spesialiserte og/eller unike i nasjonal samanheng, og tilskot til det arbeidet landsomfattande frivillige organisasjonar gjer for å styrkje og byggje opp under lokal og regional aktivitet.

1.14 Økonomiske og administrative konsekvensar

Oppfølginga av meldinga vil kunne skje ved omprioritering av tilgjengelege ressursar til kulturformål. Alle tiltak, strategiar og prioriteringar som blir omtalte i meldinga, kan gjennomførast innanfor dei gjeldande ressursrammene.

Økonomiske og administrative konsekvensar av endra oppgåvefordeling må handterast i ordinære budsjettprosessar.