Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Lise Christoffersen, Arild Grande, Eigil Knutsen og Hadia Tajik, frå Høgre, Margret Hagerup, Heidi Nordby Lunde og Kristian Tonning Riise, frå Framstegspartiet, Helge André Njåstad og leiaren Erlend Wiborg, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, frå Sosialistisk Venstreparti, Solfrid Lerbrekk, frå Venstre, Terje Breivik, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Sigbjørn Toskedal, viser til Prop. 56 S (2018–2019) om Samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 215/2018 av 26. oktober 2018 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv 2014/67/EU om håndheving av utsendingsdirektivet og endring av IMI-forordningen (håndhevingsdirektivet).

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser vidare til at handhevingsdirektivet gir reglar som skal sikra at arbeidstakarar som er utsende i samband med tenesteyting i andre EØS-statar, får det vernet dei har krav på i samsvar med utsendingsdirektivet.

Fleirtalet merkar seg at handhevingsdirektivet er direkte knytt til utsendingsdirektivet (96/71/EF). Utsendingsdirektivet har reglar om kva for lønns- og arbeidsvilkår arbeidstakarar har rett til i den tida dei er utsende til ein annan EØS-stat i samband med arbeidsgivar si mellombelse tenesteyting. Handhevingsdirektivet gjeld informasjon om, tilsyn med og handheving av desse reglane. Fleirtalet merkar seg vidare at det overordna formålet med handhevingsdirektivet er å styrka handhevinga og etterlevinga av reglane om lønns- og arbeidsvilkår som følgjer av utsendingsdirektivet. Intensjonen til handhevingsdirektivet er å balansera behovet til statane for å ha effektive kontrolltiltak og mekanismar som hindrar at utsende arbeidstakarar blir utsette for sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, mot behovet til utsendingsverksemda for føreseielegheit og klarheit med omsyn til kva for reglar som gjeld når dei yter tenester på tvers av landegrensene.

Fleirtalet viser til at regjeringa tilrår at Stortinget samtykker i godkjenning av avgjerda til EØS-komiteen nr. 215/2018 av 26. oktober 2018 om innlemming i EØS-avtalen av direktiv 2014/67/EU om handheving av utsendingsdirektivet og endring av IMI-forordninga (handhevingsdirektivet), og fleirtalet sluttar seg til dette.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at ved Stortinget si handsaming av Prop. 5 L (2016–2017) Endringer i arbeidsmiljøloven (gjennomføring av håndhevingsdirektivet mv.), jf. Innst. 172 L (2016–2017), gjekk både Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti sine medlemer imot tilrådinga frå komiteen og voterte imot lovforslaget i proposisjonen.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser vidare til følgjande forslag sett fram av medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti i same innstilling:

«Stortinget ber regjeringen innføre en registreringsplikt for utenlandske tjenesteytere i Norge.»

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til grunngjevinga i Innst. 172 L (2016–2017) for å gå imot forslaget til ny § 18-11. Gjensidig bistand ved innkreving av og underretning om økonomiske administrative sanksjoner. Desse medlemene vil sitera følgjande frå Innst. 172 L (2016–2017):

«I stedet for å gi SI en slik selvstendig hjemmel til tvangsforfølgning i etableringsstaten, velger regjeringen å innføre ordningen med utenlands bistandsplikt i forbindelse med innkreving av det økonomiske kravet. Det vil si at Norge, ved å slutte seg til håndhevingsdirektivet, taper rett til slik selvstendig domstolsforfølgelse i utlandet.

Disse medlemmer mener ut fra dette at det som etter lovendringen har grenseoverskridende virkning, er kun det norske vedtaket om tvangsmulkt og overtredelsesgebyr. Norge må derfor avstå, dersom direktivet er implementert, å bringe saken inn for latviske domstoler eller andre vedtaksføre organer for så å få dom eller vedtak for mulkten eller gebyret i Latvia før tvangsinndrivelse kan skje. Norske vedtak vil således få tvangskraft i hele EØS-området. Imidlertid kan norsk namsmann eller Statens innkrevingssentral (SI) ikke selv forestå tvangsforretningen. I Latvia må SI søke bistand hos latvisk tvangsmyndighet. Dette betyr da at gebyret eller mulkten – når den er inndrevet – tilfaller Latvia og ikke Norge.

Disse medlemmer vil påpeke at følgen av en slik ordning er at Norge blir uten økonomisk insentiv til å ilegge utenlandsk virksomhet mulkt eller gebyr, med mindre firmaet er til stede i Norge. Virkningen av å ta inn håndhevingsdirektivet i norsk rett, er således at de sterkere reaksjonsmidler som Riksrevisjonen ber om at blir benyttet (Dokument 3:15 (2015–2016) s. 8), bare blir realisert når etableringslandet (Latvia) gjennomfører tvangsinndrivingen.

Som følge av at utsending av arbeidstakere til Norge i all hovedsak gjelder firmaer i Øst-Europa som utfører arbeid eller tjenester i Norge, vil det etter disse medlemmers oppfatning bety at det system som håndhevingsdirektivet legger opp til, vil medføre at stor innsats og mye arbeid med å få til sanksjonering slik som tvangsmulkt og overtredelsesgebyr, ikke resulterer i noen inntekter i Norge. Mest trolig vil ordningen i direktivet virke demotiverende for Arbeidstilsynet og andre norske håndhevende organer med hensyn til å bruke store ressurser på å sikre dokumentasjon slik at mulktering eller bøtelegging kan skje.

Derfor må disse medlemmer konstatere at ordningen, slik den går frem av Prop. 5 L (2016–2017) s. 11:

«alle pengekrav som blir krevd inn» skal «tilfalle(r) den EØS-stat som gjennomfører innkrevingen» vil svekke Riksrevisjonens anbefaling om å fremme bruken av de strengere reaksjonsmidlene.

Disse medlemmer mener således at håndhevingsdirektivet virker motsatt av det departementet forutsetter. Arbeids- og sosialdepartementet har etter disse medlemmers mening ikke sannsynliggjort at håndhevingsdirektivet vil (jf. høringsnotatet s. 70) ‘bidra til et mer effektivt tilsynsarbeid og gjennomføring av vedtak om overtredelsesgebyr og tvangsmulkt.’

Disse medlemmer må derfor konkludere med at innføringen av håndhevingsdirektivet på dette punkt er lite egnet til å få det norske reaksjonsmønster endret fra de mildere reaksjoner slik som informasjonstilgang, dokumentasjon eller samarbeid over landegrensene, og til de strenge, slik som tvangsmulkt og overtredelsesgebyr.

Disse medlemmer ber Stortinget bruke reservasjonsretten i EØS-avtalen og avvise å ta inn håndhevingsdirektivet i norsk lov.

Disse medlemmer viser til proposisjonen og til sine merknader og vil stemme imot lovforslaget.»

Desse medlemene konstaterer at Statens innkrevingssentral så langt ikkje har drive inn noko krav etter dette regelverket.

Desse medlemene viser vidare til at departementet si grunngjeving for å be om Stortinget sitt samtykkje til godkjenning av handhevingsdirektivet i medhald av Grunnlova § 26 er at direktivet inneber økonomiske konsekvensar og «antas å være en sak av særlig stor viktighet.» Desse medlemene vil understreka at dersom handhevingsdirektivet inneber overføring av råderett som ellers ligg hjå dei statlege styresmaktene etter Grunnlova, skal Stortinget handsama direktivet etter Grunnlova § 115.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet meiner vidare at det skal vera Stortinget som suverent skal avgjera definisjonen av ein utsend arbeidstakar i Noreg. Denne medlemen viser til tidlegare lovforslag sett fram av Senterpartiet om ein tydeleg definisjon av utsend arbeidstakar i arbeidsmiljølova, jf. m.a. Representantforslag 207 L (2017–2018) om endring av arbeidsmiljøloven § 1-7. Denne medlemen kan ikkje og vil heller aldri godta at det skal vera eit EU-organ som avgjer om norske tiltak og ordningar er naudsynte/proporsjonale.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner det er sjølvsagt at arbeidstakarar i Noreg, i norske farvatn og på norsk sokkel skal godtgjerast med norske løns- og arbeidsvilkår.

Desse medlemene vil understreka at det er avgjerande at Noreg kan halda fram med våre reglar for solidaransvar, dvs. at det er hovudarbeidsgjevaren som er ansvarleg for heile kjeda av underentreprenørar. Det må vera ein føresetnad for gjennomføringa av direktivet i norsk rett at dagens verkemiddel for å motverka sosial dumping og arbeidslivskriminalitet ikkje vert svekka. Dersom Noreg vert påført restriksjonar på dette viktige området som følgje av handhevingsdirektivet, skal likevel norsk arbeidslivslovgjeving, norske tariffavtalar og ILO-konvensjonar ha forrang framfor direktivet sine føresegner. Desse medlemene viser til at LO-kongressen i 2013 vedtok følgjande:

«Dersom håndhevingsdirektivet krever fjerning av tiltak mot sosial dumping må reservasjonsmuligheten benyttes.»

Desse medlemene støttar dette kravet frå den største arbeidstakarsamanslutninga i Noreg.