2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, leiaren Lene Vågslid og Maria Aasen-Svensrud, frå Høgre, Ingunn Foss, Peter Frølich og Frida Melvær, frå Framstegspartiet, Himanshu Gulati og Solveig Horne, frå Senterpartiet, Jenny Klinge og Emilie Enger Mehl, og frå Sosialistisk Venstreparti, Petter Eide, viser til at Justis- og beredskapsdepartementet i denne proposisjonen foreslår å lovfeste prinsippet om påtalemakta sitt sjølvstende, inkludert å fastsette at ingen kan instruere påtalemakta i enkeltsaker eller omgjere påtalemakta sine avgjerder. Vidare vert det foreslått å oppheve det generelle instruksjons- og omgjeringsmyndet Kongen i statsråd har overfor Riksadvokaten, og oppheve føresegnene om at Kongen i statsråd har eksklusiv påtalekompetanse i saker om straffbare handlingar gjorde av embetsmenn og andre tjenestemenn som er tilsette av Kongen. Komiteen viser også til at forslaga byggjer på straffeprosessutvalet si utgreiing NOU 2016:24 Ny straffeprosesslov.

Komiteen er positiv til at regjeringa i denne saka gjer framlegg om å lovfeste eit prinsipp om at påtalemakta skal vere uavhengig, og at det instruksjons- og omgjeringsmyndet og den eksklusive påtalekompetansen som i dag ligg til Kongen i statsråd, vert avskaffa. Komiteen er samd i at det er eit sentralt rettsstatleg prinsipp å ha ei fri og uavhengig påtalemakt, eit prinsipp som har brei oppslutning og som har vore ufråvikeleg praksis i Noreg i meir enn hundre år. Komiteen er glad for at påtalemakta si uavhengigheit, som i dag byggjer på politisk tradisjon, no vert beskytta gjennom lov. Komiteen er samd i at eit rettsleg vern vil gje større motstandskraft dersom påtalemakta i framtida skulle bli utfordra av udemokratiske krefter.