Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet, Hanne Dyveke Søttar, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, og uavhengig representant Ulf Leirstein, viser til at den norske valordninga nyt høg legitimitet i befolkninga og fungerer godt.

Alle dei tre forslaga til endring av § 57 i Grunnlova handlar heilt eller delvis om talet på valdistrikt.

Komiteen viser til at hovudmotivasjonen bak oppdelinga av landet i valdistrikt er ynsket om å sikra representasjon frå heile landet og leggja til rette for nærleik mellom veljarane og representantane. Ved å dele inn landet i mange valdistrikt vert representasjonen frå ulike delar av landet sikra gjennom sjølve valordninga.

Storleiken på valdistrikta har mykje å seia for nærleiken mellom veljarane og representantane og styrker tilliten til heile det politiske systemet.

Komiteen vil peike på at inndeling i valdistrikt er eit prinsipielt viktig spørsmål som det er viktig å gjera ei grundig utgreiing av før det eventuelt vert vurdert å gjera endringar. Regjeringa oppnemnde 21. juni 2017 Vallovutvalet. Utvalet skal lage forslag til ny vallov og vurdere endringar i valordninga. Utgreiinga frå utvalet skal så sendast på ei brei høyring, før departementet sender forslag til endringar i vallova til Stortinget.

For å sikra at den norske valordninga òg i framtida har legitimitet hjå veljarane, er det i så sentrale saker som prinsipp i valordninga avgjerande å leggja til rette for ein open prosess.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet, vil vise til at Stortinget har avklart at dagens valdistrikt vil gjelda for stortingsvalet 2021. Medan me ventar på Vallovutvalet si innstilling, meinte departementet at det var best å gjennomføra stortingsvalet i 2021 med 19 valdistrikt. Stortinget slutta seg til departementet si vurdering, og forslag til endringar vart einstemmig vedteke 29. mai 2018. I sitt innlegg uttalte saksordføraren:

«Når denne saken nå ser ut til å bli enstemmig vedtatt, legger den til rette for at vi kan gjennomføre stortingsvalg, også neste gang, med utgangspunkt i de samme valgdistriktene, slik at en får tid på seg til å se hvordan en skal gjøre dette i framtiden, for det er jo ingen låsing av situasjonen i seg selv. Det er intensjon om å behandle dette grundig, med tanke på hvordan det skal være i framtiden».1

Vallovutvalet er i gang med sitt arbeid. Utvalet si innstilling er forventa første halvår 2020. Ifølgje utvalet sitt mandat skal utvalet spesifikt vurdera talet på valdistrikt.

«Utvalget skal utrede hvordan ny fylkesstruktur påvirker valgordningen, herunder om dagens inndeling i valgdistrikter skal videreføres, eller om antall valgdistrikter skal reduseres i tråd med fylkesstrukturen.»

For å sikra ein god prosess, og i respekt for arbeidet i Vallovutvalet, tilrår fleirtalet at dei tre forslaga til endringar av § 57 i Grunnlova ikkje vert vedtekne.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til at Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag allerede i 2016 besluttet å slå seg sammen. Sammenslåingen skjedde basert på lokalt initiativ og uavhengig av regionreformen. Disse medlemmer mener derfor at det vil være naturlig at antall valgdistrikter korrigeres fra 19 til 18 og at antall utjevningsmandater følger antall valgdistrikter. Videre at man for å beholde samme antall stortingsrepresentanter øker antall distriktsrepresentanter fra 150 til 151.

Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

«Dokument 12:12 (2015–2016) – Grunnlovsforslag fra Martin Kolberg, Trond Giske og Ingvild Kjerkol om endring i § 57 annet og tredje ledd (valgordningen) – bifalles.»

1. Saksordførar Svein Harberg, behandling i Stortinget 29. mai 2018 av Prop. 76 L Endringar i vallova, jf. Innst. 291 L (2017–2018).