Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Grunnlovsframlegg frå Per Olaf Lundteigen og Helge Thorheim om endring i § 57 femte ledd (utanlandske borgarar skal ikkje reknast med ved mandatfordelinga til Stortinget)

Til Stortinget

Samandrag

Grunnlova § 57 seier at stortingsmandata si fordeling mellom dei ulike valdistrikta skal gjerast kvart åttande år. Fylka i Noreg er valdistrikta. Kommunal- og regionaldepartementet offentleggjorde 7. mai 2012 fordelinga som skal gjelda for stortingsvala i 2013 og 2017. Til grunn for denne fordelinga av stortingsmandat ligg innbyggjartalet i fylket og arealet av fylket. Neste endring vert gjeldande frå stortingsvalet i 2021.

Etter Grunnlova kan berre norske borgarar verta valde som stortingsrepresentantar, og berre norske borgarar kan røysta ved stortingsval. Men ved utrekninga av mandatfordelinga til Stortinget vert derimot òg utanlandske borgarar som er registrerte som busette i Noreg, tekne med i utrekningsgrunnlaget. Talet på utanlandske borgarar og fordelinga av dei mellom valdistrikta påverkar slik mandatfordelinga mellom distrikta. Forslagsstillarane meiner det er prinsipielt gale at personar utan røysterett ved stortingsval påverkar mandatfordelinga mellom valdistrikta berre ved å vera busette i Noreg. Forslagsstillarane meiner dette er ein demokratisk uheldig inkonsekvens i Grunnlova som bør rettast opp uavhengig av synet på kva følgjer opprettinga vil ha for mandatfordelinga.

Forslagsstillarane meiner utrekningsgrunnlaget for mandatfordelinga til Stortinget må vera den same gruppa som har røysterett ved stortingsval.

Forslagsstillarane føreslår difor at § 57 i Grunnlova vert endra slik at utanlandske borgarar ikkje skal reknast med ved mandatfordelinga til Stortinget.

Forslagsstillarane fremmer følgande forslag:

Ǥ 57 femte ledd skal lyda:

Talet på stortingsrepresentantar som skal veljast frå kvart valdistrikt, blir utrekna på grunnlag av høvet mellom talet på norske borgarar og flatevidda i distriktet på den eine sida og talet på norske borgarar og flatevidda i heile riket på den andre sida. I denne utrekninga gjev kvar borgar 1 poeng og kvar kvadratkilometer 1,8 poeng. Utrekninga skal gjerast kvart åttande år.

Det antall stortingsrepresentanter som skal velges fra hvert valgdistrikt, beregnes på grunnlag av forholdet mellom distriktets antall norske borgere og areal på den ene siden og hele rikets antall norske borgere og areal på den andre siden. I denne beregning gir hver borger 1 poeng og hver kvadratkilometer 1,8 poeng. Beregningen skal foretas hvert åttende år.»

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet, Hanne Dyveke Søttar, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, og uavhengig representant Ulf Leirstein, viser til grunnlovsframlegget om at det berre er norske statsborgarar som skal reknast med som grunnlag for utrekninga av mandat ved stortingsval.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti, gir ikkje si støtte til grunnlovsfamlegget. Forslagsstillarane viser til at det berre er norske borgarar som kan verte valde til stortingsrepresentantar, og berre norske borgarar som kan røysta ved stortingsval. Forslagsstillarane meiner at det på dette grunnlaget er prinsipielt gale at personar utan røysterett ved stortingsval påverkar mandatfordelinga mellom distrikta.

Fleirtalet meiner at vårt representative demokrati inneber at Stortinget skal representera alle faktiske innbyggjarar i landet, ikkje berre norske statsborgarar eller dei som har røysterett.

Fleirtalet vil difor avvisa grunnlovsframlegget slik det også vart gjort då spørsmålet vart handsama i 2016. Då saka den gong vart debattert, vart det nettopp understreka frå fleirtalet si side at vårt representative demokrati inneber at Stortinget skal representera alle innbyggjarar, ikkje berre norske statsborgarar, berre dei med røysterett eller berre dei som hadde røysta på valdagen.

Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet, og uavhengig representant Ulf Leirstein, viser til at bare norske statsborgere kan velges til Stortinget etter Grunnloven og at bare norske statsborgere har stemmerett ved stortingsvalg. Disse medlemmer mener det er prinsipielt feil at personer uten stemmerett ved stortingsvalg skal påvirke mandatfordelingen mellom valgdistriktene bare fordi de er bosatt i Norge. Dette er en demokratisk uheldig inkonsekvens i Grunnloven som bør rettes opp. Utregningsgrunnlaget for mandatfordelingen til Stortinget bør derfor være de som har stemmerett ved stortingsvalg.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

«Dokument 12:38 (2015–2016) – Grunnlovsframlegg frå Per Olaf Lundteigen og Helge Thorheim om endring i § 57 femte ledd (utanlandske borgarar skal ikkje reknast med ved mandatfordelinga til Stortinget) – bifalles.»

Komiteens medlem fra Senterpartiet vil understreke at Senterpartiet prinsipielt støtter forslaget og mener at antall stortingsrepresentanter i hvert valgdistrikt skal beregnes på grunnlag av forholdet mellom antall norske borgere og areal på den ene siden, og hele rikets antall norske borgere og areal på den andre siden.

Dette medlem viser til at dette er et spørsmål som er til vurdering i Valglovutvalget og vil derfor, i respekt for arbeidet i Valglovutvalget, likevel ikke støtte forslaget.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti er sterkt kritisk til dette grunnlovsforslaget, fordi det fratar en vesentlig andel av menneskene som bor i Norge, representasjon på Stortinget. Dette medlem viser til arealtillegget i utregning av mandatfordeling og mener at dersom størrelsen på valgkretser skal kunne ha betydning for mandatfordelingen, så må også antallet innbyggere kunne ha betydning, selv om noen av innbyggerne ikke er statsborgere. Dette medlem mener at en stortingsrepresentant er representant for alle i sin valgkrets, også de som ikke har stemmerett ved stortingsvalg. Derfor vil dette medlem anbefale å ikke bifalle forslaget, og mener videre det er et uverdig forslag.

Forslag frå mindretal

Forslag frå Framstegspartiet og uavhengig representant Ulf Leirstein:
Forslag 1

Dokument 12:38 (2015–2016) – Grunnlovsframlegg frå Per Olaf Lundteigen og Helge Thorheim om endring i § 57 femte ledd (utanlandske borgarar skal ikkje reknast med ved mandatfordelinga til Stortinget) – bifalles.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, syner til dokumentet og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Dokument 12:38 (2015–2016) – Grunnlovsframlegg frå Per Olaf Lundteigen og Helge Thorheim om endring i § 57 femte ledd (utanlandske borgarar skal ikkje reknast med ved mandatfordelinga til Stortinget) – vert ikkje vedteke.

Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 17. desember 2019

Dag Terje Andersen

Magne Rommetveit

leiar

ordførar