Søk

Vedlegg - Brev fra Klima- og miljødepartementet v/statsråd Sveinung Rotevatn til energi- og miljøkomiteen, datert 10. februar 2020

Vedlegg
Vedrørande representantforslag 22 S (2019-2020) om å beskytte Trænarevet og omkringliggjande område mot miljøskadeleg oljeaktivitet

Eg viser til brev av 30. januar 2020 frå Stortingets energi- og miljøkomite om representantforslag frå stortingsrepresentantane Une Bastholm, Audun Lysbakken og Lars Haltbrekken om å beskytte Trænarevet og omkringliggjande område mot miljøskadeleg oljeaktivitet.

Til forslagets punkt 1: Stortinget ber regjeringen stanse alle planlagte prøveboringer i havområder som er planlagt innlemmet som særlig verdifulle områder i den kommende helhetlige nasjonale planen for marine verneområder, i revisjon av forvaltningsplanen for Barentshavet og områdene utenfor Lofoten, samt i oppdatering av forvaltningsplanene for Norskehavet og Nordsjøen-Skagerrak.

Forvaltingsplanane for havområda er overordna og politiske rammeverk for all aktivitet i norske havområde. Som ein del av dette arbeidet blir det også identifisert særleg verdifulle og sårbare område (SVO'er) der det må visast særleg aktsemd. Dette gjeld relativt store og til dels samanhengande område, og forvaltningsplanane i seg sjølv inneber ikkje noko juridisk bindande regulering av aktivitet i områda. Planane må derfor følgjast opp gjennom bruk av aktuelt lovverk, til dømes ved å opprette tverrsektorielle marine verneområde etter naturmangfaldlova, men også der det er aktuelt gjennom vedtak etter havressurslova, petroleumslova, havne- og farvannslova m.v. Det kan i tråd med dette vere overlapp mellom SVO'er og område som er aktuelle for marint vern etter naturmangfaldlova eller vern etter anna lovverk, men områda vil likevel ikkje være identiske.

Regjeringa har slått fast å føre vidare arbeidet med plan for marine verneområde, med mål om at eit representativt utval av havområda blir verna. Regjeringa tar sikte på å komme tilbake til Stortinget med ein heilskapleg nasjonal plan for marine verneområde på eigna måte i løpet av 2020, jf. Stortingets vedtak ved handsaming av Innst. 455 S (2016-2017) angåande oppdatering av forvaltingsplanen for Norskehavet (2016-2017).

Tilrådinga frå Rådgjevande utval for marin verneplan frå 2004 utgjer det sentrale faglege grunnlaget for arbeidet med marine verneområde. Utvalet tilrådde vern av 36 område som til saman representerte eit godt og balansert utval av undersjøisk natur. Dei tre første marine verneområda etter naturmangfaldlova blei oppretta i 2013, og ytterlegare tre område blei verna i 2016. Vidare inngår eitt av områda i Raet nasjonalpark, som blei oppretta i 2016. Arbeid med planlagt vern går føre seg for ytterlegare 21 område. Av desse er 13 område sendt departementet for fastsetting, mens vern av dei andre områda er i prosess hos Miljødirektoratet og Fylkesmannen.

Dåverande Miljøverndepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Olje- og energidepartementet fastsette 6. april 2005 "midlertidige retningslinjer for behandling av saker som kan berøre kandidatområder til plan for marint beskyttede områder". I tråd med desse retningslinjene skal inngrep og aktivitetar som kan føre til varig skade i høve til aktuelt verneformål og verneverdiar så langt som mogleg unngås.

Til forslagets punkt 2: Stortinget ber regjeringen klargjøre for lisenshavere at det ikke vil være aktuelt å tillate utbygging av olje- og gassfelt i området rundt Trænarevet eller andre havområder som er planlagt innlemmet som et særlig verdifullt område i den kommende helhetlige nasjonale planen for marine verneområder, i revisjon av forvaltningsplanen for Barentshavet og områdene utenfor Lofoten, eller i oppdatering av forvaltningsplanene for Norskehavet og Nordsjøen-Skagerrak.

Trænarevet ligg innanfor eit område som er opna for petroleumsvirksomheit, og er omfatta av boretidsavgrensingar for leiteboring i perioden 1. februar til 31. august, samt for seismikk i perioden 1. januar til 1. mai. Trænarevet grenser til det særleg verdifulle og sårbare området (SVO) Lofoten til Tromsøflaket. Særleg verdifulle og sårbare område er område som har vesentleg verdi for det biologiske mangfaldet og den biologiske produksjonen i havområdet, også utanfor sjølve områda. At eit område er identifisert som særleg verdifullt og sårbart, gir ikkje direkte verknader i form av avgrensingar for næringsaktivitet, men signaliserer at det er viktig å vise særleg aktsemd i desse områda.

Fagleg forum for heilskapleg og økosystembasert forvaltning av norske havområde har utarbeida det faglege grunnlaget for å revidere og oppdatere forvaltningsplanane for havområda. I dette arbeidet blei det blant anna vurdert om særleg verdifulle og sårbare område burde bli utvida på grunnlag av at det har komme mykje ny kunnskap om arealbruken til sjøfugl. I det faglege grunnlaget ligg det eit kandidatområde i tilknyting til SVO Lofoten til Tromsøflaket, som også inkluderer areala ved Trænarevet.

Faglig forum har i sin rapport Om kandidatområder for særlig verdifulle og sårbare områder (oktober 2019) konkludert med at det er behov for ytterlegere arbeid med verdiar og sårbarheit i kandidatområda og ein heilskapleg gjennomgang av dei særleg verdifulle og sårbare områda. Eit faggrunnlag bør ifølge Faglig forum kunne vere ferdig i løpet av ein toårsperiode. Med bakgrunn i dette planlagde arbeidet såg Faglig forum det ikkje som formålstenleg å utvide områda nå.

Til forslagets punkt 3: Stortinget ber regjeringen verne havområdet rundt Trænarevet fra petroleumsaktivitet i den kommende nasjonale planen for marine verneområder.

Marine verneområde kan bli oppretta i medhald av naturmangfaldlova § 39 ut til tolv nautiske mil frå grunnlinja (i territorialfarvatnet). Trænarevet, som ligg i norsk økonomisk sone, er derfor etter dagens lovverk ikkje aktuelt for tverrsektorielt vern etter naturmangfaldlova. Trænarevet har sidan 2010 vært beskytta mot bruk av skadelege bunnredskap, jf. forskrift 22. desember 2004 nr. 1878 om utøvelse av fisket i sjøen (utøvelsesforskrifta) § 66.

Som ein del av den heiskapelege planen for det vidare arbeidet med marine verneområde skal status for arbeidet bli evaluert, og vidare behov for vern med bakgrunn i nasjonale og internasjonale mål identifiserast. I forvaltinga av havområda vil det løpande bli vurdert på grunnlag av tilgjengeleg kunnskap om det er behov for nye tiltak eller verkemiddel for å bevare marine naturverdiar.

Til forslagets punkt 4: Stortinget ber regjeringen inkludere de oppdaterte særlig verdifulle og sårbare områdene (SVO) i forvaltningsplanen for Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten og forvaltningsplanene for Norskehavet og Nordsjøen-Skagerrak i tråd med anbefalingene i det faglige grunnlaget «Særlig verdifulle og sårbare områder l M—1303», og verne disse områdene fra oljeaktivitet i den kommende nasjonale planen for marine verneområder.

Eg viser til svar under punkt 2 om dei særleg verdifulle og sårbare områda. Klima- og miljødepartementet har sett i gang arbeidet med å utarbeide ein plan for det vidare arbeidet med marint vern. Regjeringa tar sikte på å komme tilbake til Stortinget på eigna måte i 2020.