Søk

Nye regler for utsatt betaling av skatt, avgift mv.

Sammendrag fra Prop. 107 LS (2019–2020) kapittel 6

I samband med virusutbrotet er det gjeve utsetjing med betaling av meirverdiavgift, forskotskatt, arbeidsgjevaravgift og finansskatt på løn, vegbruksavgift på drivstoff, grunnavgift på mineralolje mv., avgift på smørjeolje, CO2-avgift på mineralske produkt, svovelavgift, avgift på alkohol, avgift på alkoholfrie drikkevarer og avgift på drikkevareemballasje. Skatteutsetjingane er i all hovudsak gjennomført ved at betalingsfristen er utsett for alle skatte- og avgiftspliktige. Utsetjingane er dermed rentefrie. Nær alle som driv verksemd, er omfatta av ei eller fleire av skatteutsetjingane.

Føretak med betalingsproblem som følgje av virusutbrotet og smitteverntiltaka bør framleis få moglegheit til å utsetje betaling av skatt og avgift. Ei lempeleg utsetjingsordning kombinert med ei normal marknadsrente vil ivareta dette omsynet. Då vil det ikkje vere lønsamt for føretak utan likviditetsvanskar å bruke betalingsutsetjingsordninga, og ho vil i større mon verte ei ordning for føretak med likviditetsvanskar. Samstundes vil renter på skatteutsetjingar gje verksemder og næringsdrivande insentiv til å finne løysingar i marknaden for å dekkje deira likviditetsbehov.

Etter dagens reglar kan ein skuldnar få utsett betaling med renter etter skattebetalingsloven §§ 15-1 og 15-2 og lov om Statens innkrevingssentral (SI-loven) § 8. Vilkåra for utsett betaling er strenge. Det må gjerast ei individuell vurdering av livssituasjonen, økonomien og betalingshistorikken til den enkelte skuldnar. Vidare skal det normalt reknast vanleg forseinkingsrente frå forfall og fram til betaling. Forseinkingsrenta i dag er på 9,5 pst.

Departementet foreslår å opne for ei meir fleksibel ordning for utsett betaling for krav etter skattebetalingsloven og for krav som det kan gjevast utsett betaling for etter SI-loven § 8. Departementet foreslår at ordninga vert gjennomført ved nye forskriftsheimlar i skattebetalingsloven ny § 15-4 og SI-loven § 8 som opnar for at departementet kan gje føresegn om utsett betaling i økonomiske krisesituasjonar. Departementet foreslår at forskriftsheimlane òg skal opne for at departementet kan gje føresegn om nedsetjing av renter.

Forskriftene i medhald av lovheimlane skal gjelde førebels, og føresegnene i forskriftene skal berre gjelde for situasjonen dei skal avhjelpe. I medhald av lovheimlane vil departementet fastsetje ei forskrift om utsett betaling for dei som er råka økonomisk av virusutbrotet. Departementet foreslår at forskrifta skal opne for at utsett betaling kan verte gjeve i perioden 1. juli til 31. desember 2020.

Departementet foreslår at utsett betaling skal kunne gjevast med ei lågare rente enn forseinkingsrenta. Det vil vere svært ressurskrevjande for Skatteetaten å setje ned forseinkingsrenta etter søknad. Det vil krevje at renta vert rekna ut manuelt når perioden for utsett betaling er over og hovudstolen er nedbetalt. For å unngå manuell utrekning av renta vil departementet for perioden 1. juli til 31. desember 2020 fastsetje ei lågare forseinkingsrente for dei fleste skatte- og avgiftskrav og for enkelte andre offentlege krav der rente skal reknast etter SI-loven § 7. Den lågare forseinkingsrenta vil gjelde utan omsyn til om skattytar søkjer om utsett betaling. Ei slik lågare forseinkingsrente kan departementet fastsetje i forskrift med heimel i skattebetalingsloven § 11-7, SI-loven § 7 tredje ledd og dokumentavgiftsloven § 2.

Departementet foreslår å setje den lågare forseinkingsrenta til 6 pst. per år.

Ordninga med ei lågare forseinkingsrente vil redusere behovet for skjematisk nedsetjing av renter etter søknad. Departementet legg difor til grunn at nedsetjing av renter etter søknad som hovudregel skal behandlast etter dei vanlege reglane for nedsetjing i skattebetalingsloven §§ 15-1 og 15-2 og SI-loven § 8.

Departementet foreslår at det ikkje skal vere høve til å klage over avgjersle gjort i medhald av forskrift til skattebetalingsloven § 15-4 og SI-loven § 8.

Utsett innbetaling av skattar og avgifter aukar faren for mishald, noko som òg reduserer inntektene til staten. På den andre sida vil rente på skatteutsetjingane gje renteinntekter. Den samla verknaden på provenyet av framlegget er vanskeleg å fastslå. Departementet legg til grunn at renteinntektene svarer til rentetap og tapte skatteinntekter som følgje av mishald. Departementet legg òg til grunn at ordninga ikkje vil ha vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar for Skatteetaten.

Departementet viser til framlegg til endringar i skattebetalingsloven § 15-4 og SI-loven § 8.

Departement foreslår at endringane tek til å gjelde straks.