Merknadar frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jette F. Christensen, leiaren Anniken Huitfeldt, Marianne Marthinsen, Anne Sandum og Jonas Gahr Støre, frå Høgre, Hårek Elvenes, Trond Helleland, Ingjerd Schou og Michael Tetzschner, frå Framstegspartiet, Siv Jensen, Christian Tybring-Gjedde og Morten Wold, frå Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, frå Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, frå Venstre, Tina Shagufta Munir Kornmo, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Sigbjørn Toskedal, merkar seg at proposisjonen inneheld godkjenning av kostnadsramme for to nye prosjekt, artillerilokaliseringsradar og utbetring av taksebanane Y og A4-A7 på Ørland flystasjon, og endring av kostnadsramme på eit tidlegare godkjent prosjekt; fasilitetar for maritime patruljefly på Evenes flystasjon. Komiteen viser til at alle investeringsprosjekta som proposisjonen omtalar, er i samsvar med Innst. 62 S (2016–2017) – Langtidsplanen for Forsvaret.

Komiteen viser til forslaget om å skaffe fem artillerilokaliseringsradarar med tilhøyrande pansra køyretøy, logistikk og materiell for utdanning. Radarane skal erstatte gamle radarar som har nådd sin teknologiske levealder og er modne for utskifting. Radaren gjev Hæren kapasitet til å lokalisere og skyte fiendtlege våpensystem hurtig og nøyaktig og svare med moteld. Komiteen viser til at det nye systemet vil kunne gje støtte til operasjonar nasjonalt og internasjonalt og aukar operativt tilgjenge og evne. Komiteen merkar seg at det i samband med kjøpet vil verte stilt krav om å inngå ei avtale om forsvarsindustrielt samarbeid med leverandøren innan hovudkontrakten vert signert. Komiteen viser vidare til at det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinjene frå Finansdepartementet, og at resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma – med to unntak. Komiteen merkar seg at kostnadsramma er basert på ein analyse som berre inkluderer dei leverandørane som vert vurdert å oppfylle krava til yting, og som samstundes har eit prisestimat som ligg innanfor prosjektet sitt styringsmål. I tillegg gjeld det ei såkalla avgift for gjenkjøp som ikkje er dokumentert. Komiteen viser vidare til at prosjektet har ei samla kostnadsramme på 1 502 mill. kroner, medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og avsetjing for usikkerheit, og ei styringsramme på 1 252 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.

Komiteen viser til forslaget om å utbetre taksebanane Y og A4-A7 på Ørland flystasjon. Komiteen viser til at det ved årsskiftet 2017/2018 var gjennomført kjerneboringar av taksebane Y ved Ørland flystasjon, og at boringane viste at underliggjande asfaltlag hadde skadar etter bruk av kjemikaliar for avising av banedekket over mange år. Komiteen merkar seg at prosjektet omfattar utskifting av asfaltdekke på taksebanane Y og A4-A7 med etablering av ny lyssetjing langsmed taksebanane. Komiteen merkar seg vidare at ein samstundes vil rette opp eit avvik på eksisterande tverrfall for vatnavrenning på taksebane Y og etablere betongfundament for flytting av dei mobile bremsewiresystema (Runway arresting gear – RAG) ut av tryggingssona langs taksebane Y. Komiteen merkar seg at prosjektet i tillegg skal utvide den effektive banebreidda til taksebane Y frå 22,5 meter til 33 meter og auke bereevna til tryggingsområdet langs taksebane Y for å møte krava til naudrullebane/reserverullebane i samsvar med «NATO criteria and standards for airfields». Komiteen viser til at kostnadsramma for prosjektet er sett til 598 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetjing for usikkerheit. Komiteen viser til at prosjektet si styringsramme er sett til 530 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.

Komiteen viser til Stortinget sitt vedtak gjennom handsaminga av Innst. 346 S (2018–2019) til Prop. 60 S (2018–2019) om etablering av fasilitetar for dei nye maritime patruljeflya på Evenes flystasjon. Komiteen viser til at byggeprosjektet inneber etablering av ein hangar med plass for tre maritime patruljefly (P-8A), der to plassar er knytte til vedlikehald og ein til vask av flya. Vidare omfattar prosjektet administrative fasilitetar for både flyskvadronen og vedlikehaldsskvadronen, ulike verkstadfasilitetar for P-8A, teknisk lager, verkstad- og lagerfasilitetar for bakkeutstyr og redningsutstyr. Komiteen merkar seg at det i tilknyting til desse fasilitetane vert etablert tre plassar for oppstilling for P-8A, ei plattform for lasting av ammunisjon og eit utandørs spyleanlegg for flya. Komiteen merkar seg at prisjustert til kostnadsnivå per 1. juli 2020 er kostnadsramma på prosjektet 1 842 mill. kroner.

Komiteen viser til at det sommaren og hausten 2019 vart gjennomført nye analysar av turbulenspåverknaden frå hangaren som viste at påverknaden frå vind vart vesentleg redusert ved ei dreiing av hangaren. Komiteen viser til at det som følgje av risikovurderinga vart utarbeidd ulike variantar av det «dreidde» alternativet som inneber ei flytting av hangaren om lag 300 meter sørover og litt vestover. Komiteen merkar seg at Luftfartstilsynet godkjende lokaliseringa av den nasjonale P-8-hangaren med tilhøyrande operative flater i februar 2020. Komiteen merkar seg vidare at flyttinga av hangaren fører til auka behov for taksebanar frå rullebanen og ned til det nye området. Komiteen merkar seg også at ei miljøvurdering syner at avrenning frå dei operative flatene i den nye løysinga i større grad vil ha innverknad på det meir sårbare RAMSAR-området sør for flyplassen. Komiteen merkar seg at etter dialog mellom Forsvarsbygg og miljøstyresmaktene (Fylkesmannen i Nordland) ser ein det som formålstenleg å etablere ei betre og meir robust løysing for å handtere overflatevatn og baneavising enn tidlegare prosjektert.

Komiteen merkar seg at arbeidet med å finne ny lokalisering av hangaren til dei maritime patruljeflya inneber ferdigstilling sommaren 2023, mot sommaren 2022, slik det opphavleg var planlagt. Komiteen viser til at Forsvarsdepartementet tilrår at kostnadsramma for prosjektet vert auka til 2 400 mill. kroner, medrekna innreiing, meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetjing for usikkerheit, og at styringsramma vert auka til 2 000 mill. kroner. Komiteen merkar seg at Forsvaret planlegg å ta i bruk P-8 frå ei mellombels løysing på Evenes frå 1. kvartal 2022 for å starte trening og øving av besetningane så tidleg som mogeleg. Komiteen merkar seg også at investeringskostnaden for utbygginga på Evenes er rekna til 4 980 mill. 2020-kroner, inkludert kostnadsauken for hangaren til P-8A, og såleis er innanfor den berekna verdien (p85) på 5,08 mrd. 2020-kroner.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil understreke at ved handsaminga av byggeprosjektet på Evenes i Stortinget var ikkje analysane av turbulenspåverknaden frå hangaren grundig nok utført.

Desse medlemene vil òg understreke at det på det noverande tidspunktet ikkje går fram kva løysinga for å handtere overflatevatn og baneavising er, men at det kostar meir enn ein tidlegare har rekna med. Desse medlemene understrekar også at lokaliseringa gir auka kostnadar til massehandtering.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil understreka at det er særs viktig i den tryggleikspolitiske situasjonen ein står overfor, at Forsvaret får dei beste føresetnadar for å kunne utføre dei oppgåvene dei er satt til. Desse medlemene er uroa over den utviklinga ein er vitne til. Det er høg aktivitet i Barentshavet med russisk oppøving og testing av moderne våpensystem. Alliert nærvær med utgangspunkt frå flyplassar i Storbritania og Island har tatt seg dramatisk opp. Desse medlemene vil understeke at ambisjonane for norsk nærvær i Barentshavet ikkje må senkast. Desse medlemene er uroa over at det kan verte konsekvensen av ein kostnadssprekk for prosjektet på Evenes, ettersom det er for mange uavklarte element som ein ikkje veit kostnadsomfanget av på noverande tidspunkt.

Desse medlemene fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa om å leggje fram ei kostnadsoversikt over påkomne og komande kostnadar for etableringa av basen for maritime overvakingsfly på Evenes flystasjon.»

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet støttar ikkje forslaget om å auke kostnadsramma med om lag 0,5 mrd. kroner for å etablere fasilitetar for maritime patruljefly på Evenes flystasjon. Grunngjevinga for å auke kostnadsramma er at hangaren si plassering må endrast, berre eitt år etter prosjektet vart godkjent i Stortinget. Hangaren kan ikkje lengre plasserast der han var tenkt, fordi det vil føre til turbulens. Denne medlemen vil understreke at ved handsaminga av prosjektet i Stortinget i juni 2019 var ikkje analysane av turbulenspåverknaden frå hangaren grundig nok utført. Det er kritikkverdig.

Denne medlemen viser til at Luftfartstilsynet har gitt eit midlertidig løyve til ny plassering. Avinor er pålagt å måle effekten av vind før eit endeleg løyve vert gitt. Data frå nye vindmålingar når MPA-hangaren er oppført, er avgjerande for om løyvet vert permanent. Denne medlemen viser til at Harstad/Narvik lufthamn har særskilte utfordringar kring turbulens. Lufthamna er sårbar for turbulent vind frå vest. Ei forverring av turbulens ved terskel vil føre til svekt flytryggleik og regularitet ved flyplassen.

Denne medlemen vil vidare peike på at det ikkje er gitt løyve for eventuelle allierte hangarar. Som det går fram av proposisjonen, vert det etablert tre oppstillingsplassar for P-8A. Proposisjonen svarar ikkje ut allierte sine behov i form av oppstillingsplassar ved øvingar og operasjonar ut frå Evenes flystasjon. Denne medlemen viser til at dersom ei utviding av hangarkapasitet vert planlagt gjennomført, er ikkje denne omfatta av det noverande midlertidige løyvet. Det er difor tvilsamt om ei utviding av hangarkapasitet for MPA lar seg gjennomføre ved Evenes lufthamn. Slik denne medlemen ser det, er det stor usikkerheit kring kostnadsbiletet for dette prosjektet, og denne medlemen vil difor ha ei grundigare evaluering av kostnadane før ein vel å løyve meir midlar.

Denne medlemen viser til at Stortinget ikkje var tilstrekkeleg informert om utfordringar knytte til baneavising, val av kjemikaliar, bruk av sand på operative flater og nærleik til RAMSAR-område under handsaminga av prosjektet i Stortinget i 2019. Denne medlemen viser til naturmangfaldlova og RAMSAR-traktaten, kor Stortinget har eit særleg ansvar for å ta vare på naturmangfaldet i område som er råka av etableringa av MPA-fasilitetar på Evenes flystasjon. Det er stor utryggleik knytt til framtidig driftskonsept og konsekvensar for nærliggjande natur samt vedlikehaldsbehov for militære fly. Dette kan føre til lågare tilgjenge på flyskrog som opererer ut frå Evenes flystasjon.

Denne medlemen vil understreke at det er fleire uavklarte element kring prosjektet som vil kunne føre til svekt operativ evne i dei næraste åra. Lasteplass for våpenhandtering for MPA er ikkje godkjent av ammunisjonsutvalet for MPA-systemet. Tidsaspektet og kostnadsbiletet for godkjenning av lasteplass er Stortinget ikkje orientert om. Denne medlemen viser til at det vert etablert to MPA-hangarar for lett vedlikehald. Tyngre vedlikehald må gjennomførast ved andre lokasjonar, då desse hangarane ikkje er klargjorde for eller funksjonelle for tyngre vedlikehald. Vidare viser denne medlemen til at risikoen for svekt operativ leveranse frå MPA-systemet ikkje vart vurdert i konsepta for innfasing av P-8A. Det er grunn til uro for svekt operativ leveranse og svekt SAR-beredskap.

Denne medlemen fremjar difor følgjande forslag:

«Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet i 2020 kan starte opp nye investeringsprosjekt, og endre kostnadsramma for tidlegare godkjente prosjekt, medrekna større eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt omtala i kapittel 2 Nye materiellprosjekt for godkjenning, kapittel 3 Nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt for godkjenning og kapittel 4 Endring av tidlegare godkjente eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt i den framlagde proposisjonen, innanfor dei fastsette kostnadsrammene, med unntak av ei auka kostnadsramme på om lag 0,5 mrd. kroner for å etablere fasilitetar for maritime patruljefly på Evenes flystasjon.»