Søk

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen blir fremja av medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre.

Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:
I

Stortinget samtykker i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av prosjektet fv. 359 Kaste–Stoadalen i Vestfold og Telemark fylke. Vilkåra kjem fram av Prop. 183 S (2020–2021).

II

Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsette nærmare reglar for finansieringsordninga.