Søk

Innhold

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet, Solveig Horne, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, frå Venstre, Terje Breivik, og uavhengig representant Ulf Isak Leirstein, viser til at Stortingets eksterne organ er offentlege organ oppretta direkte under Stortinget. Dei er sjølvstendige og uavhengige av Stortinget i verksemda si. Dei eksterne organa opptrer ikkje på vegner av Stortinget og utøver ikkje noka form for delegert konstitusjonell kompetanse for Stortinget.

Komiteen understrekar at Stortingets eksterne organ skal vera uavhengige i verksemda si. Sjølvstendet deira gjev tillit til at undersøkingar, vurderingar og utsegner støttar seg på eit objektivt og relevant grunnlag og ikkje på usaklege omsyn. Tillit er avgjerande for at organ som ikkje har mynde til å ta bindande avgjersler skal fungera effektivt.

Komiteen legg vekt på at konsekvensen av sjølvstendet og forankringa i Stortinget er at Stortingets eksterne organ reelt er uavhengige av og har begrensa mynde over dei som vert kontrollerte. Av di organa er oppretta av og ligg under Stortinget, er dei utanfor styringshierarkiet i den utøvande makta og er uavhengige av forvaltninga.

Komiteen ser det slik at Stortingets eksterne organ korkje har eller bør ha formell mynde til å instruera eller overprøva avgjersler i forvaltninga. Dette hindrar ikkje at organa kan pålegga forvaltninga å gje tilgang til naudsynt informasjon eller krevja tilgang til lokaler eller stader som er naudsynt for å utføre undersøkingar. Forvaltningsorgana sin rådgjevande funksjon er meir nyansert. Rådgjevinga må aldri gjennomførast på ein slik måte at blandinga av roller kan vera egna til å tilsløre tilhøvet mellom den lovgjevande og den utøvande makta.

Komiteen viser til at kontrollen med forskrifter, eller korleis regjeringa utøver den lovgjevingskompetansen som Stortinget har delegert, er eit viktig tema. Etterprøvinga av forskrifter bør òg omfatta ei vurdering av om det materielle innhaldet i forskrifta er i tråd med Stortinget sine føresetnadar. Departementa har ansvar for denne typen forskriftskontroll og må ha naudsynt tilsyn med at forskriftene er i tråd med intensjonen til lovgjevar. Komiteen føreset at departementa har system som gjev oversikt over kva for forskrifter som vert vedtekne, og som kan ha innverknad på Stortinget sin kontroll. Riksrevisjonen og Sivilombodsmannen gjennomfører kontroll i einskilde saker. Riksrevisjonen sin kontroll bør òg femna om tverrgåande kontrollar av departementa sine system for tilsyn med at innhaldet i forskriftene er i tråd med intensjonen til lovgjevar.

Komiteen peiker på at i den grad det er sakleg samanfall mellom oppgåvene til dei eksterne organa som er bestemde i lov og instruks, og Stortinget sine konstitusjonelle kontrollfunksjonar, er dei eksterne organa eit verkemiddel i Stortinget sin kontroll. Stortingets eksterne organ er eit verkemiddel for Stortinget si utøving av den parlamentariske kontrollen på generelt grunnlag, som ein demokratisk garanti for å sikra det folkevalde Stortinget si stilling opp mot regjeringa og embetsverket og for å sikra ei effektiv og ansvarleg forvaltning, jf. Dokument nr. 14 (2002–2003).

Komiteen viser til at dei eksterne organa kan vera eit verkemiddel knytt til andre av Stortinget sine konstitusjonelle oppgåver. Til dømes går det fram av NIM-loven § 3 at NIM skal gje råd til Stortinget om gjennomføringa av menneskerettane. Slike råd er ikkje avgrensa til å gjelda Stortinget sin kontroll. Dei kan òg gjelda Stortinget si handsaming av lov- og budsjettforslag.

Dei eksterne organa avgjer sjølve innhaldet i, omfanget av og formen på rapporteringa til Stortinget. Komiteen legg vekt på at omfanget av rapporteringa må vera tilpassa Stortinget sin kapasitet til å behandla rapportane, og rapportane må vera relevante for Stortinget sitt arbeid. Komiteen viser til Dokument nr. 7 (1972–73) om at det i kontrollen er av sentral interesse for Stortinget å kunna vurdera om den målsetjinga som ligg til grunn for Stortinget sitt vedtak, er oppnådd. Dessutan bør Stortinget vera orientert om tilhøve som omhandlar rasjonalisering og effektivisering av forvaltninga, og om ressursbehov og ressurstilgang.

Komiteen støttar utvalet si vurdering av at Stortinget, ved kontroll- og konstitusjonskomiteen, bør ha ein viss tilgang til dialog med dei eksterne organa for at dei skal kunna opplysa om særskilde undersøkingar Stortinget kan ha nytte av, når Stortinget treng å få greidd ut ei sak uavhengig av regjeringa og forvaltninga. Ein slik dialog føreset at organa sitt sjølvstende er vareteke ved at dei sjølve vurderer om oppgåva kan løysast innanfor tilgjengelege ressursar, og at dei sjølve avgjer korleis ein slik førespurnad frå Stortinget kan løysast. Når dei har løyst ei slik oppgåve, er det naturleg at dei avgjev ei særskild melding til Stortinget.

Komiteen støttar utvalet si oppfatning om at Stortingets presidentskap må ha ansvaret for gjennomgangen av lovendringar som kan eller bør få konsekvensar for Stortingets eksterne organ. Det er i prinsippet uheldig at verksemda i organa er regulert i instruks i tillegg til lov. Komiteen legg vekt på at forvaltningsorgan ikkje skal kunne rå over Stortingets eksterne organ om det aktuelle eksterne organet gjennomfører kontroll med forvaltningsorganet og bruken av forvaltninga si mynde kan påverka det eksterne organet si uavhengige og upartiske utøving av oppgåvene sine. Det same må gjelda for dei øvrige eksterne organa som fører kontroll med forvaltninga.

Komiteen registrerer at Stortingets eksterne organ har ulike mandat og arbeidsformer, ulik organisering og ulik tilknyting til Stortinget. Stortinget med Stortingets presidentskap og administrasjon varetek ulike administrative og styringsmessige funksjonar. Komiteen støttar utvalet si vurdering av at det prinsipielt bør vera eit styre eller eit kollegialt organ, anten det vert kalla nemnd eller noko anna, som bør vera det øvste ansvarlege organet i alle dei eksterne organa til Stortinget. Det er i tråd med organa si særleg sjølvstendige stilling. Ein slik modell vil sikra at ulike interesser kan vera representerte i det styrande organet. Komiteen støttar utvalet si vurdering av at Sivilombodet framleis bør ha ein direktørmodell.

Komiteen legg vekt på at dei kollegiale organa bør nemnast opp av Stortinget i plenum på same måte som sivilombodet, for å sikra naudsynt autoritet og legitimitet. I dei kollegiale organa med styrefunksjon vil rolla til den administrative leiaren vera å ha den daglege leiinga, førebu saker, vera sekretær for styret og gjennomføra avgjerslene. Det kollegiale organet bør tilsetja sin næraste medarbeidar og stå til ansvar overfor Stortinget for organet si verksemd. Komiteen støttar utvalet si vurdering om at alle dei eksterne organa til Stortinget har ein administrativ leiar på åremål på seks år, med mogelegheit til å forlenga det éin gong.

Komiteen meiner at i Riksrevisjonen bør leiinga vera et kollegium som i dag, som sjølv tilset administrativ leiar med ansvaret for det daglege arbeidet. Dette bør vera ein åremålsstilling på seks år med mogelegheit til å forlenga det éin gong til maksimalt tolv år. Riksrevisor leier møta i kollegiet og har den primære kontakten med Stortinget. Riksrevisor skal ikkje lenger ha det personell- og driftsmessige ansvaret. Kollegiet bør, som i dag, bestå av erfarne politikarar. Talet på medlemmar i kollegiet bør vera som nå, fem medlemmar.

Komiteen meiner at Sivilombodet skal oppretthalda dagens modell, slik at det ikkje er eit styre eller kollegialt organ som leier verksemda. Sivilombodet skal sjølv ta avgjersle i saker som er til handsaming. Det bør opnast for at ombodet kan ha eit utval eller eit råd til støtte i strategiske val og prioriteringar og som sikrar ein viss pluralisme og kontakt med det sivile samfunnet.

Komiteen meiner at oppnemninga av EOS-utvalet bør endrast slik at medlemmane i utvalet vert nemde opp for fire år av gongen, og at maksimal funksjonstid er åtte år, på same måten som i dei andre kollegiale organa. Utvalet skal sjølv tilsetja leiaren av sekretariatet, ikkje presidentskapet etter innstilling frå utvalet som i dag.

Komiteen meiner at Noregs institusjon for menneskerettar bør ha modellen med eit styre som er nemnt opp av Stortinget. Styret bør tilsetja direktør.

Komiteen meiner at Ombodsmannsnemnda for Forsvaret skal fungera som eit styre og ha meir ansvar for styring og kontroll med ombodet sitt arbeid enn i dagens ordning. Nemnda skal ha fem medlemmar og ikkje sju som i dag. Nemnda sine medlemmar skal nemnast opp av Stortinget for fire år av gongen. Medlemmane kan verta oppnemde på nytt éin gong kvar. For å sikra kontinuitet bør ikkje meir enn tre nye medlemmar bli nemde opp kvar gong. Nemnda sin leiar skal kallast forsvarsombodet, men vil ikkje vera leiar av det daglege arbeidet som i dag. Nemnda tilset administrativ leiar, som vert tilsett på åremål for seks år. Åremålet kan forlengast éin gong til totalt tolv år.

Komiteen registrerer at sidan Stortingets eksterne organ har ulik storleik, tek Stortinget hand om ei rekke administrative oppgåver. Dette kan vera ei utfordring for sjølvstendet, men samstundest gje stordriftsfordelar. Det kan vera føremålstenleg med ein gjennomgang av kva for oppgåver Stortingets administrasjon kan og bør utføra for dei eksterne organa.

Stortinget fastset dei eksterne organa sitt budsjett ved at budsjettforslaga vert sende til Stortinget for handsaming i presidentskapet. Komiteen støttar utvalet si vurdering om at Stortinget må få informasjon om dei opphavelege budsjettframlegga til organa når Stortinget handsamar budsjetta. Stortingets eksterne organ bør ha eit lønnsnivå som reflekterer at dei er Stortinget sine organ, og følgje føringa frå Stortinget for leiarar i staten.

Komiteen legg merke til at Stortinget sin administrasjon er klareringsmyndigheit for Sivilombodsmannen, for Ombodsmannen for Forsvaret og for EOS-utvalet sine medlemmar og tilsette i sekretariatet. Riksrevisjonen er eiga klareringsmyndigheit. Komiteen viser til at spørsmålet om ei felles klareringsordning for alle Stortingets eksterne organ må venta til vurderinga av om Riksrevisjonen framleis skal revidera Stortingets administrasjon, er klar.

Komiteen støttar utvalet si vurdering om at i lys av sjølvstendet til Stortingets eksterne organ og valet av styremodell er det naturleg at dei øvste organa i verksemda fastset personalreglement etter forhandlingar mellom leiinga og dei tillitsvalde. Det er òg naturleg at dei øvste organa i verksemda fastset økonomireglement, og at staten sitt økonomireglement vert lagt til grunn.

Komiteen fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber presidentskapet om å følgja opp naudsynte lovendringar på bakgrunn av utvalet sine forslag og komiteen sine føringar i denne innstillinga.»