1. Samandrag

Kunnskapsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i barnehagelova, opplæringslova og friskolelova. Forslaga gjeld særleg to område. Det første er regulering av behandling av personopplysningar innan barnehage og grunnopplæringa. Det andre gjeld gjennomføring av opplæringa som fjernundervisning.

1.1 Personopplysningar

Bakgrunnen for forslaget er EUs personvernforordning (Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/679), heretter personvernforordninga eller forordninga, som også er innlemma i EØS-avtalen.

Det rettslege grunnlaget for å behandle personopplysningar følger av dei lovfesta oppgåvene som skal utførast under dei enkelte lovene, som legg rammene for kva for nokre og i kva utstrekning opplysningane kan behandlast. Personopplysningslova og forordninga stiller krav om ein tydeleg og føreseieleg praksis, og at behandlingsgrunnlaga er klare og tydelege. På Kunnskapsdepartementets ansvarsområde er dette særleg viktig fordi dei registrerte som hovudregel er barn og unge. Departementet gjer derfor framlegg om å lovfeste eit tydelegare supplerande rettsgrunnlag for behandling av personopplysningar i barnehage og skole.

Departementet foreslår å endre barnehagelova. Barnehagane og kommunen som barnehagestyresmakt har ein rekke plikter etter lova som føreset behandling av opplysningar om barna. Personopplysningar blir behandla blant anna i samband med opptak, oppfølging av rettar til for eksempel spesialpedagogisk hjelp, teiknspråkopplæring og tilrettelegging på grunn av nedsett funksjonsevne, og i kontakten mellom barnehagen og foreldra. Også særlege kategoriar av personopplysningar blir behandla, for eksempel helseopplysningar.

Departementet foreslår ei generell føresegn om at kommunar, fylkeskommunar og private barnehagar skal kunne behandle personopplysningar så langt det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova. Vidare foreslår departementet å lovfeste at deling av personopplysningar mellom barnehagar og frå barnehage til skole kan gjerast så langt foreldra gir løyve til det. Utdanningsdirektoratets innsamling, behandling og deling av personopplysningar til bruk i forsking, analyse og statistikk blir foreslått klargjort.

Forslaga til lovendringar er eit ledd i regjeringa si oppfølging av to oppmodingsvedtak frå Stortinget som kom i samband med behandlinga av Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.), jf. Innst. 344 L (2015–2016). Oppmodingsvedtak nr. 789 og nr. 791 av 7. juni 2016 handlar om behandlingsgrunnlaget for barnehagar når dei behandlar personopplysningar.

Departementet foreslår å endre opplæringslova og friskolelova. I grunnopplæringa blir det behandla mange personopplysningar om mange barn, unge og vaksne, og over ein lang tidsperiode. Samtidig medverkar den stadig aukande digitaliseringa til at det blir lagra store mengder personopplysningar i skolen. Auka digitalisering kan mellom anna gi utfordringar når det gjeld å få oversikt over kva for opplysningar som er lagra om den enkelte, og det gjer at personopplysningar kan samanstillast og brukast på andre måtar enn før.

Skolesektoren er òg karakterisert ved at det i stor grad er skulane sjølv som genererer personopplysningar. Dette vil typisk vere gjennom arbeidet og innsatsen elevane gjer på skolen, og dei mange faglege vurderingane og tilbakemeldingane skolen kjem med til og om elevane. I tillegg vil ein del personopplysningar også bli genererte gjennom det dei tilsette på skolen har plikt til å dokumentere, for eksempel i skolen si oppfølging av skolemiljøsaker etter opplæringslova kapittel 9 A.

Departementet foreslår ei generell føresegn om at dei som driv skole, skal kunne behandle personopplysningar så langt det er nødvendig for å utføre oppgåver etter opplæringslova og friskolelova. Vidare foreslår departementet regulering av deling av personopplysningar ved skolebyte og ved overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring. Utdanningsdirektoratets innsamling, behandling og deling av personopplysningar til bruk i forsking, analyse og statistikk blir foreslått klargjort. Dette omhandlar blant anna innhenting av alle vitnemålopplysningar frå 10. klasse, resultat for alle elevar i vidaregåande opplæring og opplysningar frå nasjonale prøver og undersøkingar. Departementet foreslår å lovregulere nasjonal vitnemålsdatabase som verktøy for opptak til høgare utdanning og for lagring av og tilgang til digitale vitnemål frå vidaregåande opplæring, friskular, fagskular og andre kompetansebevis.

Departementet har vurdert behov for behandling av personopplysningar ved klagebehandling, tilsyn og tilskotsforvaltning, og for nokre andre skoleslag. Departementet foreslår å lovfeste eit supplerande rettsgrunnlag i friskolelova kapittel 6A for diverse skular som tilbyr yrkesretta utdanningar, si behandling av personopplysningar. Vidare foreslår departementet ein ny forskriftsheimel i friskolelova § 6-1 femte ledd, for å kunne regulere Utdanningsdirektoratets innhenting av opplysningar for kontroll av elevtal.

1.2 Fjernundervisning

Departementet foreslår endringar i opplæringslova og friskolelova som gjeld gjennomføring av opplæring med tekniske hjelpemiddel utan at læraren er til stades saman med elevane (fjernundervisning). Føresegnene departementet foreslår, regulerer i kva utstrekning og på kva vilkår det i ein normalsituasjon vil vere høve til å bruke fjernundervisning i offentlege grunnskular og vidaregåande skular og i skular godkjende etter friskolelova.

Departementet tek sikte på å sende eit heilskapleg forslag til ny opplæringslov på høyring seinare i år. Med bakgrunn i blant anna regjeringa si satsing på digitalisering, og erfaringane med bruk av digital heimeopplæring under koronapandemien, har departementet lagt opp til at reglane for bruk av fjernundervisning blir behandla i eit eige løp, slik at nye føresegner i opplæringslova og friskolelova eventuelt kan ta til å gjelde hausten 2021.

Forslaget inneber at det blir opna generelt for fjernundervisning på visse vilkår. Vilkåra er at skoleeigaren kan godtgjere at det er gode grunnar til å organisere opplæringa slik, og at det er trygt og pedagogisk forsvarleg. I tillegg må læraren og elevane kunne kommunisere effektivt. Forslaget inneber at elevane som hovudregel må få fjernundervisning på skolen, men at læraren kan vere ein annan stad. I særlege tilfelle kan elevane få fjernundervisning andre stader enn på skolen, og i vidaregåande skular kan dette avtalast mellom den enkelte eleven og rektor.

Departementet understreker at den fjernundervisninga som blir foreslått, ikkje er det same som den heimeopplæringa elevane fekk då skulane var stengde våren 2020, og når skular driv med avgrensingar etter smittevernlova. Ein hovudforskjell er at elevane i utgangspunktet skal få fjernundervisning på skolen. Vidare foreslår departementet strengare vilkår for og krav til fjernundervisninga enn det som har vore tilfellet for den heimeopplæringa som skulane blei pålagde å gjennomføre på grunn av pandemien.

1.3 Bruk av retten til vidaregåande opplæring for ungdom som har gått Vg3 påbygging til generell studiekompetanse skoleåra 2020–2021 og 2021-2022

Departementet foreslår ei mindre endring i opplæringslova for å vareta rettane til ungdom som har gått Vg3 påbygging skoleåra 2020–2021 og 2021–2022.

Det følger av den mellombelse lova om tilpassingar i blant anna opplæringslova (midlertidig lov 26. mai 2020 nr. 52 om tilpasninger i barnehageloven, opplæringslova og friskolelova for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19) at ungdom som er tekne inn til Vg3 påbygging til generell studiekompetanse (Vg3 påbygg) skoleåret 2020–2021, ikkje bruker av ungdomsretten til vidaregåande opplæring det skoleåret. Med heimel i den mellombelse lova er det i forskrift fastsett tilsvarande utviding for dei som blir tekne inn til Vg3 påbygg skoleåret 2021–2022.

Den mellombelse lova gjeld i ein avgrensa periode. Utvidinga av ungdomsretten vil likevel ha verknad for inntak til vidaregåande opplæring eller utbetaling av lærlingtilskot fram i tid, også etter at den mellombelse lova er oppheva. Departementet foreslår derfor å ta inn ei føresegn i opplæringslova som klargjer at dei som har teke Vg3 påbygg skoleåra 2020–2021 og 2021–2022, ikkje har brukt av ungdomsretten til vidaregåande opplæring det året. Siktemålet med forslaget var å sikre at retten til meir opplæring er synleg også etter at den mellombelse lova blir oppheva.