Søk

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

I Prop. 17 S (2021–2022) vert det fremja forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2021.

Dei reviderte overslaga for folketrygda sine utgifter og inntekter i 2021 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2021.

Det vert fremja forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 760 mill. kroner, å redusere løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 1 295 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 1 117 mill. kroner. Samla vert det foreslått at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar blir redusert med 3 172 mill. kroner.

Det vert fremja forslag om å auke løyvingane for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med 9 mill. kroner.