Søk

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Tove Elise Madland, Cecilie Myrseth, Even A. Røed og Truls Vasvik, frå Høgre, Sandra Bruflot, Erlend Svardal Bøe og leiaren Tone Wilhelmsen Trøen, frå Senterpartiet, Lisa Marie Ness Klungland og Hans Inge Myrvold, frå Framstegspartiet, Bård Hoksrud og Morten Wold, frå Sosialistisk Venstreparti, Marian Hussein, frå Raudt, Seher Aydar, frå Kristeleg Folkeparti, Olaug Vervik Bollestad, og frå Pasientfokus, Irene Ojala, er gjort merksam på dei forslaga til endringar som ligg til saka, og gjev si tilslutning til dei endringane som kjem fram under dei kapitla og postane som vert omtala.

Komiteen er opptatt av føreseielege rammer for å sikra pandemihandteringa, i den kritiske fasen ein er i, og særleg etter at det er påvist ny mutantsmitte.

Komiteen merker seg at fleire av endringane i statsbudsjettet omhandlar usikkerheit og forskyving av kostnader knytte til innkjøp og lagring av vaksinar og smittevernutstyr. Komiteen finn det riktig å sikra stabilitet for den vidare handteringa og legg til grunn føreslåtte bestillingsfullmakter.

Komiteen merkar seg òg ordninga med å donere ubrukte vaksinedoser, gjennom Covax-samarbeidet, som ein styrke i Noreg sitt internasjonale og humanitære bidrag overfor andre nasjonar.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Rødt mener at Norge bør arbeide for et bredt patentunntak for covid-19-vaksiner, medisiner og medisinsk utstyr.