Sammendrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om auka kostnadsramme for prosjektet rv. 13. Ryfast. Som følgje av ein tvist mellom Statens vegvesen og entreprenøren om sluttoppgjeret har det vore gjennomført forliksforhandlingar med sikte på å finne ei løysing utan rettssak. Forliket vil innebere ein ytterlegare kostnadsauke på om lag 180 mill. kroner.

Det blir opplyst i proposisjonen at Samferdselsdepartementet i Prop. 29 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet opplyste om ein kostnadsauke for prosjektet rv. 13 Ryfast, som følgje av auka arbeidsomfang knytt til fleire forhold. Stortinget har ved behandlinga av Prop. 29 S (2021–2022) gjort vedtak om endra kostnadsramme for prosjektet i samsvar med departementet sitt forslag, jf. Innst. 81 S (2021–2022) Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet og Endringer i statsbudsjettet 2021 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Samferdselsdepartementet varsla òg i Prop. 29 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet at det framleis er uvisse om dei endelege kostnadane, som følgje av ein tvist mellom Statens vegvesen og entreprenøren om sluttoppgjeret. Det har vore gjennomført mekling mellom Statens vegvesen og entreprenøren hausten 2021, med sikte på å finne ei løysing utan rettssak. Gjennom meklinga vart det lagt fram ei skisse til forlik som begge partane er villige til å akseptere. Ut frå ei samla vurdering av tid, kostnadar, ressursar og risiko knytt til å føre saken for retten, tilrår Samferdselsdepartementet at det blir inngått forlik, og at Stortinget sluttar seg til forslaget til endra kostnadsramme.

Forliket vil innebere ein ytterlegare kostnadsauke på om lag 180 mill. kroner. Samferdselsdepartementet foreslår å auke kostnadsramma i samsvar med dette til 9 172 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.

Vidare inneheld proposisjonen ei utgreiing for status i tvistesaka for prosjektet E39 Eiganestunnelen. Samferdselsdepartementet opplyste i Prop. 29 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet om ein kostnadsauke for prosjektet E39 Eiganestunnelen og foreslo å auke kostnadsramma for prosjektet. Kostnadsauken var ei følgje av auka arbeidsomfang knytt til fleire forhold. Stortinget gjorde ved behandling av proposisjonen vedtak om endra kostnadsramme for prosjektet i samsvar med departementet sitt forslag, jf. Innst. 81 S (2021–2022) Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet og Endringer i statsbudsjettet 2021 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Samferdselsdepartementet varsla i Prop. 29 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet òg at det framleis er uvisse om dei endelege kostnadane, som følgje av ein tvist mellom Statens vegvesen og entreprenøren. Det har vore forsøkt å løyse tvisten utanfor rettsapparatet, men utan hell. Usemja vart handsama i Sør-Rogaland tingrett i juni 2021. Domen frå tingretten gjekk i Statens vegvesen sin favør. Entreprenøren har anka tingretten si avgjersle. Framdrifta for vidare rettsbehandling er førebels ikkje avklart. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til saka når det ligg føre nærare avklaringar i rettssystemet.