Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I dokumentet blir det fremja følgjande forslag:
Stortinget ber regjeringa vurdere korleis ein kan løfte og formalisere kompetansen for yrkesutøvarar innan demontering og gjenbruk i bygg- og anleggsbransjen i utdanningssektoren, og komme tilbake til Stortinget med ein plan for gjennomføring.
Planen bør særleg ha tema som:
korleis berekraft, sirkulærøkonomi og gjenbruk blir synleggjort i fagplanane for modulstrukturert fag- og yrkesopplæring, som skal fornyast sommaren 2023
korleis demontering og gjenbruk kan passe inn i dei yrkesfaglege løpa.
Stortinget ber regjeringa sikre at lærarutdanningane og etter- og vidareutdanningstilbod til lærarar gir auka forståing for berekraftig utvikling og fagleg og pedagogisk arbeid med berekraft i alle fag, i tråd med innføringa av berekraftig utvikling som eit tverrfagleg tema i læreplanane gjennom fagfornyinga.
Stortinget ber regjeringa vurdere korleis nye anleggsmaskiner og utstyr som er basert på nullutslepp, kan bli integrerte i utdanningsløpa.»
Ein viser til dokumentet for ei nærare utgreiing om forslaga.