2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Tove Elise Madland, Cecilie Myrseth, Even A. Røed og Truls Vasvik, frå Høgre, Sandra Bruflot, Erlend Svardal Bøe og leiaren Tone Wilhelmsen Trøen, frå Senterpartiet, Lisa Marie Ness Klungland og Hans Inge Myrvold, frå Framstegspartiet, Bård Hoksrud og Morten Wold, frå Sosialistisk Venstreparti, Marian Hussein, frå Raudt, Seher Aydar, frå Kristeleg Folkeparti, Olaug Vervik Bollestad, og frå Pasientfokus, Irene Ojala, syner til at proposisjonen føreslår endringar i legemiddelloven og fremjar forslag til vedtak om samtykke til innlemming av EU sin forordning (EU) 2019/6 om legemiddel til dyr i EØS-avtalen.

Komiteen gjer merksam på at denne innstillinga gjeld forslaget om samtykke til innlemming av forordninga om lækjemiddel til dyr. Forslag om endringar i legemiddelloven vert handsama i ei eiga innstilling. Det har ikkje kome skriftlege innspel innan fristen til saka til helse- og omsorgskomiteen.

Komiteen merkar seg at føremålet med den nye forordninga er å auke tilgjengelegheita av lækjemiddel til dyr, effektivisere godkjenningsordningane, stimulere til auka konkurranseevne og innovasjon, bidra til ein meir effektiv indre marknad og å styrkje arbeidet til EU med å nedkjempe antimikrobiell resistens (AMR).

Komiteen merkar seg vidare at forordninga vil erstatte direktiv 2001/82/EF som tidlegare har danna grunnlaget for regulering av forsyningskjeda for lækjemiddel til dyr, av dette krava for tilverking, marknadsføring, import, eksport, forsyning, distribusjon, lækjemiddelovervaking, kontroll og bruk av lækjemiddel til dyr.

Komiteen har elles ingen merknader til saka og sluttar seg på grunnlag av dette til innlemming i EØS-avtalen av forordning (EU) 2019/6 om lækjemiddel til dyr.