Søk

Innhold

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Even Eriksen, Lubna Boby Jaffery og Birte Usland, frå Høgre, leiaren Peter Frølich og Svein Harberg, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen, frå Sosialistisk Venstreparti, Sara Bell, frå Raudt, Seher Aydar, og frå Venstre, Grunde Almeland, viser til at EOS-utvalet er Stortingets kontrollorgan for dei hemmelege tenestene i Noreg. Føremålet med kontrollen er å sjå til at borgarane sine rettar ikkje vert krenkte, og at lover og reglar vert følgde. EOS-utvalet skal sjå til at dei hemmelege tenestene balanserer omsynet til privatlivet til den einskilde opp mot samfunnet og borgarane sin trong til tryggleik.

Komiteen viser til at EOS-utvalet kvart år skal senda ei melding til Stortinget om resultatet av denne kontrollen. I tillegg kan EOS-utvalet senda særskilde meldingar dersom det vert naudsynt.

Komiteen viser til at EOS-utvalet i 2021 har gjort eit omfattande arbeid med 18 inspeksjonar, 13 saker av eige tiltak og har avslutta 26 klagesaker. Komiteen viser til at EOS-utvalet i samband med Stortinget si handsaming av Innst. 357 L (2019–2020) har fått ei omfattande ny oppgåve med løpande kontroll av tilrettelagd innhenting i Etterretningstenesta som krev ein utvida kontrollmetodikk.

Komiteen viser til at det ved handsaminga av EOS-utvalets årsmelding for 2020 vart presisert at EOS-lova er klår på at informasjonseigaren styrer graderinga av informasjonen i EOS-utvalets kontroll, men det er utvalet sjølv som vurderer om den graderte informasjonen er relevant for Stortingets kontroll, og formidlar han direkte til Stortinget.

Kontrollen med Politiets tryggingsteneste (PST)

Komiteen viser til at kontrollen av PST mellom anna omfattar innhenting og handsaming av personopplysningar, førebyggjande saker, bruk av skjulte tvangsmiddel og utveksling av informasjon med innanlandske og utanlandske samarbeidspartnarar.

Komiteen viser til at utvalet har kritisert PST for at seks personar var registrerte utan at det var grunnlag for det. Kritikken vart forsterka i ei sak av di registreringa inneheldt opplysningar om personen si politiske oppfatning.

Komiteen viser til at PST har sletta fem av registreringane. PST fastheldt at det var grunn til å registrera den sjette personen, og opplysningane er difor ikkje sletta. Komiteen viser til at føremålet med EOS-utvalets kontroll er å førebyggja at nokon sine rettar vert krenkte, og ber PST om å sletta opplysningane om den sjette personen, der utvalet har kritisert grunnlaget for registreringa.

Kontrollen med Etterretningstenesta

Komiteen viser til at kontrollen av Etterretningstenesta mellom anna omfattar bruk av innhentingsmetodar som kan medføra inngrep overfor den einskilde, tenesta si handsaming av opplysningar og informasjonsutveksling med innanlandske og utanlandske samarbeidspartnarar.

Komiteen viser til at utvalet ikkje har fått lagt fram for seg alle saker og operasjonar som E-tenesta har lagt fram for Forsvarsdepartementet i perioden 2011–2020. E-tenesta har beklaga dei manglande framleggingane, som kom av rutinesvikt.

Komiteen viser til at EOS-utvalet har presisert overfor E-tenesta at dei forventar at tenesta legg fram alle saker og operasjonar som er lagde fram for Forsvarsdepartementet for godkjenning, og legg til grunn at departementet følgjer dette opp.

Kontrollen med Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)

Komiteen viser til at kontrollen av Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) mellom anna omfattar NSMs handsaming av saker der klarering er nekta, nedsett eller suspendert av klareringsmyndigheita, direktoratet si handsaming av klager over slike saker, sakshandsamingstid i klareringssaker og NSMs samarbeid med andre EOS-tenester.

Komiteen deler EOS-utvalets bekymring om at sakshandsamingstida i klareringssaker hos NSM på nesten alle område har gått opp i 2021 samanlikna med 2020. Komiteen føreset at NSM tar grep for å redusera sakshandsamingstida.

Komiteen viser til at EOS-utvalet har oppmoda Justis- og beredskapsdepartementet om å sikra einsarta lovforståing og praksis knytt til grunngjevingar som vert gjevne til personar som får negative klareringsavgjerder.

Komiteen viser til at utvalet òg har uttalt at departementet bør sjå på ordninga med særskilt oppnemnd advokat for personar som har fått opplysningar utelate frå grunngjevinga. Den ordninga har ikkje vorte nytta dei siste ti åra. Departementet har bede NSM om ei vurdering. Komiteen understrekar at ordninga er ein viktig rettstryggleiksgaranti for dei som treng sikkerheitsklarering. Difor er det viktig å finna ut kvifor ho ikkje vert nytta.

Kontrollen med Forsvarets tryggingsavdeling (FSA)

Komiteen viser til at kontrollen av Forsvarets tryggingsavdeling (FSA) mellom anna omfattar FSAs handsaming av saker der klarering er nekta, nedsett eller suspendert av klareringsmyndigheita, FSAs sakshandsamingstid i klareringssaker og FSAs verksemd innanfor operativ tryggingsteneste.

Komiteen viser til at den gjennomsnittlege sakshandsamingstida hos FSA samla sett har gått ned frå 2020 til 2021.

Komiteen viser til at som følge av ei bekymringsmelding og fleire førespurnader om klareringsprosessen for vernepliktige soldatar har utvalet undersøkt dette temaet.

Sivil klareringsmyndigheit (SKM)

Komiteen viser til at som følge av ei klage på SKM til utvalet vil Justis- og beredskapsdepartementet vurdera regelverket for autorisasjon av utanlandske borgarar.

Komiteen støttar utvalet si oppfordring til departementet om å etablera reglar om grunngjeving, innsyn og klage i slike saker.

Anna EOS-teneste

Komiteen merkar seg at administrasjonen og presidentskapet i Stortinget er unnatekne frå EOS-utvalets kontroll av klareringssaker.