Søk

Sammendrag

Svalbard omfattar Spitsbergen, Prins Karls Forland, Nordaustlandet, Kong Karls Land, Barentsøya, Edgeøya, Hopen, Bjørnøya og alle holmar og skjer innanfor koordinatane 10° og 35° austleg lengd og 74° og 81° nordleg breidd. Svalbard har eit landareal på 61 022 km2 og utgjer ca. 16 pst. av det totale landarealet i Kongeriket Noreg. Spitsbergen er den største øya i Noreg. Rundt 60 pst. av Svalbard er dekt av isbrear. Under 10 pst. av Svalbard har vegetasjon.

Svalbardtraktaten vart underteikna 9. februar 1920 og tok til å gjelde 14. august 1925. Frå same dag vart Svalbard ein udeleleg og uavhendeleg del av Kongeriket Noreg gjennom ei eiga lov, Svalbardlova 17. juli 1925 nr. 11. Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på øygruppa og tek vare på dei statlege interessene der.

Størsteparten av busetjinga på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og er det største lokalsamfunnet. Utanom Spitsbergen bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at folkemengda på Svalbard auka med 21 personar i 2020, dvs. 1,3 pst. Til samanlikning var auken i 2019 på 8 pst., som var den største folkeveksten dei siste ti åra.

Dei overordna måla for svalbardpolitikken ligg fast. Desse vart stadfesta i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard:

  • Ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • Overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • Bevaring av ro og stabilitet i området

  • Bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • Halde oppe norsk samfunn på øygruppa

Justis- og beredskapsdepartementet fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet. Eit eige svalbardbudsjett synleggjer inntekter og utgifter på øygruppa.

Stortinget slutta seg til regjeringa sitt ønske om å vidareføre ordninga med eit eige svalbardbudsjett under behandlinga av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard.

I Prop. 1 S (2022–2023) foreslår regjeringa ei budsjettramme for svalbardbudsjettet for 2023 på 581,9 mill. kroner. Dei enkelte postane vert omtalte i Prop. 1 S (2022–2023) Svalbardbudsjettet.