Søk

Sammendrag

I dokumentet fremmes følgende forslag:

  1. Stortinget ber regjeringa sende på høyring framlegg om endringar i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta som stiller krav om klimagassrekneskap for bygg med verknad seinast frå 1. januar 2024. Rekneskapen må omfatte heile livsløpet for byggeprosessen (inkludert arbeidet på byggeplassen, montasjen og gjennomføringa) og gjelde heile bygget.

  2. Stortinget ber regjeringa sende på høyring framlegg om endringar i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta som stiller maksimalkrav til klimagassutslepp for alle nybygg med verknad seinast frå 1. januar 2024, med gradvis skjerpa krav fram mot 2030.

  3. Stortinget ber regjeringa sende på høyring framlegg om endringar i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta som aukar kravet til sortering av avfall på byggeplass frå 70 til minst 80 pst. frå 1. januar 2024, og varsle om gradvis ytterlegare auking av prosentkravet i åra framover.»

Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslagene.