Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Regjeringa legg i proposisjonen fram følgjande saker under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet og kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar:
1. Lønsregulering frå 1. mai 2023 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet m.m.
2. Endringar i statsbudsjettet for 2023.
I punkt 2 i proposisjonen vert lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå 1. mai 2023 m.m. omtalt med følgjande tema:
Lønsforhandlingane m.m. per 1. mai 2023 omtalt med omtale av forhandlingane og om den økonomiske ramma.
Nærare omtale av avtalane med Akademikerne og Unio og avtalane med LO Stat og YS Stat – med omtale av økonomisk profil i avtalane og om anna.
Lønsregulering m.m. for dei embetsmenn og statstilsette som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane.
I punkt 3 i proposisjonen vert endringar på statsbudsjettet for 2023 på følgjande kapittel og postar omtalte:
Kap. 2315 (Nytt) Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 (Ny) Driftsutgifter
Kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar m.m., post 71 Opplæring og utvikling av tillitsvalde
Kap. 2309 Tilfeldige utgifter, post 1 Driftsutgifter.