5. Forslag fra mindretall

Forslag fra femte visepresident Ingrid Fiskaa:
Forslag 1

Stortingets godtgjeringsutval vert avvikla, slik at årleg justering av stortingsrepresentantane, regjeringsmedlemmene og statsministeren sine godtgjeringar vert gjort av presidentskapet direkte.

Forslag 2

Stortinget ber presidentskapet fremma forslag om å endra stortingsgodtgjeringslova slik at det vert sett ei absolutt grense for godtgjeringa for stortingsrepresentantane til under 91-prosentpersentilen.

Forslag 3

Stortinget ber presidentskapet fremma forslag om at det vert sett ei grense som sikrar at den maksimale årlege auken i godtgjeringa til stortingsrepresentantane er eit kronetillegg som svarer til det ein arbeidstakar med gjennomsnittslønn fekk året før.

Forslag 4

Stortinget ber presidentskapet fremma forslag om at regjeringsmedlemmer og statsminister får eit tak på godtgjeringa på høvesvis 1,4 og 1,75 gonger stortingsgodtgjeringa.

Forslag 5

Stortinget samtykker i at desse godtgjeringane vert fastsette med verknad frå 1. mai 2023:

  • Stortingsrepresentantar kr 937 320 per år

  • Regjeringsmedlemmer kr 1 312 248 per år

  • Statsminister kr 1 640 310 per år

Forslag 6

Stortinget ber presidentskapet utarbeida forslag til retningslinjer som sikrar at det blir mindre forskjellar mellom det generelle lønnsnivået i Noreg og godtgjeringane for stortingsrepresentantar, regjeringsmedlemmer og statsminister.