Forslag
fra Sosialistisk Venstreparti og Rødt:
          
          
            
              Forslag 1
            
            
              Stortinget ber regjeringa bistå med evakuering
av personar i Gaza som har fått innvilga søknad om familiegjenforeining
til Noreg.
            
           
          
            
              Forslag 2
            
            
              Stortinget ber regjeringa bistå med økonomisk
støtte til evakueringa og reisa frå Gaza til Noreg for personar som
har fått innvilga søknad om familiegjenforeining til Noreg.
            
           
          
            
              Forslag 3
            
            
              Stortinget ber regjeringa utvide familiegjenforeiningsordninga
til også å gjelde besteforeldre, overårige barn og mindreårige barn
i nær familie, til dømes fetter/kusine/nevø/niese som har mist foreldra
sine i den nådelause krigen i Gaza.
            
           
          
            
              Forslag 4
            
            
              Stortinget ber regjeringa gjere unntak i krava
om underhald for familiar som vart etablerte før krigen i Gaza braut
ut, og at det vert gjort unntak for 24-års kravet og kravet om fire
års arbeid eller utdanning i Noreg.
            
           
          
            
              Forslag 5
            
            
              Stortinget ber regjeringa innføre midlertidige
ordningar slik at palestinarar frå Gaza med tilknyting til Noreg
raskt får innvilga innreiseløyve og får assistanse frå norske styresmakter
til å kome til Noreg.
            
           
          
            
              Forslag 6
            
            
              Stortinget ber regjeringa innføre midlertidig
unntak frå inntektskrav i alle familiegjenforeiningssaker som omfattar
palestinarar frå Gaza.