Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om representantforslag om å ta lokalbefolkninga på alvor ved justering av kommunegrenser

Dette dokument

Søk
Til Stortinget

Bakgrunn

I dokumentet blir det fremja følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa syte for at Ona-Husøya og Sandøya blir grensejusterte over til Aukra kommune, i tråd med tilrådinga frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal 6. desember 2024.»

Ein viser til dokumentet for ei nærare utgreiing om forslaga. Dokumenta i saka er tilgjengelege på sakssida på stortinget.no.

Behandlinga i komiteen

Kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng har uttalt seg om forslaget i brev av 28. februar 2025. Brevet er lagt ved denne innstillinga.

Komiteen har invitert til å gi skriftlege høyringsinnspel i saka, og fleire parti har møtt representantar frå den lokale gruppa som har arbeidd for å få til ei grensejustering i mange år. Komiteen har motteke femten skriftlege høyringssvar. Dei skriftlege innspela er saman med dokumenta i saka tilgjengelege på stortinget.no.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Sverre Myrli, Terje Sørvik, Solveig Vestenfor og Agnes Nærland Viljugrein, frå Høgre, Mudassar Kapur og Anne Kristine Linnestad, frå Senterpartiet, Heidi Greni og Kathrine Kleveland, frå Framstegspartiet, Per-Willy Amundsen og Erlend Wiborg, frå Sosialistisk Venstreparti, Birgit Oline Kjerstad, og frå Raudt, Tobias Drevland Lund, viser til forslaget fremja i Representantforslag 86 S (2024–2025) om å ta lokalbefolkninga på alvor ved justering av kommunegrenser.

Komiteen viser til statsråden si vurdering av saka, datert 28. februar 2025.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og Fremskrittspartiet viser til at Kommunal- og distriktsdepartementet i brev 7. februar 2025 vedtok å ikke gjennomføre en grensejustering mellom Ålesund og Aukra kommuner, for øyene Ona-Husøya, Sandøya og Gåsøya. Flertallet viser til at det tilligger departementet ved delegert myndighet å fatte vedtak i saker om justering av grenser mellom kommuner, jf. inndelingslova § 6, første setning, jf. delegeringsvedtak 30. august 2019 nr. 1094.

For tilfellet Ona-Sandøya, Husøya og Gåsøya bemerker flertallet at saken nå har fått en endelig avgjørelse. Flertallet mener derfor spørsmålet om grensejustering nå må legges i bero, slik at innbyggerne på de nevnte øyene gis forutsigbarhet for sin kommunetilhørighet, samtidig som Ålesund kommune gis forutsigbarhet for den videre utviklingen av kommunen og tjenestetilbudet til sine innbyggere.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt viser til representantforslaget. Desse medlemene viser til at 6. oktober 2022 blei det fremja eit innbyggjarinitiativ om grensejustering mellom kommunane Ålesund og Aukra, med forslag om å overføre øyane Ona-Husøya og Sandøya i Ålesund kommune til Aukra kommune. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kom før jul med ei tilråding om grensejustering, slik at øyane Ona-Husøya og Sandøya som har busetjing, blir ein del av Aukra kommune.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet og Raudt viser til at øyane ikkje grensar til resten av Ålesund kommune, men har vesentleg kortare reiseavstand til Aukra kommune. Som fleire av høyringsinnspela viser til, er det opptil fleire timar reiseveg til Ålesund.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til at det er feil at øyene ikke grenser til resten av Ålesund kommune. Øyene grenser til Ålesund kommune ved Finnøya, Harøya, Gåsøya og Seterøya (det som tidligere utgjorde Sandøy kommune sammen med Ona-Husøya og Sandøy).

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt er bekymra for innbyggjarane si reelle moglegheit til deltaking i lokaldemokratiet i Ålesund, og dermed til å kunne vere med og påverke sitt tenestetilbod – dette på grunn av svært lang reiseveg målt i tid. Det vil i praksis vere eit hinder for deltaking i folkevalde organ som kommunestyre og formannskap. Desse medlemene vil også trekke fram at det vil krevje minimalt med administrative og økonomiske ressursar å gjennomføre denne grensejusteringa. Innbyggjarane utgjer under éin promille av innbyggjarane i Ålesund. Det er heller ikkje snakk om at Ålesund mister kraftinntekter eller inntekter frå havbruk.

Desse medlemene viser til høyringsinnspelet til Aukra næringsforum, som vil at Ona og Sandøy blir ein del av Aukra kommune, og at dei er klare til å drive næringsutvikling på øyane. Molde er næraste by, og desse medlemene legg vekt på at innbyggjarane føler ei tilknyting til Romsdal i form av handel, språk, kultur og tradisjonar og nyttar seg av tenester og næringsliv i Aukra og Romsdal. Eit stort fleirtal av innbyggjarane, på 75 pst., har i ei innbyggjarundersøking svart at dei ønskjer å bli ein del av Aukra kommune.

Desse medlemene viser til at naboøya Orten blei grensejustert til Aukra kommune i 2020, og at det den gongen blei vektlagt identitet, tilhøyring og at søkjarane såg Aukra og Molde som sin kvardagsregion.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til at øya Orten ble grensejustert til Aukra kommune i 2020, i forbindelse med utredning av grensejustering av øyene Ona, Sandøya og Orten fra tidligere Sandøy kommune til Aukra kommune. I vedtaksbrevet fra departementet av 2. juli 2018 fremgår det blant annet følgende:

«Etter departementets vurdering er øyane i dag i liten grad knytt til Aukra kommune gjennom det kommunale tenestetilbodet, og i tilvarande stor grad knytt til Sandøy kommune. Med unntak av for Orten er det ikkje synleggjort at grensejusteringa vil føre til forenklingar i tilgangen på kommunale tenester for innbyggarane.»

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt understrekar at dette er snakk om ei grensejustering. Hensikta med grensejusteringa er blant anna at endringa vil føre til kortare reiseveg og demokratisk påverking av tenestetilbodet innbyggjarane nyttar.

Desse medlemene meiner at ei grensejustering av Ona-Husøya og Sandøya i Ålesund kommune til Aukra kommune oppfyller dette. Desse medlemene fremjar derfor følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa syte for at Ona-Husøya og Sandøya blir grensejusterte over til Aukra kommune, i tråd med tilrådinga frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal 6. desember 2024.»

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til Høyres merknader i forbindelse med behandlingen av deling av fylker og Ålesund kommune, jf. Prop. 113 LS (2021–2022) og Dokument 8:29 S (2021–2022). Disse medlemmer mener fortsatt at det er bedre å bruke samfunnets ressurser på omstilling og utvikling enn reverseringer. Disse medlemmer mener videre at regjeringen Støre ikke burde ha gjennomført opprettelse av syv nye fylkeskommuner, deling av Ålesund kommune, eller forsøkt å tvangsoppløse Kristiansand kommune.

Medlemen i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti meiner at regjeringa Solberg si regionreform med tvangssamanslåing av fylke og kommunar førte til store ueinsarta einingar, meir byråkrati og meir sentralisering av makt. Denne medlemen meiner at framtida til tenestetilbodet i utkantane vil vere avhengig av Stortinget sin vilje til å finansiere kommunane og lokalpolitiske val, ikkje mindre grensejusteringar.

Forslag frå mindretal

Forslag frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa syte for at Ona-Husøya og Sandøya blir grensejusterte over til Aukra kommune, i tråd med tilrådinga frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal 6. desember 2024.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremja av medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Dokument 8:86 S (2024–2025) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Geir Inge Lien, Heidi Greni, Jenny Klinge og Kathrine Kleveland om å ta lokalbefolkninga på alvor ved justering av kommunegrenser – vert ikkje vedteke.

Vedlegg

Vedlegg finnes kun i PDF, se merknadsfelt.

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 10. april 2025

Sverre Myrli

Birgit Oline Kjerstad

leiar

ordførar