Forslag frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt,
Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa styrke kommunane sitt ansvar
gjennom krav om kommunale matjordplanar som sikrar at jordressursane
sin kvalitet og produksjonsevne vert oppretthaldne i arealforvaltninga.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa sikre at jordvernomsyn skal
avklarast tidleg og vere overordna i alle samferdselsprosjekt, og
at alternative trasear utan nedbygging av matjord alltid må dokumenterast
og vurderast før planvedtak vert fatta.
Forslag 3
Stortinget ber regjeringa endre dei nasjonale
retningslinjene for samordning av areal og transport, slik at jordvern
får høgaste prioritet i pressområde. Jordlova sine føresegner må
få forrang, og endra retningslinjer skal gjelde for byvekstavtalane.
Forslag frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt
og Miljøpartiet Dei Grøne:
Forslag 4
Stortinget ber regjeringa fremje forslag om
å lovfeste tilgang til varig vern av matjord, og at dyrka mark får eit
langt sterkare lovvern enn i dag, med nasjonal forrang i arealforvaltninga.
Forslag 5
Stortinget ber regjeringa utarbeide og iverksette
ein nasjonal tilbakeføringsplan, i dialog med kommunane, med mål
om at dyrka mark som i dag er avsett til utbyggingsformål, tilbakeførast
til LNF-R (landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområde).
Forslag 6
Stortinget ber regjeringa innføre forbod mot
opsjonsavtalar for kjøp av matjord til framtidig bruksendring til
bustad, industri eller handel, då slike avtalar undergrev lokaldemokratiet
og jordvernet.
Forslag 7
Stortinget ber regjeringa sikre at jordvernomsyn skal
avklarast tidleg og vere overordna i alle samferdselsprosjekt, og
at alternative trasear utan nedbygging av matjord alltid må dokumenterast
og vurderast før planvedtak vert fatta.
Forslag 8
Stortinget ber regjeringa sørge for at årleg
tilbakeføring til LNF-R skal overstige nedbygging.
Forslag 9
Stortinget ber regjeringa sørge for at det vert
nydyrka minst like mykje jord som det vert omdisponert, og at staten
bidreg med økonomiske verkemiddel til drenering, tilbakeføring og
klimatilpassing av jordbruksareal for å redusere klimaskadar.
Forslag 10
Stortinget ber regjeringen sette et mål om at
statlige samferdselsprosjekter og andre statlige utbyggingsformål
ikke skal føre til tap av dyrka mark.
Forslag frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og
Miljøpartiet Dei Grøne:
Forslag 11
Stortinget ber regjeringen legge frem forslag
til endringer i jordlova som gir en vesentlig innstramming av muligheten
for dispensasjoner fra det generelle kravet om at matjord ikke skal
brukes til andre formål enn matproduksjon.
Forslag frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet
Dei Grøne:
Forslag 12
Stortinget ber regjeringen sikre det nasjonale
jordvernet ved å sørge for at dispensasjon fra vernet av matjord
kun kan gis av en nasjonal planmyndighet.