Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Eigil Knutsen, leiaren Tuva Moflag, Tellef Inge
Mørland, Bjørnar Skjæran, Maria Aasen-Svensrud og Rigmor Aasrud, frå
Høgre, Tina Bru, Mahmoud Farahmand, Heidi Nordby Lunde og Helge
Orten, frå Senterpartiet, Emilie Mehl, Ole André Myhrvold og Geir
Pollestad, frå Framstegspartiet, Hans Andreas Limi og Roy Steffensen,
frå Sosialistisk Venstreparti, Andreas Sjalg Unneland, frå Raudt,
Marie Sneve Martinussen, frå Venstre, Sveinung Rotevatn, frå Miljøpartiet
Dei Grøne, Sigrid Zurbuchen Heiberg, og frå Kristeleg Folkeparti,
Kjell Ingolf Ropstad, syner til at Noreg frå 2018 har hatt
eit administrativt samarbeid med EU på meirverdiavgiftsområdet,
med føremål om å betre innkrevjinga av krav og nedkjempe svik knytt
til meirverdiavgifta. Den 2. oktober 2024 vart det underteikna ein
avtale om endring av denne samarbeidsavtalen. Dette vart gjort for
å styrke arbeidet på feltet, blant anna gjennom å inkludere nye
samarbeidsverktøy som til dømes vert nytta i Eurofisc-nettverket. Gjennom
endringsavtalen legg ein til rette for at norske skattestyresmakter
kan delta i ein felles kontroll av ei verksemd i eit anna land på
lik line med EU-statane. Komiteen syner
til at endringsavtalen vil gje eit meir effektivt samarbeid på feltet
og slik bidreg til å sikre meirverdiavgiftsinntekter til staten. Komiteen stiller seg på dette grunnlaget
bak innhaldet i proposisjonen.