Søk

Sammendrag

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2023 til 2024 og overført løyving frå 2024 til 2025. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig. Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2024. Budsjettutviklinga gjennom 2024 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 36 S (2024–2025) Ny saldering av statsbudsjettet 2024.

Det oljekorrigerte budsjettunderskotet vart i nysaldert budsjett anslått til 346,5 mrd. kroner. Det var ein auke på 10,0 mrd. kroner frå budsjettet vart vedteke i desember 2023. Etter dette har underskotet minka med 14,7 mrd. kroner frå nysaldert budsjett til 331,7 mrd. kroner i rekneskapen. Det kjem i hovudsak av høgare skatteinntekter enn anslått, medan samla utgifter vart noko lågare enn venta. Statsrekneskapen vart difor gjord opp med eit overskot på 14,7 mrd. kroner.

For 2024 syner Statens pensjonsfond eit overskot på 777,8 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 792,6 mrd. kroner i 2024.

Rekneskapen og denne meldinga speglar statens ut- og innbetalingar og balanse til og med 31. desember 2024, i tråd med prinsippa for føring av statsrekneskapen, sjå kapittel 4.4 i meldinga.

Kapittel 1 gjer greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg programområda til departementa kvar for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar og garantiar.

Ein viser til meldinga for nærare omtale.