Søk

Sammendrag

Representantskapet skal minst éin gong i året leggje fram for Stortinget ei fråsegn om tilsynet med Noregs Bank.

Rapporten presenterer representantskapet sine avgjerder og det gjennomførte tilsynet med verksemda til Noregs Bank for 2024.

Ansvaret til representantskapet følgjer av sentralbanklova. Representantskapet skal føre tilsyn med drifta i Noregs Bank og med at føresegnene for verksemda blir følgde.

Noregs Bank er delt inn i to verksemdsområde, sentralbankverksemda og forvaltinga av Statens pensjonsfond utland, som har kvar sin daglege leiar. Sentralbanksjefen er òg leiar av hovudstyret og komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet. Representantskapet skal føre tilsyn med at hovudstyret styrer og har kontroll med heile Noregs Bank på ein tilfredsstillande måte, og med at det er etablert gode rutinar for å sikre at verksemda blir utøvd i samsvar med lov, avtalar, vedtak og anna rammeverk på alle område.

Representantskapet har godkjent Noregs Banks årsrekneskap for 2024, som hovudstyret har utarbeidd, og vedtatt Noregs Banks budsjett for 2025 etter forslag frå hovudstyret.

Hovudstyret har hatt god styring av og kontroll med administrasjonen og verksemda i Noregs Bank i 2024. Representantskapet har ikkje avdekt forhold som gir grunnlag for særskilde merknader.

Representantskapet har gått igjennom protokollane til hovudstyret og meiner at dei bør skrivast meir utfyllande. Slik det er no, må representantskapet ta opp viktige saker i møta for å få ei forklaring på konklusjonane og drøftingane til hovudstyret.

For å sikre openheit meiner representantskapet at argument og konklusjonar bør komme tydeleg fram i protokollen.

Hovudstyret rapporterer til representantskapet at risikostyringa og internkontrollen i Noregs Bank er gjennomført på ein tilfredsstillande måte.

  • Risikoeksponeringa i kapitalforvaltinga har gjennom året vore innanfor den definerte risikotoleransen til hovudstyret.

  • Risikoeksponeringa i sentralbankverksemda har gjennom året vore innanfor risikotoleransen til hovudstyret.

  • Styresamansetjinga og kompetansen i styret oppfyller sette krav på ein god måte.

Representantskapet legg vesentleg vekt på korleis hovudstyret følgjer opp og vurderer risikostyring og internkontroll.

Representantskapet tok hovudstyret si vurdering av risikosituasjonen og internkontrollen i Noregs Bank for 2024 til etterretning.