Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2025 under Finansdepartementet og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2025 m.m.)

Til Stortinget

Sammendrag

Regjeringa legg i proposisjonen fram følgjande saker under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet og kap. 1560 Tariffavtalte avsetjingar:

  • 1. Lønsregulering frå 1. mai 2025 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet m.m.

  • 2. Endringar i statsbudsjettet for 2025.

I punkt 2 i proposisjonen vert lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå 1. mai 2025 m.m. omtalt med følgjande tema:

  • Nærare om lønsforhandlingane, med omtale av forhandlingane, den økonomiske ramma og forhandlingsstader.

  • Nærare omtale av den økonomiske profilen i avtalane med Akademikerne og Unio i avtalane med LO Stat og YS Stat.

  • Lønsregulering m.m. for dei embetsmenn og statstilsette som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane.

Dokumenta i saka er tilgjengelege på sakssida på stortinget.no.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Lise Christoffersen, lederen Sverre Myrli, Siri Gåsemyr Staalesen og Terje Sørvik, fra Høyre, Mudassar Kapur og Anne Kristine Linnestad, fra Senterpartiet, Heidi Greni og Kathrine Kleveland, fra Fremskrittspartiet, Per-Willy Amundsen og Erlend Wiborg, fra Sosialistisk Venstreparti, Birgit Oline Kjerstad, og fra Rødt, Tobias Drevland Lund, viser til Prop. 150 S (2024–2025) Endringar i statsbudsjettet 2025 under Finansdepartementet og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2025 m.m.).

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet påpeker at organisasjons- og forhandlingsfrihet er grunnleggende i det norske samfunnet, og det er arbeidsgivers ansvar å ta vare på de uorganiserte. Disse medlemmer påpeker også at staten forhandler med flere parter, og at det derfor er grunnlag for flere tariffavtaler og at staten har rettslig adgang til å ha flere tariffavtaler. Disse medlemmer bemerker at det å pålegge staten å inngå likelydende hovedtariffavtaler vil være å gripe inn i den enkelte organisasjons selvstendige forhandlingsrett og partenes avtalefrihet. Disse medlemmer støtter proposisjonen slik den foreligger.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt respekterer fagorganiserte sin forhandlingsrett og dei inngåtte avtalane presentert i Prop. 150 S (2024–2025), men merkar seg at regjeringa enno ikkje har fylgt opp dei to fleirtalsvedtaka frå Stortinget om å setje ned eit lønsutval med mål om å kome fram til likelydande hovudtariffavtalar i staten. I tillegg er den mellombelse praksisen med at dei uorganiserte fylgjer det største tariffområdet i den enkelte verksemda, vidareført – utan den gjennomgangen Stortinget har bede om. Desse medlemene meiner det er fleire problematiske sider ved dette. For det første er det sterkt kritikkverdig at regjeringa ikkje fylgjer opp Stortinget sine vedtak innan fristen, og for det andre kan noverande praksis føre til ei dramatisk forverring av aukande forskjellar og ulikebehandling av tilsette som elles står i like eller tilsvarande stillingar. Det siste fylgjer som ein konsekvens av den ujamne fordelinga av lønsmasse i dei ulike hovudsamanslutningane og det store lokale handlingsrommet for ulikebehandling som fylgjer av store lokale avsetjingar av lønsmidlar. Desse medlemene viser til at oppmodinga i Prop. 128 S (2021–2022) og i Prop. 119 S (2022–2023) Kommunal- og distriktsdepartementet (no Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet), om «å fylgje med på praktiseringa og utslaga av ein slik modell», i liten grad er blitt fylgt opp av regjeringa. I Rikslønsnemnda i november 2024 gjekk staten langt i å stadfeste at splittinga slik ho har vore praktisert, spesielt dei siste to åra, har ført til ulikebehandling og urimelege lønsforskjellar mellom tilsette med elles like oppgåver – dette berre på grunn av ulike tariffvilkår. Desse medlemene meiner difor staten ikkje utan vidare bør vidareføre den mellombelse ordninga for dei uorganiserte, men aktivt søkje å hindre teknisk skapte lønsforskjellar for personar som eigentleg er tilsette i like eller tilsvarande like stillingar i staten.

Lønnsforhandlingene i det statlige tariffområdet 2025

Komiteen viser til proposisjonens omtale av lønnsforhandlingene i det statlige tariffområdet for 2025. Komiteen viser til omtalen av den økonomiske profilen i avtalene mellom staten og henholdsvis Akademikerne og Unio, YS Stat og LO Stat. Komiteen viser til at avtalene med LO Stat og YS Stat har ulike økonomiske profiler.

Lønnsregulering m.m. for de embetsmenn og statsansatte som ikke blir dekket av hovedtariffavtalene

Komiteen viser til at Stortinget i 2024 vedtok at det avtaleområdet som dekker flest årsverk i den enkelte virksomhet, skulle praktiseres overfor arbeidstakere som ikke er medlemmer av organisasjoner med forhandlingsrett. Komiteen viser til at regjeringen tilrår en slik løsning også for mellomoppgjøret i 2025, jf. forslag til romertallsvedtak VI. Avtalene med LO Stat og YS Stat har ulike økonomiske profiler. Komiteen viser til at regjeringen foreslår at, i de virksomhetene der avtaleområdet til LO Stat og YS Stat er størst, vil den avtalen som dekker flest årsverk i hver enkelt virksomhet, innenfor dette avtaleområdet, praktiseres overfor de uorganiserte.

Komiteen merker seg videre at departementet vil følge med på utslagene av en slik modell. Komiteen viser for øvrig til at de uorganiserte skal, med bakgrunn i lønnspolitikken til de enkelte virksomhetene, sikres lønnsutvikling på lik linje med de organiserte arbeidstakerne, og det er arbeidsgivers ansvar å ta vare på de uorganiserte.

Komiteen viser videre til at embetsmenn og statsansatte i stillinger som er tatt ut av hovedtariffavtalene, får lønns- og arbeidsvilkår administrativt fastsatt i kontrakt, jf. forslag til romertallsvedtak VI.

Endringer på statsbudsjettet for 2025

Kap. 1560 Tariffavtalte avsetningar

Post 71 Opplæring og utvikling av tillitsvalde

Komiteen viser til at det foreslås å øke bevilgningen med 14,7 mill. kroner.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:
I

I statsbudsjettet 2025 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

2315

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

(Ny)

1

Driftsutgifter, blir løyvd med

3 533 000 000

1560

Tariffavtalte avsetningar m.m.

71

Opplæring og utvikling av tillitsvalde, blir auka med

14 700 000

frå kr 233 100 000 til kr 247 800 000

II

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2025 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemer av Akademikerne i samsvar med protokollen av 30. april 2025 mellom staten og Akademikerne, jf. vedlegg 1 i Prop. 150 S (2024–2025).

III

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2025 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemer av Unio i samsvar med protokollane av 30. april 2025 mellom staten og Unio, jf. vedlegg 2 i Prop. 150 S (2024–2025).

IV

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2025 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemer av YS Stat i samsvar med protokollen av 30. april 2025 mellom staten og YS Stat, jf. vedlegg 3 i Prop. 150 S (2024–2025).

V

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2025 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemer av LO Stat i samsvar med Riksmeklarens møtebok 28. mai 2025, jf. vedlegg 4 i Prop. 150 S (2024–2025).

VI

For embetsmenn og statstilsette som ikkje er medlemer av organisasjonar som nemnde i romartal II, III, IV og V, og derfor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette i hovudtariffavtale, skal det bli gjort regulering av lønene i samsvar med det avtaleområdet (romartal II og III, eller IV og V) som dekker flest årsverk i den einskilde verksemda. I dei verksemdene der avtaleområdet til LO Stat og YS Stat er størst, vil den avtalen som dekker flest årsverk i kvar enkelt verksemd, innanfor dette avtaleområdet, praktiserast overfor dei uorganiserte. Embetsmenn og statstilsette som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.

VII

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 12. juni 2025

Sverre Myrli

leder og ordfører