Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innledning

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2024 til 2025 og overført løyving frå 2025 til 2026. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig. Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2025. Budsjettutviklinga gjennom 2025 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 26 S (2025–2026) Ny saldering av statsbudsjettet 2025.

Det oljekorrigerte budsjettunderskotet vart i nysaldert budsjett anslått til 480,2 mrd. kroner, medrekna endringane i stortingshandsaminga. Det var ein auke på 34,4 mrd. kroner frå budsjettet vart vedteken i desember 2024. Etter dette har underskotet minka med 4,5 mrd. kroner frå nysaldert budsjett til 475,7 mrd. kroner i rekneskapen. Utgiftene vart 8,4 mrd. kroner mindre enn budsjettert, medan inntektene vart 3,9 mrd. kroner mindre. Det er særleg utgiftene under forsvar som vart lågare enn budsjettert. På inntektssida vart skattane noko lågare enn venta, medan inntektene under forsvar vart høgare. Statsrekneskapen vart difor gjord opp med eit overskot på 4,5 mrd. kroner.

For 2025 syner Statens pensjonsfond eit overskot på 634,6 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 639,1 mrd. kroner i 2025.

Rekneskapen og denne meldinga speglar statens ut- og innbetalingar og balanse til og med 31. desember 2025, i tråd med prinsippa for føring av statsrekneskapen, sjå kapittel 4.4.

Kapittel 1 gjer greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av fondsmidlar, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg programområda til departementa kvar for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar og garantiar.

Ein viser til meldinga for nærare omtale.

Dokumenta i saka er tilgjengelege på sakssida på stortinget.no.