Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Proposisjonen gjeld samtykke til inngåing av ein ny festeavtale mellom Noreg og Folkerepublikken Kina om tomt for Den kongelege norske ambassaden i Beijing. Noreg har sidan 1967 hatt ein vederlagsfri festeavtale for tomta, og denne blir avslutta i desember 2027. Kinesiske styresmakter har no tilbydd Noreg ein ny festeavtale.
Avtalen har økonomiske konsekvensar for Noreg. Det blir difor bede om Stortinget sitt samtykke til inngåing etter Grunnlova § 26 andre ledd. Stortinget gav i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2025 samtykke til at Utanriksdepartementet kunne inngå ein festeavtale for ambassadeanlegget, men saka blir lagd fram på nytt fordi det ikkje kom tilstrekkeleg klart fram at avtalen vil vere folkerettsleg bindande for Noreg.
Tingingane om avtalen er avslutta. Det blir lagt til grunn at avtalen bør inngåast så snart som mogleg for å sikre stabile og sikre rammer for Noreg si tilstedeværing i Kina, i eit ambassadeanlegg som følgjer norske standardar. Det blir bede om samtykke før avtalen blir underteikna. Avtalen vil tre i kraft ved underteikning.
Sakens dokumenter er tilgjengelige på sakssiden på stortinget.no.