Lagtinget - Lagtingets samantreden onsdag den 1. oktober 2003 kl. 13.20

Dato: 01.10.2003

Sak nr. 1

Referatsaker

Referat

  • (3)

    Stortingets presidentskap melder at de innkalte vararepresentantene Mette Korsrud, Morten Ørsal Johansen, Aud Viken, Leif Christian Johansen og Inger Møll er innvalgt i Lagtinget for den tid de møter for henholdsvis representantene Julie Christiansen, Thore A. Nistad, Reidar Sandal, Ivar Østberg og Elsa Skarbøvik.

     Samr.: Blir lagt ved protokollen.

Val av presidentar og sekretærar

Presidenten: Det skal først veljast president og visepresident.

Når det gjeld val av president og visepresident, følgjer Lagtinget forretningsordenens § 4 femte og sjette ledd, som vart referert under Stortingets konstituering.

Fungerande president ber om framlegg til Lagtingets president.

Per Ove Width (FrP): Jeg foreslår Lodve Solholm.

Presidenten: Lodve Solholm er foreslått vald til Lagtingets president. – Andre framlegg ligg ikkje føre.

Votering:Framlegget frå Per Ove Width vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Presidenten ber så om framlegg til Lagtingets visepresident.

Ingmar Ljones (KrF): Eg gjer framlegg om Odd Holten.

Presidenten: Odd Holten er foreslått som Lagtingets visepresident. – Andre framlegg ligg ikkje føre.

Votering:Framlegget frå Ingmar Ljones vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Det skal så veljast sekretær i Lagtinget, og presidenten ber om framlegg.

Sigbjørn Molvik (SV): Jeg foreslår Ingvild Vaggen Malvik.

Presidenten: Ingvild Vaggen Malvik er foreslått som Lagtingets sekretær. – Andre framlegg ligg ikkje føre.

Votering:Framlegget frå Sigbjørn Molvik vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Det skal så veljast visesekretær, og presidenten ber om framlegg.

Ingmar Ljones (KrF): Eg gjer framlegg om Dagrun Eriksen.

Presidenten: Dagrun Eriksen er foreslått som Lagtingets visesekretær. – Andre framlegg ligg ikkje føre.

Votering:Framlegget frå Ingmar Ljones vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Då er Lagtinget kome til val av første og andre varapresident. Presidenten ber om framlegg til første varapresident.

Per Ove Width (FrP): Jeg foreslår Thore A. Nistad.

Presidenten: Thore A. Nistad er foreslått som første varapresident. – Andre framlegg ligg ikkje føre.

Votering:Framlegget frå Per Ove Width vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Presidenten ber så om framlegg til andre varapresident.

Ingmar Ljones (KrF): Eg gjer framlegg om Elsa Skarbøvik.

Presidenten: Elsa Skarbøvik er foreslått som andre varapresident. – Andre framlegg ligg ikkje føre.

Votering:Framlegget frå Ingmar Ljones vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Lagtinget skal så til slutt velje varasekretær. Presidenten ber om framlegg.

Rune J. Skjælaaen (Sp): Jeg foreslår Åslaug Haga.

Presidenten: Åslaug Haga er foreslått som varasekretær. – Andre framlegg ligg ikkje føre.

Votering:Framlegget frå Rune J. Skjælaaen vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Med dette har Lagtinget konstituert seg, og det vil bli sendt melding til Stortinget og Odelstinget om dette.