Odelstinget - Møte mandag den 5. juni 2000 kl. 13.20

Dato: 05.06.2000

Dokumenter: (Innst. O. nr. 74 (1999-2000), jf. Ot.prp. nr. 32 (1999-2000))

Sak nr. 4

Innstilling fra næringskomiteen om lov om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen

Talere

Votering i sak nr. 4

Rita Tveiten (A) (ordførar for saka): Frå forskarhald vert det hevda at norsk fiskeri- og havbruksnæring har potensial til å auka verdiskapinga frå om lag 30 milliardar kr årleg til 200–250 milliardar kr årleg i eit 30-årsperspektiv. Skal dette verta meir enn eit potensial, må forskingsinnsatsen aukast monaleg.

Noreg har forskingsinstitusjonar som hevdar seg heilt i verdstoppen, og det er desse miljøa som har sikra Noreg tetposisjonen innan oppdrett.

Vår fiskeriforvalting er tufta på forsking innan tradisjonelt fiske, som har svært lange tradisjonar, og her er altså Noreg ein pionernasjon.

Ved handsaminga av St.meld. nr. 51 for 1997-98 uttalte komiteen at

«det må vera ein målsetnad at Norge skal vera verdas fremste fiskerinasjon, der me ligg fremst i utvikling av (…) fangstteknologi, havbruk og industriell utvikling».

Vidare vart marin forsking peika ut som eit satsingsområde i St.meld. nr. 39 for 1998-99, Forskning ved et tidsskille. Men resultata kjem ikkje av seg sjølve, og det kostar pengar å få fram gode forskingsresultat.

Til no har fiskeri- og havbruksnæringa sitt samla engasjement innan forsking og utvikling vore heller smålåte, sjølv om det finst heiderlege unnatak. Det er difor gledeleg at det er ei samla næring som sluttar heilhjarta opp om ei eiga forskings- og utviklingsavgift av generisk karakter. Denne avgifta skal ikkje erstatta verken den offentlege eller den næringsbaserte innsatsen på området, og komiteen rår til at staten yter eit tilsvarande beløp til ordninga som den avgifta gjer seg til.

Det er grunn til å minna om at midlane som vert kravde inn gjennom FoU-avgifta, vil vera offentlege midlar i samsvar med internasjonalt statsstøtteregelverk, m.a. EU sitt regelverk. Det gjer at midlane ikkje kan nyttast som næringa sine private eigendelar i brukarstyrte prosjekt, der resultata berre kjem den enkelte deltakar til gode. Komiteen legg vekt på at ordninga ikkje skal koma i konflikt med internasjonalt regelverk og dermed gje grunnlag for handelsrestriksjonar mot norsk eksport av sjømat.

Det er viktig at denne ordninga vert breitt forankra i næringa og dei sentrale næringsorganisasjonane når styret skal setjast saman. Ordninga krev semje om kva forskingsoppgåver som skal prioriterast, og det veit næringa best sjølv.

Det bør ikkje vera vanskeleg å finna aktuelle forskingsoppgåver, men det kan verta utfordrande å prioritera i kva rekkjefølgje dei skal koma. Eg kjenner meg trygg på at norsk fiskerinæring er budd på å ta denne utfordringa. No trengst det retning og tempo. 200–250 milliardar kr i verdiskaping frå marin sektor i løpet av 30 år kjem ikkje av seg sjølv. Det veit næringsutøvarane best av alle.

Målet må vera at me får framifrå forsking for pengane, utan omsyn til kven som leverer denne. Då må styret kanalisera avgiftsmidlane gjennom etablerte system som Noregs forskingsråd og Statens nærings- og distriktsutviklingsfond. På den måten kan det verta nødvendig tyngde i prosjekta, noko som kan gje oss dei resultata næringa treng for å møta dei utfordringane som me veit er der, og dei som vil koma i åra frametter.

Komiteen har delt seg i synet på kva nivå avgifta skal ha og korleis ho skal krevjast inn. Fleirtalet meiner at avgifta skal vera på 3 promille av eksportverdien, medan mindretalet, Framstegspartiet og Høgre, meiner at avgifta skal vera på 2 promille.

Komiteen har òg delt seg i synet på innkrevjingsmodell, der fleirtalet støttar departementet sitt framlegg om å leggja alternativ A til grunn, ved å krevja avgifta frå eksportleddet, medan Høgre og Framstegspartiet har gått inn for alternativ B i proposisjonen.

Komiteen sluttar seg elles til framlegga frå departementet.

Terje Knudsen (Frp): Jeg vil bare ta opp mindretallsforslaget fra Fremskrittspartiet og Høyre, slik det er inntatt i innstillingen.

Presidenten: Terje Knudsen har tatt opp det forslaget han refererte til.

Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 4.

(Votering, se side 481)

Votering i sak nr. 4

Presidenten: Under debatten har Terje Knudsen satt fram et forslag på vegne av Fremskrittspartiet og Høyre.

Komiteen hadde innstillet til Odelstinget til å gjøre følgende vedtak til

lov

om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen

1 Formål

Formålet med loven er å styrke finansieringen av forskning og utvikling (FoU), for å legge til rette for økt verdiskaping, miljøtilpasning, omstilling og nyskaping i fiskeri- og havbruksnæringen.

2 Avgift

Departementet kan gi forskrift om at den som eksporterer fisk og fiskevarer eller andre marine ressurser, samt varer hvor marine ressurser utgjør en vesentlig del, skal betale en avgift beregnet av verdien ved eksport.

Departementet gir nærmere bestemmelser om avgiften, herunder om plikten til å svare avgift, størrelsen på avgiften, beregning av avgiften, innkreving av avgiften og anvendelse av avgiftsmidlene.

Skyldig avgift er tvangsgrunnlag for utlegg.

3 Styret

Avgiftsmidlene forvaltes av et styre oppnevnt av departementet. Styret skal utføre de oppgaver som er fastsatt i eller i medhold av loven.

Beslutninger fattet av styret må være enstemmige. Dersom slik enstemmighet ikke oppnås, skal saken legges frem for departementet til endelig avgjørelse.

Utgifter til forvaltning og administrasjon av ordningen dekkes av avgiftsmidlene.

4 Opplysningsplikt

Den som eksporterer varer som omfattes av loven plikter å gi de opplysninger som er nødvendige for at forvaltningen skal kunne utføre sine oppgaver etter loven.

5 Forskrifter

Departementet kan gi nærmere forskrifter til utfylling og gjennomføring av loven, herunder bestemmelser om saksbehandling, opplysningsplikt og om styret.

6 Ikrafttredelse

Loven trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer.

Presidenten: Til §§ 2 og 4 foreligger et avvikende forslag fra Fremskrittspartiet og Høyre. Forslaget lyder:

Ǥ 2 Avgift skal lyde:

Departementet kan fastsette forskrift om at det skal betales en avgift av omsetningsverdien ved førstehåndsomsetning og av verdien av eksport av fisk og fiskevarer eller andre marine ressurser, samt varer hvor marine ressurser utgjør en vesentlig del.

Departementet gir nærmere bestemmelser om avgiften, herunder plikten til å svare avgift, størrelsen på avgiften, beregning av avgiften, innkreving av avgiften og anvendelse av avgiftsmidlene. Departementet kan fastsette ulik avgiftssats på førstehånds- og eksportleddet.

Skyldig avgift er tvangsgrunnlag for utlegg.

§ 4 Opplysningsplikt skal lyde:

Aktører i førstehåndsomsetningen og eksportører av avgiftsbelagte produkter, plikter å gi de opplysninger som er nødvendige for at forvaltningen skal kunne utføre sine oppgaver etter loven.»

Det voteres først alternativt mellom innstillingens §§ 2 og 4 og forslaget fra Fremskrittspartiet og Høyre, deretter over innstillingens §§ 1, 3, 5 og 6.

Votering:
  • 1. Ved alternativ votering mellom komiteens innstilling til §§ 2 og 4 og forslaget fra Fremskrittspartiet og Høyre bifaltes innstillingen med 46 mot 22 stemmer.

(Voteringsutskrift kl. 18.37.03)
  • 2. Komiteens innstilling til §§ 1, 3, 5 og 6 bifaltes enstemmig.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes enstemmig.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.