Presidenten: Ingen har bedt om ordet.
(Votering, se side 658)
Votering i sak nr. 15
Komiteen hadde innstillet til Odelstinget å gjøre
slikt vedtak til
lov
om plantehelse
1 (Definisjonar)
I denne lova meiner ein med:
a) Planter og
plantedeler: Planter og levande plantedelar, medrekna
frø.
b) Smitteberande emne: Planter
og levande plantedelar, medrekna frø, dessutan
tømmer, trevyrke, dyrkningsmedia og andre emne eller gjenstander
som kan føre med seg smitte av planteskadegjerarar.
c) Planteskadegjerar: Organisme,
virus, viroid eller anna patogen agens som kan valde skade på planter
og plantedeler eller vekstvilkåra deira.
2 (Tiltak)
Departementet fastset kva slags planteskadegjerarar som
til kvar tid skal gå inn under denne lova, og kan påby
naudsynlege tiltak for å motverke og hindre spreiing av
slike. Departementet kan m.a. med dette føremål:
a) gje føresegner om at den
som produserer, innfører, utfører eller
omset planter og og andre smitteberande emne skal vere
registrert i eit offisielt register, føre dei bøkene
som departementet finn naudsynt, og fastsetje nærare vilkår
for slik registrering.
b) gje føresegner om plantehelsesertifikat eller
anna dokument om plantehelse. Departementet eller den tilsynsmakt
det gjev vedtak om, kan gje juridiske personar rett til å utferde
slikt dokument som blir kravt ved utførsel eller omsetning.
c) forby innførsel og utførsel av planteskadegjerarar,
visse planter og andre smitteberande emne.
d) forby såing, planting, avhending, sending av
planter og andre smitteberande emne.
e) gje føresegner om kontroll med produksjon og
omsetning av planter og andre smitteberande emne.
f) gje føresegner om øydeleggjing eller
særskild behandling av planter og andre smitteberande
emne.
g) gje føresegner om isolering og særskild
bruk av jordstykke. Offentlege pålegg med tidslengd på fem år
eller meir, gjeve med heimel i slike føresegner,
skal tinglysast.
h) gje føresegner om kontroll med innførsel
og utførsel av planter og andre smitteberande
emne, her medrekna å fastsetje tider, stader og vilkår
for innførsel og utførsel.
i) gje føresegner om internkontroll og internkontrollsystem
for å sikre at føresegner gjevne i eller i medhald
av denne lova blir følgde.
Departementet eller den tilsynsmakt det gjev
vedtak om kan i særlege tilfelle gjere unntak
frå, forbod eller påbod med heimel i denne paragrafen.
Ved unntak skal departementet setje dei nærare
reglar og vilkår som er naudsynlege.
§ 3 (Opplysningsplikt)
Eigar eller brukar av fast eigedom, som har
kjennskap til eller mistanke om at det på eigedomen
finst planteskadegjerarar som lova gjeld for, har plikt til straks å melde frå om
det til Statens landbrukstilsyn (Landbrukstilsynet), fylkesmannen
eller kommunen.
Om melding blir gjeve til fylkesmannen eller
kommunen, skal meldinga utan opphald gjevast vidare til
Landbrukstilsynet.
Er det mogleg, skal det sendast med ei prøve
til gransking.
Den som eig eller overdreg fast eigedom, pliktar
ved sal, bortpaktning eller bortleige å opplyse den andre
parten før avtale vert gjort om offentlege pålegg
etter § 2 bokstav g.
§ 4 (Tilsyn)
Departementet fastset kven som skal føre
tilsynet med denne lova og dei føresegner som er gjevne
med heimel i lova. Tilsynet kan krevje framlagt alle naudsynlege
opplysningar, og skal ha uhindra tilgjenge til fast eigedom, gartneri,
lagerrom, utsal, maskinar, reiskapar, transportmiddel
og emballasje og til andre stader eller innretningar i
virksomheten.
Tilsynet har rett til utan vederlag å ta
ut prøver til gransking, og kan gje påbod om mellombels
rådgjerder som det meiner er naudsynleg å setje
i verk straks for å hindre vidare spreiing.
Departementet fastset om dei tiltak som vert
påbodne etter denne lova skal utførast
av vedkomande eigar eller brukar eller av andre som vert godkjende
til det.
§ 5 (Når
påbod ikkje vert etterkome)
Forsømer eigar eller brukar å etterkome
påbod gjevne etter denne lova, kan departementet etter
særskilt varsel få arbeidet utført
for hans rekning. Kravet om refusjon for utgiftene er tvangsgrunnlag
for utlegg.
§ 6 (Melding)
Melding om dei forbod og påbod som
vert gjevne etter § 2 til eigar eller brukar av eigedom,
skal sendast i rekommandert brev til dei personar vedtaket vedkjem
dersom ikkje føremålet med vedtaket tilseier at
melding vert gjeven på annan måte. Der det er
vanskeleg å gje meldinga rekommandert, kan denne
lysast ut i lokalblad og ved oppslag på høvelege
stader i vedkomande distrikt.
§ 7 (Kontrollavgift)
Til å dekkje utgifter til kontroll
med produksjon, omsetning, innførsel og utførsel
av planter og andre smitteberande emne etter denne lova, kan departementet
påleggje vedkommande produsent, handlande, importør
eller eksportør å betale avgift eller gebyr. Departementet
kan òg påleggje gebyr ved import av brukte landbruksmaskinar
for å dekke utgifter til kontroll med at maskinen
er fri for smitte. Avgifta eller gebyret kan fastsetjast i form
av takstar ved registrering eller for det einskilde kontrolltiltaket,
og/eller på grunnlag av areal, mengd, vekt eller verdi
av dei varene som blir produserte, omsette, innførde
eller utførde.
For utferding av sertifikat og anna dokument
om plantehelse, kan det fastsetjast eit gebyr som vert å betale
av den handlande eller eksportøren.
Departementet gjev nærare reglar om
utrekning av avgiftene og gebyra og om oppkrevjing og innbetaling
og om at det skal betalast rente av avgift og gebyr som
ikkje er innbetalt i rett tid.
Avgiftene og gebyra er tvangsgrunnlag for utlegg.
§ 8 (Straff)
Den som bryt denne lova eller dei føresegnene
som er gjevne eller som vert haldne ved lag med heimel
i denne lova, vert straffa med bøter dersom strengare
straff ikkje er føreskriven etter den vanlege borgarlege
straffelova.
§ 9 (Tilbaketrekkjing
av registrering)
Ved grove eller gjentekne brot på føresegner
gjevne i eller i medhald av denne lova, kan departementet
trekkje attende registrering gjeven i medhald av § 2 bokstav
a. Departementet kan fastsetje at slik attendetrekkjing
medfører forbod mot innførsel, utførsel,
produksjon eller omsetning av planter og anna smitteberande
emne.
§ 10 (Tvangsmulkt)
For å sikre at pålegg gjeve
i eller i medhald av lova blir følgt opp, kan den som har
gjeve pålegget ileggje tvangsmulkt. Tvangsmulkta byrjar å løpe
dersom den ansvarlege ikkje gjennomfører pålegget
innan ein frist som er sett for gjennomføringa
av pålegget, og vil løpe så lenge
det ulovlege forholdet varer.
Tvangsmulkta er tvangsgrunnlag for utlegg.
Departementet kan fråfalle krav på påløpt
tvangsmulkt.
§ 11 (Endring
i andre lover)
I lov 4. desember 1970 nr. 82 om såvarer,
skal ny § 5a lyde:
Ved forhold i strid med
bestemmelser gitt i eller i medhold av denne lov, eller vedtak gjort
i medhold av denne lov, kan departementet eller den det bemyndiger
gi pålegg om tiltak for å rette det ulovlige forholdet innen en
nærmere fastsatt frist.
For å sikre at pålegg
etter første ledd blir gjennomført, kan den som har gitt pålegget
ilegge tvangsmulkt. Tvangsmulkten begynner å løpe dersom den ansvarlige
ikke gjennomfører pålegget innen den frist som er fastsatt, og løper
så lenge det ulovlige forhold varer.
Tvangsmulkten er tvangsgrunnlag
for utlegg. Departementet kan frafalle krav på påløpt tvangsmulkt.
§ 12 (Ikraftsetjing.
Overgangsordningar)
Denne lov tek til å gjelde straks.
Samstundes held lov frå 14. mars 1964 nr. 1 om tiltak mot
plantesjukdommar og skadedyr på planter opp med å gjelde.
Føresegner gjevne etter den nemnde
lova gjeld framleis til dei held opp med å gjelde eller
vert endra etter den nye lova.
Votering:
Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.Presidenten: Det voteres over lovens overskrift
og loven i sin helhet.
Votering:
Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes enstemmig.Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.