Odelstinget - Sammentreden tirsdag den 9. oktober 2001 kl. 13.50

Dato: 09.10.2001

Formalia

År 2001 tirsdag den 9. oktober kl. 13.50 trådte Odelstinget sammen.

Første representant for Aust-Agder fylke, Jan Olav Olsen, tok ordet og uttalte:

Jeg vil anmode det forrige odelstings visepresident, Jorunn Ringstad, om midlertidig å lede Odelstingets forhandlinger.

Jorunn Ringstad (Sp) (frå salen): Dersom ingen har noko å innvende, vil eg etterkome oppmodinga.

Jorunn Ringstad inntok så presidentplassen.

Presidenten: Presidenten vil då be om at sekretæren for det førre odelstinget, Anita Apelthun Sæle, mellombels fungerer som sekretær.

Val av presidentar og sekretærar

Presidenten: Odelstinget skal velje presidentar og sekretærar. Ifølgje vanleg praksis skal val av president og visepresident skje ved skriftleg votering. Vi følgjer forretningsordenens § 4 femte og sjette ledd, som vart referert under Stortingets konstituering.

Presidenten vil be om framlegg til Odeltingets president.

Kristin Halvorsen (SV): Jeg har den glede å foreslå Ågot Valle.

Presidenten: Ågot Valle er føreslått vald til Odelstingets president. Andre framlegg ligg ikkje føre. Det blir skriftleg votering.

Valet hadde dette resultatet:

Til president vart vald Ågot Valle med 117 røyster. 6 røystesetlar var blanke.

Presidenten: Presidenten ber om framlegg til visepresident i Odelstinget.

Hill-Marta Solberg (A): Jeg har gleden av å foreslå Berit Brørby.

Presidenten: Berit Brørby er føreslått vald til Odelstingets visepresident. Andre framlegg ligg ikkje føre. Det blir skriftleg votering.

Valet hadde dette resultatet:

Til visepresident vart vald Berit Brørby med 120 røyster. 3 røystesetlar var blanke.

Presidenten: Det skal så veljast sekretær. Presidenten ber om framlegg.

Hill-Marta Solberg (A): Jeg tillater meg å foreslå Sigvald Oppebøen Hansen.

Presidenten: Sigvald Oppebøen Hansen er føreslått som Odelstingets sekretær. Andre framlegg ligg ikkje føre. Det blir votert på vanleg måte.

Votering:Framlegget frå Hill-Marta Solberg vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Det skal no veljast visesekretær. Presidenten ber om framlegg.

Jan Petersen (H): Jeg tillater meg å foreslå Finn Martin Vallersnes.

Presidenten: Finn Martin Vallersnes er føreslått som Odelstingets visesekretær. Andre framlegg ligg ikkje føre. Det blir votert på vanleg måte.

Votering:Framlegget frå Jan Petersen vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Då er Odelstinget kome til val av første og andre varapresident. Presidenten ber om framlegg til første varapresident.

Kristin Halvorsen (SV): Jeg har den glede å foreslå Geir-Ketil Hansen.

Presidenten: Geir-Ketil Hansen er føreslått som første varapresident. Andre framlegg ligg ikkje føre. Det blir votert på vanleg måte.

Votering:Framlegget frå Kristin Halvorsen vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Presidenten ber om framlegg til andre varapresident.

Hill-Marta Solberg (A): Jeg tillater meg å foreslå Asmund Kristoffersen.

Presidenten: Asmund Kristoffersen er føreslått som andre varapresident. Andre framlegg ligg ikkje føre. Det blir votert på vanleg måte.

Votering:Framlegget frå Hill-Marta Solberg vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Odelstinget skal til slutt velje varasekretær. Presidenten ber om framlegg.

Carl I. Hagen (Frp): Jeg tillater meg å foreslå Ursula Evje.

Presidenten: Usula Evje er føreslått som varasekretær. Andre framlegg ligg ikkje føre. Det blir votert på vanleg måte.

Votering:Framlegget frå Carl I. Hagen vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Med dette har Odelstinget konstituert seg, og det vil bli sendt melding om dette til Stortinget og Lagtinget.