Odelstinget - Møte torsdag den 18. november 2004 kl. 13.07

Dato: 18.11.2004

Dokumenter: (Innst. O. nr. 6 (2004-2005), jf. Ot.prp. nr. 83 (2003-2004))

Sak nr. 3

Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om lov om oppheving av lov 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd

Talere

Votering i sak nr. 3

Presidenten: Etter ønske frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen vil presidenten foreslå at taletida blir avgrensa til 5 minutt til kvar gruppe og 5 minutt til statsråden.

Vidare vil presidenten foreslå at det blir gjeve høve til tre replikkar med svar etter innlegg frå medlemer av Regjeringa innafor den fordelte taletida.

Vidare vil presidenten foreslå at dei som måtte teikne seg på talarlista utover den fordelte taletida, får ei taletid på inntil 3 minutt.

– Dette vert sett som vedteke.

Eli Sollied Øveraas (Sp) [18:11:55] (ordførar for saka):Først må eg få lov til å rette opp ein inkurie som er kommen inn i innstillinga. På side 3, første spalte, i avsnittet som startar med «Komiteens flertall», står det i tredje linje «begge målføre». Det skal rettast til «begge målformer».

Då Stortinget handsama St.meld. nr. 9 for 2001-2002, Målbruk i offentleg teneste, vart det uttrykt støtte til at Norsk språkråd i si noverande form vart nedlagt. Stortinget stilte seg òg positivt til at ein ny språkorganisasjon trong funksjonelle og organisatoriske endringar.

Stortinget har jamleg vorte orientert om prosessen. Dette vart seinast drøfta under handsaminga av kulturmeldinga og i budsjettproposisjonen for 2005, som også omtalar saka.

Bakgrunnen for denne proposisjonen er at det trengst eit vedtak i Odelstinget for å oppheve lova om Norsk språkråd, og ein samrøystes komite støttar dette. Proposisjonen gir ein grundig omtale av omdanningsprosessen og drøftar òg spørsmålet om om den nye språkinstitusjonen treng å heimlast i lov.

Når det gjeld omdanningsprosessen, har departementet oppnemnt eit interimsstyre på sju medlemmer som har fått fastsett eit mandat av departementet.

Det skal byggjast gode kontaktar til alle delar av det norske språksamfunnet. Dette krev ein open prosess, med brei deltaking frå mange aktørar. Interimsstyret skal utarbeide eit strategidokument for den nye institusjonen. Dokumentet skal i første rekkje ha som funksjon å leggje opp til handlingsretta prioriteringar. Målet er at den nye institusjonen skal bli eit mest mogleg fleksibelt instrument, som raskt kan tilpasse seg nye utfordringar og prioriteringar.

Føresetnadene for å få ein funksjonell språkinstitusjon er at interimsstyret får høve til å arbeide i om lag eit år. Komiteen støttar departementet sitt syn på at det ikkje bør takast endeleg standpunkt til korleis den nye institusjonen skal fungere, før interimsstyret har komme eit godt stykke med det arbeidet dei er sette til å gjere. Sjølv om interimsstyret si funksjonstid er tenkt å vare om lag eit år, vert likevel den nye institusjonen føreslått etablert frå 1. januar 2005. Komiteen støttar dette, men deler seg i synet på både behovet for lovheimling av den nye språkinstitusjonen og behovet for at Stortinget skal drøfte korleis den nye modellen endeleg vert utforma og skal verke.

Mindretalet, Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet, viser til at Norsk språkråd i si tid vart oppretta ved eiga lov, og meiner at den nye institusjonen også bør forankrast i lov. Departementet avviser ikkje dette i proposisjonen, men hevdar at det ikkje er formålstenleg å gjere ei endeleg vurdering av dette no. I proposisjonen vert det vist til at spørsmålet om alternativ lovgiving i ei eller anna form kan vurderast som eit ledd i den vidare omdanningsprosessen eller seinare.

For Senterpartiet er det viktig å peike på at lova om Norsk språkråd seier at det skal vernast om «den kulturarv som norsk skriftspråk og talespråk representerer». I lova vert ei rekkje tiltak omtala. I stikkordsform vil eg nemne tiltak som kan auke kunnskapen om norsk språk, råd til styresmaktene som gjeld språkbruk i skulen og i NRK, og råd og rettleiing til allmenta.

Det norske språket er under sterkt press. Det engelske språket et seg meir og meir inn i det norske språket. Senterpartiet meiner det er viktig at også den nye institusjonen gjennom lovheimling står sterkare i det å ta vare på viktige språkpolitiske omsyn. Sjølv om departementet i denne omgangen seier nei til dette, håpar eg at det i dei vidare vurderingane vil verte konkludert i tråd med mindretalet sitt forslag.

Eg oppmodar Odelstinget til å støtte innstillinga. Samtidig set eg fram forslaga nr. 1 og nr. 2.

Presidenten: Representanten Eli Sollied Øveraas har teke opp dei forslaga ho refererte til.

Magnar Lund Bergo (SV) [18:17:02]: Vi slutter oss til saksordførerens innlegg. Vi har ingen merknader utover det, men vil fremme det forslaget vi selv har i innstillingen.

Presidenten: Representanten Magnar Lund Bergo har teke opp det forslaget han refererte til.

Ola T. Lånke (KrF) [18:17:31]: Etter saksordførerens innlegg er det kanskje ikke behov for så mange tilføyelser. Men selve saken er viktig – å komme videre med strategiarbeid når det gjelder styrking av norsk språk.

Som en konsekvens av at det opprettes et nytt kompetansesenter for norsk språk, foreslår Regjeringen at Norsk språkråd nedlegges. Gjennom behandlingen av kulturmeldingen har Stortinget stadfestet sin støtte til opprettelsen av et slikt kompetansesenter.

Den nye institusjonen skal i utgangspunktet drive et mer utadrettet arbeid og legge stor vekt på holdningsskapende arbeid. I prosjektskissen som er utarbeidet fra departementet, går det fram at institusjonen må ha en videre samfunnsmessig forankring enn det en kan oppnå gjennom fast rådsrepresentasjon med formelle avgjørelser. Referansegrupper, seminarer og e-postfora er nevnt som hensiktsmessige kommunikasjonsformer i det videre språkpolitiske arbeidet.

Fra Kristelig Folkepartis side er vi svært positive til opprettelsen av et slikt kompetansesenter for norsk språk og mener dette vil styrke det språkpolitiske arbeid. To partier ønsker en ny lovhjemmel for å etablere den nye institusjonen fra 1. januar 2005. Kristelig Folkeparti ser ikke noe behov for dette på det nåværende tidspunkt, men mener at dette kan vurderes som et ledd i den videre omorganiseringsprosessen. Det kan være viktig å avvente nærmere vurdering av de innkomne høringsuttalelsene.

Det oppnevnte interimsstyret bør dessuten få anledning til å behandle alle sider ved omorganiseringen før det blir tatt endelig stilling til om den nye institusjonen trenger en slik hjemmel. Det er naturlig at dette inngår i strategiarbeidet som interimsstyret har ansvaret for.

Kristelig Folkeparti vil understreke nødvendigheten av å finne gode strategier for å bevare og videreutvikle norsk språk. Jeg vil understreke at det må gjelde begge skriftspråkene, både bokmål og nynorsk. I dag er begge våre nasjonale språk på hver sin måte under et sterkt press, som også saksordføreren understreket. Opprettelsen av det nye senteret tror vi vil kunne ha stor betydning i denne sammenheng, og det er viktig at det også – og det er det grunn til å understreke – får de ressurser som er nødvendige, slik at man kan lykkes i dette arbeidet.

I kulturmeldingen peker Regjeringen på at det også bør bli et tett samarbeid og en god arbeidsdeling mellom det nye kompetansesenteret for norsk språk, kompetansesenteret for nynorsk mediespråk og Nynorsk kultursentrum.

Stiftelsen Nynorsk kultursentrum eier og driver Ivar Aasen-tunet og gjennomfører et bredt kulturprogram året rundt, med høydepunktet ved Dei Nynorske Festspela. Mediesenteret i Førde driver på sin side bl.a. utadrettet kursvirksomhet i nynorsk og mediekunnskap.

Kristelig Folkeparti vil understerke at offentlig kulturpolitikk bør stimulere til samarbeid mellom ulike språkinstitusjoner og dra veksler på den samlede kompetansen disse forvalter. Det vil også styrke muligheten til å demme opp for det stadig økende presset fra andre språk.

Asmund Kristoffersen hadde her overtatt presidentplassen.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland [18:21:15]: Den proposisjonen som Odelstinget handsamar i dag, er eit ledd i eit arbeid med å leggja til rette for ein ny og meir offensiv språkpolitikk. Rundt tusenårsskiftet har det komme eit språkleg klimaskifte i dei fleste europeiske land. Den store utfordringa er å leggja ein strategi for å tryggja dei ulike morsmåla som fullgode samfunnsspråk òg i framtida.

Norsk språkråd var ei frukt av si tid, ein spesiell konstruksjon som sprang ut av den særnorske språksituasjonen slik han hadde utvikla seg i tiåra etter krigen. Dette var ein vellykka konstruksjon. Norsk språkråd har i stor grad oppfylt den historiske misjonen sin. No trengst det eit nytt instrument, som både organisatorisk og funksjonelt er tilpassa ei ny tid.

Departementet har lagt opp til ei institusjonell omdanning i fleire trinn. Etter kvart er prosessen så langt kommen at det er naturleg å etablera den nye institusjonen frå 1. januar 2005. Føresetnaden er at noverande lov om Norsk språkråd blir oppheva. Eg er glad for at ein samrøystes komite støttar dette forslaget.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet foreslår at Regjeringa skal fremma forslag om korleis den nye institusjonen kan heimlast i lov. SV foreslår at Regjeringa snarast kjem tilbake til Stortinget med eit lovframlegg.

Eg vil ikkje avvisa ei mogleg lovforankring, men ynskjer ikkje å binda meg i dette spørsmålet. Nyleg har interimsstyret oppnemnt ei arbeidsgruppe til å utgreia utfordringar, mål og strategiar i den norske språkpolitikken. Utgreiinga skal vera klar til 1. september 2005. Det er naturleg at lovspørsmålet også blir vurdert i lys av det utgreiingsarbeidet som her skal gjerast.

Også spørsmålet om minoritetsspråk og andre språk utanom norsk vil det vera naturleg å komma tilbake til seinare.

Det skal elles arbeidast vidare med spørsmålet om korleis den nye institusjonen skal organiserast og styrast på permanent basis. Intensjonen min er sjølvsagt å komma tilbake til Stortinget med dette spørsmålet, mest truleg ein gong på hausten 2005. Funksjonstida for interimsstyret varer til ei permanent styringsordning er på plass. Framlegg nr. 1, frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet, ser eg difor som ganske unødvendig.

Lat meg igjen streka under at omdanninga av Norsk språkråd skjer gradvis. Vi har ynskt å trekkja mange med i prosessen. Vi greier ut og vurderer relevante spørsmål undervegs, og gjennomføringa skjer etter kvart som dei ulike brikkene fell på plass. Det er ein naturleg konsekvens av dette at departementet ikkje har trekt alle konklusjonar på førehand.

Eg kan likevel forsikra Framstegspartiet om at det ikkje manglar på arbeidsoppgåver å gripa fatt i for den nye institusjonen. Problemet blir nok å prioritera.

Det må elles understrekast at Norsk språkråd under heile omdanningsprosessen har vore i full aktivitet med å skjøtta både gamle og nye arbeidsoppgåver. Den nye institusjonen som formelt blir etablert ved årsskiftet, vil føra dette arbeidet vidare og vil dermed vera fullt operativ frå fyrste dag.

Ein ny språkpolitikk og ein ny institusjon inneber heller ikkje at meir tradisjonelle språkpolitiske spørsmål blir uaktuelle. Difor vil eg avslutningsvis minna om at det å tryggja det norske språket for framtida sjølvsagt også må omfatta eit aktivt arbeid for å støtta nynorsk språk og kultur.

Eg kan såleis fullt ut slutta meg til merknaden frå komitefleirtalet, alle unnateke Framstegspartiet, om kor viktig det er at begge målformer blir mykje brukte, ikkje minst i radio og fjernsyn og i alle offentlege etatar.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.

(Votering, se side 79)

Votering i sak nr. 3

Presidenten: Under debatten er det satt fram tre forslag. Det er

  • forslagene nr. 1 og 2, fra Eli Sollied Øveraas på vegne av Arbeiderpartiet og Senterpartiet

  • forslag nr. 3, fra Magnar Lund Bergo på vegne av Sosialistisk Venstreparti

Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber Regjeringa komme tilbake til Stortinget med ei eiga sak med forslag til endeleg organisering av den nye språkinstitusjonen så snart funksjonsperioden til det oppretta interimsstyret er avslutta.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber Regjeringa fremme forslag om korleis den nye språkinstitusjonen kan hjemlast i lov.»

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber Regjeringen snarest komme tilbake til Stortinget med forslag til lov som sikrer og ivaretar viktige språkpolitiske mål.»

Disse forslagene blir i samsvar med forretningsordenens § 30 fjerde ledd å sende Stortinget.

Komiteen hadde innstillet til Odelstinget å gjøre slikt vedtak til

lov

om oppheving av lov 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd

I

Lov 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd blir oppheva.

II

Lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes enstemmig.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.